Hyllestad kommune sjølvmeldingstilsyn med akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus 2014
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen av 11.11.2014.
Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.
Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.
Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at kommunen opplyser at dei alltid svarar på testoppkall og reelle hendingar på helseradioen. Dette stemmer ikkje med våre opplysningar. I oversikt frå Helse Førde har vi dokumentasjon på at Hyllestad har fleire avvik når det gjeld både reelle hendingar og testoppkall. Kommunen skriv at avvik vert kjent for leiar og følgt opp for å betre rutinar og samhandling med føretaket.
Vi ber om at kommunen innan 20.06.2015 sender oss ein rapport om korleis avvika er retta og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Hyllestad kommune.
Ny akuttmedisinforskrift trådde i kraft 1. mai 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.
Med helsing
Per Stensland
fylkeslege
Kristine Brix Longfellow
ass. fylkeslege
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til:
Statens helsetilsyn