Sjølvmeldingstilsyn med legemiddelhandteringa i bustader til personar med psykisk utviklingshemming Gloppen kommune 2014
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 11.03.2014.
Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.
Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.
Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema vurderer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering i bustadene til psykisk utviklingshemma. Sjølvmeldingstilsynet i Gloppen er med dette avslutta.
Vi ønskjer lukke til med det vidare kvalitetsarbeidet.
Med helsing
Per Stensland
fylkeslege
Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi: Gloppen kommune v/ einingsleiar Kari Ann Krogh, 6823 Sandane Gloppen kommune v/ einingsleiar Trine Krogh, 6823 Sandane Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo