Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i Vågsøy kommune 2014
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for avvik som blei avdekt innanfor revisjonsområdet. Systemrevisjonen gjaldt følgjande: om kommunen sikrar at tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram blir gjort i samsvar med lov- og forskriftskrav.
Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom systematiske styringstiltak (internkontroll) sikrar at tildeling og gjennomføring fører til at personar som har rett til kvalifiseringsprogram får ei forsvarleg teneste.
Fylkesmannen avdekte eitt avvik under systemrevisjonen i Vågsøy kommune. Det vart ikkje gitt merknad.
Avvik:
Vågsøy kommune sikrar ikkje forsvarleg innhald og omfang av kvalifiseringsprogram.
Dato: 22.10.2014
Elisabeth Lund-Iversen
revisjonsleiar
Kari Vold Olsen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vågsøy kommune i perioden 06.05.2014 – 22.10.2014. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2014.
Fylkesmannen har heimel til å føre tilsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tenester i NAV § 9.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfatta å undersøke:
- kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok til å sikre at lovgjevinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten gjer greie for avviket som er avdekt under revisjonen og gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvikdreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
- Merknader forhold som ikkje er i strid med krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på potensiale for betring.
2. Omtale av kommunen
Vågsøy kommune har ca. 6.000 innbyggjarar og er ein av dei største fiskerikommunane i landet.
Leiargruppa i administrasjonen i kommunen består av rådmann og to kommunalsjefar. Nav- kontoret er ei av einingane i helse- og omsorg, og Nav-leiar rapporterer til kommunalsjefen for denne sektoren. Nav-kontoret har 12 tilsette i tillegg til leiar. På tilsynstidspunktet var kontoret akkurat i skifte av leiar, difor vart både avtroppande og påtroppande leiar intervjua. Dei vart intervjua saman.
Ein tilsett i Nav-kontoret har eit særleg ansvar for å halde seg oppdatert om kvalifiseringsprogrammet, vere ein pådrivar for arbeidet på dette området og sørgje for at dei har oppdatert informasjonsmateriell. Alle tilsette skal kunne gi informasjon om kvalifiseringsprogrammet, medan nokre av dei tilsette behandlar søknader og følgjer opp deltakarar i programmet.
Kommunen hadde i 2013 14 personar som hadde økonomisk stønad som einaste inntekt i fire månader eller meir. Seks personar var i kvalifiseringsprogram på tilsynstidspunktet.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel:sendt 06.05.2014.
Oversikt over dokument som kommunen har sendt over i samband med tilsynet, og dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte: 17.09.2014.
Intervju: åtte personar blei intervjua.
Sluttmøte: 18.09.2014.
4. Kva tilsynet omfatta
Kommunen er pålagt å føre internkontroll med tenesta kvalifiseringsprogram. Føremålet med tilsynet var å undersøke om kommunen gjennom styringstiltak sikrar at tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram skjer i samsvar med lov- og forskriftskrav slik at det blir gitt forsvarlege tenester til dei som har rett til kvalifiseringsprogram.
Tilsynet hadde som føremål å undersøke om kommunen sikrar at kvalifiseringsprogrammet er tilgjengeleg for potensielle deltakarar, om det blir gjort forsvarlege identifiseringsprosessar og om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon om retten til kvalifiseringsprogram. Vidare undersøkte vi om kommunen sikrar at kartleggings-, vurderings- og avgjerdsprosessane ved behandling av søknader om kvalifiseringsprogram er forsvarlege.
Føremålet var også å undersøke om kommunen sikrar forsvarleg gjennomføring av kvalifiseringsprogram ved å sikre at tidsfrist for iverksetting av program blir haldne. Vidare undersøkte vi om innhald og omfang av kvalifiseringsprogramma er forsvarleg. I dette ligg det at programma blir individuelt tilpassa ved at den einskilde sine behov og føresetnader blir teke omsyn til og at programma inneheld arbeidsretta tiltak, arbeidssøking og eventuelt andre tiltak som kan vere med på å førebu og støtte opp under overgang til arbeid. Vidare undersøkte vi om kommunen sikrar forsvarleg oppfølging av deltakarar i kvalifiseringsprogram.
5. Funn
Avvik:
Vågsøy kommune sikrar ikkje forsvarleg innhald og omfang av kvalifiseringsprogram.
Avvik frå følgjande krav: sosialtenestelova §§ 4, 5, 30, forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad stønad § 1 og internkontrollforskrifta §§ 4 og 5.
