Kallar inn til statusmøte om Helseplattformen
Helsetilsynet og Statsforvaltaren i Trøndelag følgjer opp tilsynet etter innføring av Helseplattformen ved St. Olavs hospital, og har kalla inn til eit statusmøte om situasjonen i veke 42.
Statusmøtet er ein del av den planlagde oppfølginga frå tilsynsmakta, og vidare tilsynsmessig oppfølging vart varsla alt før sommaren.
To eksterne evalueringar som er gjennomførte, og nye bekymringsmeldingar til tilsynsmakta gjer at vi har behov for samla og oppdatert oversikt over status for Helseplattformen i Midt-Norge. Helse Midt-Norge RHF, Helseplattformen AS og Trondheim kommune er, saman med St. Olavs hospital, sentrale i arbeidet, og er bede om å delta i statusmøtet.
Meir om tilsyn med og evaluering av Helseplattformen:
Rapport frå tilsyn ved St. Olavs hospital etter innføring av Helseplattformen (Helsetilsynet.no)
Evalueringsrapport frå Boston Consulting Group (BCG) (Helse Midt-Norge)
Revisjonsrapport frå KPMG (Helseplattformen)
Pressekontakt, Helsetilsynet:
Kommunikasjonsrådgivar Hild Lamvik
Telefon: 99264804
E-post: