Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Tilsynet er gjennomført som eit dokumenttilsyn  og omfatta følgjande  område:

Innhenting og handtering av politiattestar, herunder praksis ved tilsetting og vurderingar ved innhenting av politiattestar for oppdragstakarar.

Det vart gitt eit avvik under tilsynet:

Sogn og Fjordane barn og familiesenter sikrar ikkje at tilkallingsvikarar legg fram politiattest før dei tek til i stillinga.

Dato: 30.12.2014

Gunn Randi Bjørnevoll
revisjonsleiar

Line P. Døsen
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Sogn og fjordane barn og familiesenter i perioden 13.10.2014 - 30.12.2014. Tilsynet inngår som ein del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2014.

Fylkesmannen har i medhald av barnevernlova §§ 5-7 og 2-3b tredje ledd fullmakt til å føre tilsyn med sentre for foreldre og barn. Det følgjer av forskrifta § 21 at føremålet med tilsynet er å sjå at lover og regelverk blir følgd.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet senteret har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav gitt i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for forbetring

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sogn og Fjordane barn og familiesenter ligg i Førde. Senteret har heildøgnstilbod til gravide og foreldre med barn i førskulealder, med plass til tre familiar om gongen. Tilhodet omfattar utgreiingsopphald på inntil 8 veker eller utviklingsstøttande  behandlingsopphald  på 3-6 månader. I tillegg har senteret ansvar for beredskapsheimane  for barn i alderen 0-12 år.

Familiane bur i eigne leilegheiter ved senteret. Foreldra har dagleg omsorg for barnet/-a og ansvar for eige hushald under heile opphaldet.

3. Gjennomføring

Tilsynet er gjennomført som eit dokumenttilsyn og omfatta følgjande aktivitetar:

Varsel om tilsyn vart sendt ut 13.10.2014.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er motteke her den 12.11.2014. Oversikt over dokumentunderlag vert gitt i kapittel 7.

Tilbakemeldingsmøte vart halde 18.12.2014. Endeleg rapport vart sendt ut 30.12.2014.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta senterets praksis ved innhenting og handtering av politiattestar, og senterets praksis ved tilsetting og vurdering av politiattest for oppdragstakarar.

5. Funn

Avvik:

Sogn og Fjordane barn og familiesenter sikrar ikkje at tilkallingsvikarar legg fram politiattest før dei tek til i stillinga.

Dette er avvik frå følgjande lovkrav:

Barnevernlova § 6-10, forskrift om politiattest i henhold til barnevernlova  §§ 2, 6 og 7, og forskrift for sentre for foreldre og barn.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Ved gjennomgang av innsendt dokumentasjon går det fram at senteret ikkje har rutinar eller system for systematisk å registrere når politiattest er motteke.
  • I dei skriftlege rutinane går det fram at tilkallingsvikarar kan ha opplæringsvakter før politiattest er lagt fram.
  • I dokumentet «Oversikt over alle tilsette som har hatt arbeid med familiane i 2013 og 2014» går det fram at alle tilkallingsvikarar dei siste to åra har levert politiattest etter at dei har byrja i opplæringsvakter.

Kommentar:

Etter barnevernlova  § 6-10 og forskrift om politiattest §§ 2 og 7 skal personar som vert tilsett i sentre for foreldre og barn godkjent etter barnevernlova kapittel 5, legge fram tilfredsstillande politiattest før dei tek til i stillinga. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader ved tilsetjing.

6. Regelverk

Lov om barneverntenester §§ 6-10, 5-7 og 2-3b Lov om barneverntenester §§ 5-8 og 5-10
Forskrift for sentre for foreldre og barn av 25.november 2010 nr. 1479
Forskrift av 15.10.1999 om politiattest i henhold til barnevernlova med merknader
Rundskriv Q-34/2011: Retningslinjer til forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei sendt i samband med tilsynet:

  • Organisasjonskart  region Vest 01.10.2014
  • Prosedyrar/rutine  for innhenting av politiattestar
  • Introduksjonsskjema  ved nye medarbeidarar
  • Rapport frå Kvalitetsavdelinga  region Vest 20.11.2013
  • Oppdatert stillingsplan med oversikt over tilsettingsdato og utferda politiattest, oktober 2014
  • Kopi av politiattestar
  • Risikovurdering av fare for svikt 30.10.2014
  • Utfylt spørjeskjema

8. Deltakarar ved tilsynet

Deltakarar frå senteret:
Irene Hamn, leiar, og Bente Kråkås, avdelingsleiar, var med på tilbakemeldingsmøte.

Deltakarar frå Fylkesmannen:
Gunn Randi Bjørnevoll og Line P. Døsen