Avviket byggjer på følgjande:
a) Det går fram av dokumentasjonen kommunen har sendt i samband med tilsynet at kommunen har fleire prosedyrar som gjeld kvalifiseringsprogrammet. Det er ikkje utarbeida eigenprosedyre som gjeld utarbeiding av program.
b) Kommunen har eit avvikssystem som dei tilsette kjenner til. Det går likevel fram av avvikspermen at det ikkje er meldt avvik som gjeld tenesta kvalifiseringsprogrammet. Vi fekk munnleg informasjon om at det nyleg er meldt to avvik som gjeld denne tenesta.
c) Av dokumentasjonen kommunen har sendt i samband med tilsynet går det fram at risiko- og sårbarheitsarbeidet som kommunen har gjennomført for kvalifiseringsprogrammet ikkje omfattar utarbeiding av program.
d) Mappegjennomgangen viste at :
o to av deltakarane som har kvalifiseringsprogram ikkje har eit fulltidsprogram på 37,5 timar i veka. Ein av deltakarane som avslutta programmet i år hadde heller ikkje fulltidsprogram.
o ein av deltakarane som har avslutta programmet i år hadde ikkje arbeidssøking i den avsluttande delen av programmet.
o i fire av dei aktive kvalifiseringsprogramma går ikkje evalueringstidspunkt fram av programmet. Dette gjeld i tillegg to av programma som er avslutta i år.
o i tre aktive kvalifiseringsprogramsaker er berre ein aktør utanom Nav medverkande i programgjennomføringa. Dette gjeld også to av sakene som er avslutta i år.
o to deltakarar i kvalifiseringsprogram ikkje fekk programinnhald frå oppstart av kvalifiseringsstønaden, men frå eit seinare tidspunkt. Dette gjeld også ein av deltakarane som har avslutta programmet i år.
6. Regelverk
- LOV 2009-12-18-131: Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen
- LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker med forskrift til forvaltningsloven
- FOR-2010-11-19-1463: Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltningen
- FOR-2011-12-21-1471: Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad
- Hovedrundskriv nr 35 av 22.06.2012: lov om sosiale tjenester i NAV – Arbeids- og velferdsdirektoratet
7. Dokumentunderlag
Fylkesmannen mottok følgjande dokumentasjon frå kommunen knytt til den daglege drifta av kvalifiseringsprogrammet:
- Organisasjonskart Vågsøy kommune
- Oversikt over ansvars- og oppgåvefordeling for kvalifiseringsprogrammet
- Oversikt over tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet
- Samarbeidsavtale mellom kommunen og Nav Sogn og Fjordane
- Møtestruktur Nav-kontoret
- Delegasjonsreglement
- Opplæringsplanar og oversikt over opplæringstiltak
- Årsrapport Nav Vågsøy 2013
- Målekort 2014
- Risiko- og sårbarheitsanalyse for KVP
- Prosedyre for innhenting av brukarerfaringar KVP
- Prosedyre for innhenting av erfaringar med KVP frå tilsette
- Prosedyre for deltakarbevis
- Eksempel på deltakarbevis
- Informasjon om KVP
- Oversikt over ansvarsområder for KVP-ansvarleg
- Oversikt over relevant informasjon om kvalifiseringsstønad
- Arbeidsprosessen ved søknad om KVP
- Prosedyre ved avvik KVP
- Prosedyre for avviksmelding og intern varsling
- Skjema for å melde avvik
- Verksemdsplan for Nav Vågsøy 2014
- Utviklingsavtale for 2014 – Nav Vågsøy
- Søknadsskjema for kvalifiseringsprogrammet
- Lønsmelding for deltakarar i kvalifiseringsprogrammet
- Skjema for samtykkeerklæring til tverrfagleg samarbeid
- Dokument for individuell plan
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Perm for kvalifiseringsprogrammet
- Avviksperm
- 6 mapper til personar som har kvalifiseringsprogram
- 3 mapper til personar med avslutta kvalifiseringsprogram
- 8 mapper til personar som har hatt økonomisk stønad som einaste inntekt i fire månader eller meir
Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:
- Revisjonsvarsel sendt 06.05.2014
- Dokumentasjon frå kommunen motteke 14.08.2014
- Program for tilsynet sendt 25.08.2014
- Førebels rapport sendt 25.09.2014
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå tilsynsorganet deltok:
Elisabeth Lund-Iversen (revisjonsleiar)
Rådgjevar Kari Vold Olsen (revisor)
Rådgjevar Siren Rørgård Skjerven (observatør)
Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet
2013–14 Kvalifiseringsprogrammet
Søk etter tilsynsrapporter