Brei dialog om ny undersøkingsordning for svært alvorlege saker som gjeld barn
Arbeidet med å etablere ei ny undersøkingsordning om barn som har vore utsett for vald, overgrep og grov omsorgssvikt, er i full gang. Helsetilsynet har i haust invitert ei rekke aktørar til å gi innspel til utforming av ordninga.
Kva forventningar og råd har aktørane til den nye undersøkingsordninga? Og korleis kan den best bidra til læring og forbetring i tenestene?
Dette er sentrale spørsmål som Helsetilsynet har invitert til å gi innspel på. I tillegg til dialogmøte med statsforvaltarane og brukarrådet, har Helsetilsynet gjennomført innspelsmøte med interesseorganisasjonar for barn og pårørande, statlege aktørar, fagforeiningar, ulike ombod og helseføretak.
Det er viktig for oss å høyre kva forventningar ulike aktørar har, påpeikar fagdirektør Erik Stene, som leier arbeidet med etablering av ordninga;
– Vi har fått svært mange gode innspel. Dei ulike aktørane har, ut frå rollene og ståstaden sine, bidrege til å gi ei meir komplett situasjonsforståing.
Mål for møta er både å få innspel og samtidig avklare forventningar og bygge forståing av kva ordninga skal vere – og kva ho ikkje skal vere.
Kva saker og korleis involvere barn og unge og pårørande?
Eit aktuelt tema er kva kriterium som skal ligge til grunn for sakene som ordninga skal undersøke. Kva skal grensa for svært alvorlege saker vere, og korleis skal dette arbeidet avgrensast mot eksisterande meldeordningar og tilsynsaktivitetar?
Eit anna sentralt tema er korleis vi best kan involvere barn og unge og pårørande – i gjennomgang av enkeltsaker så vel som i større analysar. Fleire har også framheva viktigheita av trygg involvering av barn. Mange har understreka at det er viktig å involvere søsken, foreldre, tilsette og alle andre som er involverte i saka og som kan bidra til læring og forbetring.
– Ei viktig avklaring er å finne ein fornuftig terskel for kva saker som ordninga skal ha gjennomgang av, forklarar Erik Stene.
– Vi er også svært opptekne av å etablere eit godt apparat for involvering av barn og unge sjølv, foreldre og pårørande, og tilsette i tenestene. Alt for å lære av tidlegare praksis, forbetre tenestene og med det førebygge framtidige hendingar.
Mange balansegangar skal avklarast
Fleire dilemma er reist, til dømes balansen mellom ei streng teieplikt for å vareta kvart enkelt barn, sett opp mot behovet for å dele informasjon for å vareta barnet. Andre balansegangar handlar om djupdykk i enkeltsaker sett opp mot overordna analysar.
I desember blir det eit nytt innspelsmøte med fleire aktørar, og i tillegg blir det halde møte med enkeltaktørar.
Helsetilsynet jobbar parallelt med å utvikle metode, organisering og grenseoppgang mellom den nye ordninga og eksisterande ordningar og tenester. Samspel mellom aktørar som statsforvaltarane, avdelingane i Helsetilsynet, justissektoren, skule og barnehage m.fl. skal også gåast opp.
– Det vil også bli veldig viktig for legitimiteten til ordninga at vi skaper ein praksis som alle sektorar har tillit til, også at vi som ordning skal kunne undersøke tilsynet sin innsats i arbeidet, seier Erik Stene.
Lovgrunnlag for undersøkingsordninga
Barne- og familiedepartementet arbeider med utforming av nytt lovgrunnlag, og planlegg å sende ut eit høyringsnotat før jul. Undersøkingsordninga vil ikkje vere permanent på plass før nytt lovverk er vedteke og tredd i kraft, etter planen frå hausten 2025. Ei mellombels ordning skal verke frå januar 2025, og stillingsutlysingar for medarbeidarar til den nye ordninga kjem allereie i desember.