Årsrapportar
Årsrapportane frå Statens helsetilsyn og statsforvaltarane i denne menyen er avrapportering til overordna styresmakt og inneheld mykje fakta om verksemda.
Årsrapportar for Statens helsetilsyn
Årsrapport for Statens helsetilsyn er eit årleg dokument som Statens helsetilsyn leverer til overordna departement (Helse- og omsorgsdepartementet) som grunnlag for drøfting av om fastsette mål er nådd og oppdrag utført. Dette skjer i departementet sitt etatsstyringsmøte med Statens helsetilsyn.
Nokså mykje av stoffet i årsrapportane er også presentert i Tilsynsmeldingen.
Årsrapportane blir berre gitt ut elektronisk.
Årsrapport 2023
Riksrevisjonens beretning om Statens helsetilsyn for regnskapsåret 2023
Årsrapport 2022
Riksrevisjonens beretning om Statens helsetilsyn for regnskapsåret 2022
Årsrapport 2021
Riksrevisjonens beretning om Statens helsetilsyn for regnskapsåret 2021
Årsrapport 2020
Riksrevisjonen beretning om Statens helsetilsyn for regnskapsåret 2020
Årsrapport 2019
Riksrevisjonen beretning om Statens helsetilsyn for regnskapsåret 2019
Årsrapport 2018
Riksrevisjonen beretning om Statens helsetilsyn for regnskapsåret 2018
Årsrapportar eldre enn fem år finst i Historisk arkiv
Årleg rapport om arbeid med varsel om alvorlege hendingar
For åra 2010 til og med 2018 gav Statens helsetilsyn ut ein årleg rapport om varselordninga for spesialisthelsetenesta.
Statens helsetilsyn gav ut eigne årsrapportar for meldeordninga etter spesialisthelsetenestelova § 3-3 fram til oppgåvene våre vart avslutta 1. juli 2012. Sjå menyen Meldeordning i Historisk arkiv.
Årsrapportar for statsforvaltarane
Statsforvaltarane avgir årsrapport til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). Tilsyn og klagebehandling som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester er omtala i kapitla for Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Statens helsetilsyn.
- Årsrapportar Styringsportalen for statsforvalteren