Hopp til hovedinnhold

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 24.03.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har kommunen ikkje sikra at:

  • det enkelte helsepersonellet som deler ut legemiddel har tilstrekkelege formelle og reelle kvalifikasjonar til å dele ut ferdig tillaga legemiddel på ein forsvarleg måte før vedkomande får tildelt oppgåva, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 tredje ledd.
  • alle personar som har delt ut legemiddel dei siste fire vekene har vore vurdert til å ha tilstrekkelege formelle og reelle kvalifikasjonar til å bli tildelt oppgåver knytt til utdeling av legemiddel, jf. helsepersonellova § 5, jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 femte ledd a.

Av det vi kan sjå, har de ikkje lagt ved plan for retting av desse avvika. Vi ber difor om at kommunen snarast og innan 01.06.2014 gjer greie for korleis de vil rette opp avvika, og når tid dette skal vere gjort.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi:

Fjaler kommune v/ medisinsk fagkonsulent Marit Gudmundsos, pb 54, 6961 Dale i Sunnfjord Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)