Konferanse om sepsis i akuttmottak
Helsetilsynet arrangerer saman med dei regionale helseføretaka ein erfaringskonferanse etter det landsomfattande tilsynet med diagnostikk og behandling av sepsis i akuttmottak.
Gjennom tilsynet med diagnostikk og behandling av sepsis i akuttmottak ønskte Helsetilsynet å rette merksemd mot eit kjend problem innan pasienttryggleik. Tilsynet var klinisk retta og gjennomført på ein litt annan måte enn tidlegare tilsyn. Målet med konferansen er å skape ein møteplass der vi kan dele og spreie erfaringar frå tilsyna og forbetringsarbeidet på sjukehusa. Helsetilsynet vil formidle hovudfunna frå tilsyna frå ein nasjonal ståstad og tre sjukehus vil fortelje om forbetringsarbeidet sitt. Vidare vil ei rekkje innleiarar bidra med ulike perspektiv på utfordringane knytt til å forbetre diagnostikk og behandling av sepsis i akuttmottak.
Tid og stad
20. september på Radisson Blu Hotel på Gardermoen.
Praktisk informasjon
Konferansen er gratis, deltakarane betaler sjølv reise.
Program (pdf)
Foredrag
Historien om et avvik i lys av Sepsis-3 og " I trygge hender" Anders B. Martinsen, Oslo universitetssykehus, Medisinskfaglig ansvarlig, Akuttmottaket, Ullevål
Sepsis forbedringsbehov i mottak UNN Tromsø Trine Olsen Universitetssykehuset i Nord-Norge
Principper for ledelse af kvalitetsudvikling Christian von Plessen, centersjef Center for kvalitet region syd, Danmark
Pasientsikkerhetsprogrammet- synergieffekter av samarbeid med Helsetilsynet Anne Kristin Ihle Melby Pasientsikkerhetsprogrammet