Brukarrådet i Statens helsetilsyn
Brukarrådet i Statens helsetilsyn skal vere eit samarbeidsforum mellom Helsetilsynet og brukar- og pårørandeorganisasjonar. Rådet skal vere med på å sikre at erfaringane til brukarar, pasientar og pårørande blir tekne omsyn til og kjem til nytte i veksemda til Helsetilsynet
Mål
Helsetilsynet skal bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i barnevern, sosial- og helsetenestene gjennom effektive tilsyn. Erfaringar frå brukarar, pasientar og pårørande er viktige bidrag i dette arbeidet. Brukarmedverknad er derfor eit prioritert satsingsområde i Helsetilsynet.
Brukarrådet i Statens helsetilsyn skal vere eit samarbeidsforum mellom Helsetilsynet og brukar- og pårørandeorganisasjonar. Rådet skal vere med på å sikre at erfaringar til brukarar, pasientar og pårørande blir tekne omsyn til og kjem til nytte i verksemda til Helsetilsynet. Rådet skal vere med på å vidareutvikle Helsetilsynet sine metodar og praksis.
Brukarrådet skal arbeide på systemnivå og skal ikkje erstatte annan brukarmedverknad i Helsetilsynet. For å sikre reell medverknad må brukarrådet involverast i saker av strategisk betydning, og på eit tidleg tidspunkt i prosessen. Medlemmene i rådet kan og ta opp saker på eige initiativ.
Oppgåvene til brukarrådet er å:
- gi råd i saker som gjeld utvikling av Helsetilsynet sitt arbeid
- formidle kunnskap og erfaring til Helsetilsynet
- bidra til å utvikle Helsetilsynet sine metodar og praksis, spesielt for god brukarmedverknad
- bidra til betre kontakt mellom Helsetilsynet og brukarar, pasientar og pårørande
Medlemmer
Ny leder kommer.
Organisasjon |
Hovudmedlem |
Varamedlem |
---|---|---|
Rusfeltets hovedorganisasjon |
Ingunn Lambertsen |
Tore Berge |
Barn av rus |
Maria Eikenes Jerstad |
John Harald Falck-Stenseth |
Voksne for barn |
Mona Bryn Patrick Ekkeren Manfredo |
Staale Vaage, Karin Källsmyr |
Pårørendealliansen |
Anne-Grethe Terjesen |
Robin Kirknes Andreassen |
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) |
Atle Larsen |
Inger Karin Natlandsmyr |
Samarbeidsforumet for Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO) |
Alette Reinholdt |
Erling Behrens |
Unge funksjonshemmede |
Nora Thunem |
Ingvild Østli |
Velferdsalliansen |
Leif Munkelien |
Lars Erik Andersen |
Mental helse Ungdom |
Vebjørn Leite Olsen |
Benedikte-Marie Lio |
Bipolarforeningen |
Anne-Grethe Larsen |
Mette Kristoffersen |
Internasjonal helse- og sosialgruppe |
Tayyab Choudri |
Martin Toft |
Pensjonistforbundet |
Per Kristian Skorpen |
Wenche Karin Malmedal |
Landsforeningen for barnevernsbarn |
Cecile Bråten |
Elsa Christiansen |
Nasjonalforeningen for folkehelsen |
Luisa Klaveness |
Tone Poulsson Torgersen |
Sekretariatet
Sekretariatet til brukarrådet kan kontaktast på , om saker som gjeld brukarrådet.
Referat frå møte i brukarrådet
Møtereferat 26. september 2024
Møtereferat 14. september 2023
Møtereferat 1. og 2. september 2022
Møtereferat 2. juni 2022 (pdf)
Møtereferat 3. mars 2022 (pdf)
Møtereferat 2. desember 2021 (pdf)
Møtereferat 3. september 2021 (pdf)