Karl Evang-prisen og -seminar
Det tidlegare Helsedirektoratet og Statens helsetilsyn delte ut Karl Evang-prisen i åra 1981–2013 og arrangerte seminar i tilknyting til utdelinga frå 2002 til 2013. Frå 2014 er det Helsedirektoratet som deler ut Karl Evang-prisen.
Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for folkehelsa og sosiale forhold som har tydning for denne.
I forbindelse med utdeling av Karl Evang-prisen heldt Statens helsetilsyn i åra 2002–2013 opne seminar som skulle bidra til å skape debatt og engasjement rundt eit aktuelt tema i Karl Evang si ånd og med relevans for Statens helsetilsyn sitt arbeid.