Sjølvmeldingstilsyn med legemiddelhandteringa i bustader til personar med psykisk utviklingshemming Luster kommune 2014
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 08.04.2014.
Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.
Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.
Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema vurderer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering i bustadene til psykisk utviklingshemma. Sjølvmeldingstilsynet i Luster er med dette avslutta.
Vi ønskjer lukke til med det vidare kvalitetsarbeidet.
Med helsing
Per Stensland
fylkeslege
Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi: Gaupne kommune v/ Margunn Hillestad, Rådhuset, 6868 Gaupne Gaupne kommune v/ einingsleiar Tone Kjærvik Kveane, 6868 Gaupne Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo