Lærdal kommune sjølvmeldingstilsyn med akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus 2014
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til sjølvmeldingstilsyn og elektronisk svarskjema frå kommunen, motteke her 03.11.2014.
Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.
Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.
Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har Fylkesmannen vurdert at vi vil avslutte tilsynet utan vidare oppfølging.
Ny akuttmedisinforskrift trer i kraft 1. mai 2015 . Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.
23.04.2015
Med helsing
Per Stensland
fylkeslege
Kristine Brix Longfellow
ass. fylkeslege
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til:
Statens helsetilsyn