Sogndal kommune sjølvmeldingstilsyn med akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus 2014
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 15.11.2015.
Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.
Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.
Ut frå opplysningane som går fram av dykkar elektroniske svarskjema har kommunen ikkje samhandling med helseføretaket gjennom øving. Vi viser til kravet om opplæring og trening mellom alle ledd i den akuttmedisinske kjeda og til både den gamle og den nye akuttmedisinforskrifta § 4: "De regionale helseforetakene og kommunene skal sikre en rasjonell og koordinert innsats i de ulike leddene i den akuttmedisinske kjeden, og sørge for at innholdet i disse tjenestene er samordnet med de øvrige nødetatene, hovedredningssentralene og andre myndigheter.»
Vi ber om at kommunen innan 20.06.2015 sender oss ein rapport om korleis dette skal rettast opp, slik at vi kan avslutte tilsynet i Sogndal kommune.
Det er komme ny akuttmedisinforskrift som trådde i kraft 01.05.2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.
Med helsing
Per Stensland
fylkeslege
Beate Tollefsen
fylkeslege rådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til:
Statens helsetilsyn