Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Fylkesmannen i Oppland har ført tilsyn med te nestene Lom kommune tilbyr personar med psykisk utviklingshemming. Tilsynet hadde fokus på følgjande område:

  • Korleis kommunen sikrar tildeling av tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, pkt 6 bokstavane a og b
  • Korleis kommunen sikrar utføring av desse tenestene utan bruk av tvang og makt
  • Korleis kommunen sikrar gjennomføring av planlagte tiltak etter helse- og omsorgstenestelova § 9-5, tredje ledd

Vi undersøkte korleis kommunen sørger for at personar med psykisk utviklingshemning får forsvarleg hjelp i kvardagen og at hjelpa blir endra når behovet blir endra. Det vil si frå ei endring har blitt oppdaga og meldt, saksutreiing og vedtaksfatting og til hjelpa er gitt. For at hjelpa skal være forsvarleg, må den være i et tilstrekkeleg omfang, gis til rett tid og ha forsvarleg kvalitet for den einskilde. Vidare har Fylkesmannen sett på kva kommunen gjer for å førebygge og hindre bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming, og om dei tilsette i kommunen faktisk gjer nytte av tiltak med tvang i situasjonar der det er behov for dette.

Det blei ikkje avdekt avvik under dette tilsynet.

Dato: Lillehammer 06.07.15

Randi Marthe Graedler
revisjonsleiar

Inger Berg
revisor

 

Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Lom kommune i perioden 10.04.15 - 06.07.15. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav ilovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Omtale av verksemda - spesielle forhold

Lom kommune har 2356 innbyggjarar. Kommunen er organisert med administrasjonssjef som øvste leiar for åtte tenesteområde. Tenesteområde pleie- og omsorg omfattar institusjons- og heimebaserte tenester. Miljøarbeidartenesta er ein del av dette tenesteområdet, og gir tenester til sju personar med psykisk utviklinsghemming.

Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 10.04.15. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei ikkje halde.

Opningsmøte blei halde 19. mai 2015.

Intervjuer
Seks personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei ikkje gjennomført synfaringer i bustadane under dette tilsynet.

Sluttmøte blei halde 20. mai 2015.

Kva tilsynet omfatta

Tilsynet hadde fokus på følgjande område:

  • Korleis kommunen sikrar tildeling av tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, pkt 6 bokstavane a og b
  • Korleis kommunen sikrar utføring av diese tenestene utan bruk av tvang og makt
  • Korleis kommunen sikrar gjennomføring av planlagte tiltak etter helse- og omsorgstenestelova § 9-5, tredje ledd

Vi undersøkte korleis kommunen sørgjer for at personar med psykisk utviklingshemming får forsvarleg hjelp i kvardagen og at hjelpa blir endra ved endra behov. Det vil seie frå ei endring har blitt oppdaga og meldt, saksutreiing og vedtaksfatting, og til hjelpa er gitt. For at hjelpa skal være forsvarleg, må den være itilstrekkeleg omfang, bli gitt til rett tid og ha forsvarleg kvalitet for den einskilde. Vidare har Fylkesmannen sett på kva kommunen gjer for å førebyggje og hindre bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming, og om dei tilsette i kommunen faktisk benytter tiltak med tvang i situasjonar der det er behov for dette. Korleis kommunen sikrar opplæring og rettleiing av tilsette som utfører tenester til personar med psykisk utviklingshemming har vore eit viktig tema under tilsynet.

Under tilsynet undersøkte vi om det er utarbeidd rutiner på områdene tilsynet omfatta, herunder om det er utarbeidd mål og tiltak for miljøarbeidet. Vi sjekka og om tiltaka er tilgjengelege og kjente for dei tilsatte. Vi vurderte og om tiltaka er i samsvar med regelverket. Vi kontrollerte om praksisen er i samsvar med interne rutiner, samt om praksis er godt nok dokumentert i det materialet som blei lagt fram.

Funn

Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for å gje avvik eller merknader under dette tilsynet.

Tilsynsorganet har elles merka seg:

Det blir gitt opplæring i reglane i kapittel 9 til alle tilsette, tilpassa arbeidsoppgåver og ansvar/funksjon. Regelverket er jamleg tema på møter i tenesten og det er fokus på å finne andre løysinger til bruk av tvang og makt. Det er utarbeidd rutiner på området og det ligg føre grundige beskrivingar av tiltak for miljøarbeidet.

Regelverk

  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.
  • Lov om behandlingsmåten iforvaltningssaker.
  • Forskrift om internkontroll isosial- og helsetjenesten.

Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Delegasjonsreglement for Lom kommune
  • Delegasjon leiar for miljøarbeidartenesta
  • Pleie- og omsorg - kompetanseplan for 2015
  • Prosedyre: Opplæring av nytilsette og vikarar i miljøarbeidartenesta
  • Prosedyre: Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, bruk av tvang og makt
  • Oversikt over tilsette i bustad; utdanning, stillingsstorleik og turnus

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Kompetanseplan
  • Fagpermar for fem brukarar
  • Møtereferat
  • Det nettbaserte opplæringsprogrammet som alle tilsette må gå igjennom

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn 10.04.15

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltaka rane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Randi Marthe Graedler, seniorrådgjevar
Inger Berg, seniorrådgjevar