Karl Evangs pris 2008: Berit Schei
Prisen får ho for sitt arbeid med å hindre vald mot kvinner og born.
Professor dr.med, Berit Schei får Karl Evang-prisen for sin innsats gjennom fleire år for å førebyggje og setje i verk tiltak for å hindre vald mot kvinner og born. Schei blei den første professoren i kvinnehelse ved Institutt for samfunnsmedisin ved NTNU, Trondheim i 1998.
Å integrere kvinnehelseperspektivet i folkehelsearbeidet er sentralt for henne, og ho har mellom anna skrive fleire lærebøker knytta til kvinnehelsa, som til dømes ”Kvinner lider- menn dør, Folkehelse i et kjønnsperspektiv”. Ved sida er ho og overlege i gynekologi i ei bistilling ved Kvinneklinikken, St.Olavs hospital.
Schei var mellom anna ein av pionerane i arbeidet med å opprette krisesentre og ho arbeidde som lækjar på frivillig basis i krisesentra. Ho arbeidde aktivt for å etablere eit mottak for valdtekne kvinner i Trondheim. I fleire år har ho drive med informasjonsarbeid og førelese om dei problema og behova valdsutsette kvinner har. Berit Schei har i forskning og klinisk verksemd arbeidd for at vald mot kvinner og born skal bli ein integrert del av folkehelsearbeidet i Noreg. I tillegg har ho hatt ei rekkje nasjonale og internasjonale oppdrag. Mellom anna har Schei teke del i internasjonalt krisearbeid for traumatiserte kvinner i Libanon, Bosnia og Kosovo.