Rapport frå tilsyn med sosiale tenester til personar mellom 17 og 23 år i Stryn kommune 2015
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Systemrevisjonen gjaldt dei sosiale tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad. Fylkesmannen undersøkte om kommunen gjennom systematiske styringstiltak sikrar at tilgjenge, tildeling og oppfølging av desse tenestene til personar mellom 17 og 23 år er forsvarleg. Kommunens plikt til å gjere individuelle vurderingar, legge til rette for brukarmedverknad og samhandling med andre relevante tenesteytarar var del av tilsynstema.
Fylkesmannen fann ikkje avvik og gav ikkje merknad under dette tilsynet. Dato: 09.11.2015
Elisabeth Lund-Iversen
revisjonsleiar
Tom Nesvåg
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Stryn kommune i perioden 18.08.2015 – 09.11.2015. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen inneverande år og er del av det landsomfattande tilsyn på området.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med dei sosiale tenestene i Nav-kontora etter sosialtenestelova § 9.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:
- kva tiltak kommunen har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av kommunen – spesielle forhold
Stryn kommune har litt i overkant av 7.000 innbyggjarar og det er vidaregåande skule i kommunen.
Ved NAV-kontoret var det på tilsynstidspunktet 10 tilsette (9,8 årsverk) i tillegg til leiar. NAV-leiar rapporterer til helse- og sosialsjefen i kommunen og er med på leiarmøtene i helse- og sosialetaten. I tillegg til ansvaret etter sosialtenestelova, har Stryn kommune lagt ansvaret for å gi tenester innan rusomsorg i form av førebygging, ettervern og bustadoppfølging til NAV Stryn. NAV Stryn har fleire samarbeidspartar når det gjeld ungdomsgruppa.
Dei tilsette ved NAV-kontoret er delt i eit mottaksteam, som bemannar jobbsenteret og følgjer opp personar som er vurdert å ha eit kortvarig oppfølgingsbehov, og eit oppfølgingsteam, som følgjer opp personar over lang tid. Nokre av dei tilsette er deltakarar i ungdomsteamet og/eller sosial- og gjeldsteamet ved kontoret. I ungdomsteamet møter dei som følgjer opp ungdom under 25 år, og dei har møte annakvar tysdag. Dei held oversikt over alle under 25 år som kontoret yter tenester til, diskuterer saker og blir einige om prioriteringar og tiltak. Sosial- og gjeldsteamet har møte kvar tysdag og diskuterer både generelle og konkrete problemstillingar innanfor regelverket i sosialtenestelova.
På tilsynstidspunktet hadde NAV Stryn gjort vedtak om økonomisk stønad og/eller opplysning, råd og rettleiing til 16 personar i alderen 17 til 23 år i 2015.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarselblei sendt 18.08.2015.
Oversikt over dokument som kommunen har sendt Fylkesmannen i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 20.10.2015.
Intervju
Seks personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Det blei gjennomført synfaring ved jobbsenteret (mottaket) i NAV-kontoret 21.10.2015.
Sluttmøteblei halde 21.10.2015.
I forkant av tilsynsbesøket tok Fylkesmannen telefonkontakt med nokre av samarbeidspartane til Nav-kontoret når det gjeld ungdom. Dette var avklara med Nav-leiar på førehand. Vi snakka med barnevernstenesta i kommunen, psykisk helseteam i kommunen og Oppfølgingstenesta ved Stryn vidaregåande skule og stilte dei spørsmål om samarbeid med Nav-kontoret om ungdom. Svara som blei gitt nytta vi i førebuingane til tilsynet, t.d. når det gjaldt kva vi skulle spørje om på intervjua og kva vi skulle sjå etter ved gjennomgangen av brukarmappene.
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var dei sosiale tenestene opplysning, råd og rettleiing (sosialtenestelova § 17) og økonomisk stønad (sosialtenestelova §§ 18 og 19) til personar mellom 17 og 23 år. Fylkesmannen undersøkte om kommunen har eit system som systematisk sikrar at dei nemnde tenestene er tilgjengelege for målgruppa, at tildelinga skjer i tråd med lov- og forskriftskrav og at oppfølginga av dei unge som mottar tenestene er forsvarleg.
