Hopp til hovedinnhold

— I dette tilsynet avdekte statsforvaltarane mykje svikt. Vi er bekymra for at barn og unge i familiar som treng økonomisk sosialhjelp ikkje får den hjelpa dei har behov for, seier direktør i Helsetilsynet, Sjur Lehmann.

Eit gjennomgåande funn i tilsynet, er at mange Nav-kontor ikkje kartlegg godt nok kva behov barna og familien har.

— Det er vanskeleg å gjere vurderingar av barnet sitt beste og vurderingar av behovet for økonomisk sosialhjelp, viss ein ikkje har kartlagt kva behov barna og familien har, seier Lehmann.

Krava til praksisen til Nav-kontora som statsforvaltarane undersøkte var:  

  • Nav-kontoret gjennomfører ei tilstrekkeleg kartlegging av behova til barna ved søknad om økonomisk stønad.
  • Nav-kontoret gjennomfører ei forsvarleg vurdering og avgjerd ved søknad om økonomisk stønad til familiar.
  • Familiar som får økonomisk stønad, får oppfølging ved behov.

Tilsyna viser at manglande kartlegging førte til følgjefeil. Fordi det svikta i kartlegginga, blei vurderinga og avgjerda om økonomisk stønad gjort på eit sviktande grunnlag. Svikt i kartlegging kunne også føre til at behov for oppfølging, til dømes behov for samarbeid med andre, ikkje blei avdekt.

Nav-kontora må ta eit tydeleg ansvar for å kartleggje behovet til familien. Tilsynet viser at mange Nav-kontor berre tok omsyn til det familiane skreiv i søknaden om økonomisk sosialhjelp. Det er mange brukarar som ikkje veit kva dei kan søkje hjelp til, og viss Nav-kontoret berre tek omsyn til det som står i søknaden, kan det føre til at behova til barna ikkje blir avdekt.  

— Nav-kontora må innhente synspunkta til barna i saker som gjeld dei. Dette er eit krav etter barnekonvensjonen, som vi ser at det i lita grad blei gjort, seier Lehmann.

Nav har jobba mykje med barneperspektivet dei siste åra. Det er mellom anna utvikla mykje viktig kunnskap om oppfølging av barnefamiliar i ulike forskings- og utviklingsprosjekt. I tillegg har Arbeids- og velferdsdirektoratet utvikla rettleiaren «Barnets beste – en veileder for deg som jobber i Nav».

— Dette er positivt, og det er gjort mykje bra arbeid. Vi håpar rettleiaren vil vere til hjelp for leiarar og tilsette, og bidra til betre tenester til barnefamiliar. Dette håpar vi vil bidra til at behova til barna blir vareteke når familiar søkjer økonomisk stønad, seier Lehmann. 

Bakgrunn:

I 2022 og 2023 gjennomførte statsforvaltarane landsomfattande tilsyn med ansvaret til Nav-kontora for å vareta barns behov når familien søkjer økonomisk stønad. Tilsyna er utført på oppdrag frå Helsetilsynet. Oppsummeringsrapporten er ei samanstilling av funna frå tilsyna.