Om oss
Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) arbeider for at befolkninga får gode helse-, sosial- og barnevernstenester når dei treng det.
Gjennom tilsyn, rådgiving og behandling av klager, bidreg vi saman med statsforvaltarane til å styrke tryggleiken og kvaliteten i tenestene, og på den måten tilliten befolkninga har til tenester og personell.
Tilsynsaktivitetar blir sett inn der risikoen for svikt er stor og der svikten kan ha alvorlege konsekvensar for pasientar og brukarar. Involvering av brukarar og pårørande er eit viktig bidrag til å styrke tilliten til tenestene i befolkninga. Erfaringane som pasientar, brukarar og pårørande har frå møte med tenestene er viktig informasjon når Helsetilsynet skal prioritere tilsynssaker og -tema.
Tilsynsområda våre
- Helse- og omsorgstenester
- Varsel om alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta
- IKT i helsetenesta
- Sosiale tenester i Nav
- Barnevernet
- Einslige mindreårige asylsøkjarar i mottak
- Folkehelsearbeid
Rollene våre
Helsetilsynet er fagleg uavhengig og har det overordna tilsynsansvaret med sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester, einslege mindreårige i asylmottak, folkehelsearbeid. Statsforvaltaren er regional tilsynsmyndigheit og klageinstans på tilsynsområda våre og er direkte underlagt Helsetilsynet på desse områda.
Helsetilsynet har fleire roller:
- Vi utøver overordna fagleg styring med statsforvaltarane sitt tilsyn med tenestene.
- Vi sørger for utvikling, koordinering og harmonisering av tilsynet.
- Vi behandlar varsel om svært alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenestene
- Vi formidlar tilsynserfaringar til nytte for samfunnet.
- Vi er ei forvaltningsmyndigheit i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og er overordna myndigheit for klager som gjeld manglande oppfylling av rettar og plikter.
- Vi gir innspel til fagdepartementa våre og samarbeidspartnarar.
Organisering
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) er oppdragsdepartement for Helsetilsynet. Barne- og familiedepartementet (BFD), Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) gir oppdraga sine gjennom HOD for tilsyn innan barnevern, einslege mindreårige i asylmottak og sosiale tenester. Helsetilsynet styrer tilsynsarbeidet til statsforvaltarane på våre område gjennom Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD).
Helsetilsynet har cirka 130 medarbeidarar og held til i Møllergata 24 i Oslo.
Leiinga og avdelingane – Statens helsetilsyn
Organisasjonskart
Organisasjonskart for Helsetilsynet
Organisasjonskart for den sentrale statsforvaltningen
Oppgåvene til statsforvaltarane - regional tilsynsmyndigheit og klageinstans
Oppgåvene til statsforvaltaren på dei områda der Statens helsetilsyn er overordna myndigheit, omfattar:
- planlagt tilsyn med sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester gjennom systemrevisjonar, kartleggingar, besøk med samtaler med bebuarane og andre metodar. Tilsynet skjer dels som del av landsomfattande tilsyn bestemt av Helsetilsynet og dels valt ut frå forholda i fylket
- enkeltsaker om svikt: tilsynssaker som opprettast på grunnlag av klager frå pasientar, brukarar eller pårørande, eller med bakgrunn i medieoppslag, meldingar frå arbeidsgjevar, førespurnad frå andre delar av helsetenesta o.a.
- rettsklager: klagesaker som gjeld befolkninga sin rett til tenester etter blant anna pasient- og brukarrettsloven, barnevernloven og sosialtenesteloven
- tvang og makt: overprøve vedtak, behandle klager og nokre andre oppgåver i samband med bruk av tvang og makt overfor menneske med utviklingshemming, menneske utan samtykkekompetanse som motsett seg helsehjelp og barn og ungdom i barneverninstitusjonar
- formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga, tenestene og offentlegheita
Oppgåver og organisering – statsforvaltaren | Helsetilsynet
Involvering av pasienter, brukarar og pårørande
Erfaringar frå brukarar, pasientar og pårørande er viktige bidrag i Helsetilsynets arbeid for å styrkje tryggleiken og kvaliteten i barnevern, sosial- og helsetenestene. Brukarmedverknad er eit prioritert satsingsområde, og brukarrådet er eit viktig samarbeidsforum mellom Helsetilsynet og brukar- og pårørandeorganisasjonar.
Brukarrådet i Statens helsetilsyn