Vi kontrollerte t.d. om det er informasjon om tenestene på kommunen si nettside og i jobbsenteret på Nav-kontoret, og om det blir informert om tenestene i NAV-kontorets direktekontakt med ungdom og samarbeidspartar. Vi undersøkte også om Nav- kontorets behandling av søknader om tenestene er forsvarleg og om ungdom blir følgt opp på ein forsvarleg måte når tenestene er innvilga.
Kommunens plikt til å gjere individuelle vurderingar og legge til rette for brukarmedverknad, var også del av undersøkinga.
Vi har sett på kommunens internkontroll, for å undersøke om den fungerer etter intensjonen slik at kommunen t.d. sikrar kvalitet i tenestene og fangar opp eventuelle feil.
Tilsynet omhandlar berre ein utvald del av NAV Stryn si verksemd på tilsynstidspunktet, og gir difor ikkje ei samla vurdering av dei sosiale tenestene som ytast ved NAV Stryn.
5. Funn
Fylkesmannen fann ikkje avvik og gav ikkje merknad.
6. Regelverk
- Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (sosialtenestelova)
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
- Forskrift til forvaltningslova
- Forskrift om internkontroll for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga
- Rundskriv til sosialtenestelova, Hovednr. 35
- Rundskriv A-1/2004 – statlige retningslinjer for økonomisk stønad 2015
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå kommunen knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- NAV Stryn organisering og struktur
- Organisasjonskart Stryn kommune
- Samarbeidsavtale mellom Stryn kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Sogn og Fjordane
- Revidert delegasjon til leiar av NAV Stryn
- Fullmakter til å fatte vedtak og tilvise økonomisk sosialhjelp frå 01.09.2015
- Utviklingsavtale for NAV Stryn i 2015
- Verksemdsplan for NAV Stryn 2015
- Organisering og oppgåvefordeling ved NAV Stryn
- Eksterne kurs og intern opplæring 2015
- Årsrapport 2014, helse- og sosialetaten
- Vedlegg til årsrapport 2014, helse- og sosialetaten
- Årsrapport 2014, tillegg for sosialtenesta
- Årsrapport 2014, felles for alle tenesteområde i helse- og sosialsektoren
- Funksjonsomtale koordinerande eining
- Funksjonsomtale Førebyggingsforum (FF) for ungdomsmiljøet i Stryn
- Tverretatleg samarbeid i rusomsorga – rusteam Stryn
- Funksjonsomtale for koordinator – planansvarleg for individuell plan (IP) i Stryn kommune
- Funksjonsomtale fagansvarleg rus NAV Stryn
- Funksjonsomtale sosialkurator
- Stillingsomtale ungdomskontakt/individ
- Prosedyre økonomisk råd og rettleiing
- Prosedyre økonomisk sosialhjelp - søknad og vedtak
- Prosedyre økonomisk sosialhjelp – krisehjelp
- Prosedyre økonomisk sosialhjelp – klage på vedtak
- Prosedyre avviksmelding
- Notat, diskusjon på NAV Stryn 14.10.2013 om avvik
- Resultat – arbeidsplan for helse- og sosialsektoren i 2014
- Søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- 16 brukarmapper
- Oppdatert kompetanseplan for helse- og sosialsektoren 2012 – 2016
- Resultatmål for helse- og sosial med kommentarar
- Oversikt over Kvalitetssystem NAV Stryn
- «Arbeidsliste» som ungdomsteamet i Nav Stryn nyttar
Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:
- Revisjonsvarsel, 18.08.2015
- Tilbakemelding frå kommunen om kontaktperson for tilsynet, 26.08.2015
- Dokumentasjon frå kommunen 18.09.2015
- Dagsorden for tilsynet, 02.10.2015
- Førebels rapport, 23.10.2015
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå tilsynsorganet deltok:
Tom Nesvåg, revisor
Siren Rørgård Skjerven, revisor
Elisabeth Lund-Iversen, revisjonsleiar