Hopp til hovedinnhold

Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal gjere ein heilheitleg gjennomgang av dagens organisering av det statlege barnevernet, og rollene til Bufdir og Bufetat. Utvalet blir leia av Erik Stene, fagdirektør i Statens helsetilsyn, og skal levere sin rapport innan 1. oktober 2025.  

–Dette er eit viktig utval på eit område som treng ein ny giv. I Erik Stene får departementet ein dyktig utvalsleiar som kan feltet godt, seier direktør Sjur Lehmann i Helsetilsynet.

I dag er det offentlege ansvaret for barnevernet delt mellom stat og kommune. Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er både fagdirektorat for det statlege og det kommunale barnevernet, og etatsstyrar for den statlege delen av institusjonstilbodet. 

Fleire rapportar og utgreiingar har stilt spørsmål ved korleis det statlege barnevernet er organisert i dag, og om Bufdirs rolle som både fagdirektorat og etatsstyrar. Likevel har dette aldri vore tema for ei heilskapleg utgreiing.

– Eg vil no gjere ei vurdering av ansvar og myndigheit, og korleis det statlege barnevernet er organisert for å sikre god styring av ressursane slik at barna får best mogleg hjelp og naudsynte tenester i tråd med eigne behov, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Leiar:

Fagdirektør Erik Stene, Steinkjer

Medlemmar:

Spesialrådgjevar Jan Fredrik Andresen, Oslo
Spesialrådgjevar Mildrid Kvisvik, Notodden
Seniorforskar Nina Drange, Oslo
Kommunedirektør Kjell Hugvik, Bodø
Sjefslege Marit Hermansen, Grue

Nytt utval skal gjennomgå organiseringa av det statlege barnevernet pressemelding 20. desember 2024 regjeringen.no