I 2024 og 2025 er undersøkingsarbeidet i barnevernet igjen tema for den landsomfattande tilsynsaktivteten. Dette er ei oppfølging av tidlegare landsomfattande tilsyn med same tema. Da fann statsforvaltaren lovbrot i svært mange av dei barnevernstenestene dei undersøkte. Denne gongen skal barnevernstenestene sjølve gjennomføre eigenkontroll og forbetringsarbeid etter rettleiar frå Helsetilsynet. Barnevernstenestene skal vurdere korleis dei gjer undersøkingane sine og om det er svikt dei må retta. Alle barnevernstenestene i landet vil få tilbod frå statsforvaltaren i sitt fylke om å delta.
Ny forsking om tilsyn i barnevernstenestene viser at den metodikken vi har lagt opp til, blant anna bruk av gjentatt eigenkontroll, har ein positiv verknad på tenestene sitt eige kvalitets- og forbetringsarbeid. Dette kan styrke eigarskap, motivasjon og trua på varig endring. I denne tilsynsaktiviteten har vi dessutan for første gong innført spesifikk rettleiing om forbetringsarbeid etter avdekka svikt, noko som er ei ny og viktig tilnærming i tilsynet. Dette grepet er i tråd med anbefalingane i forsking for å auke effekten av tilsyn og at nødvendige forbetringsprosessar faktisk blir gjennomførte i verksemdene.
Barnevernstenester som avdekker svikt, vil få rettleiing om korleis dei kan gå fram for å forbetre undersøkingsarbeidet sitt og rette opp svikt. Når tiltaka dei set i verk har virka ei stund, skal det gjennomførast ein ny eigenkontroll – for å sjå om praksis faktisk har endra seg og svikten er retta.
Barnevernstenestene skal sende resultata av eigenkontrollane sine til Helsetilsynet. Vi vil oppsummere både resultat og erfaringar frå barnevernstenester og statsforvaltarar om tilsynsaktiviteten og den metodikken vi bruker. Erfaringane vil vere nyttige i den vidare utviklinga av tilsynet, for å styrke tryggleik og kvalitet i barnevernstenestene, samt å bidra til rettstryggleik og tillit.
Helsetilsynet har utvikla to rettleiarar, ein til barnevernstenestene og ein til statsforvaltaren. Vi har også laga eigenkontrollskjema og samleskjema for barnevernstenestene og ein presentasjon om korleis barnevernstenestene kan gjere forbetringsarbeid.
De finn lenker til materiellet til tilsynsaktiviteten og oppsummeringa av det førre tilsynet («Det handler om ledelse»), samt forskingsrapporten nedanfor:
2024-2025 Barnevernstenestene sine undersøkingar
Samleside om tilsynet
Det handler om ledelse. Oppsummering av landsomfattende tilsyn med barnevernets arbeid med undersøkelser 2020-2021
Rapport fra Helsetilsynet 2/2022
Kvalitetsforbedring og læring etter tilsyn
Nyhet 03.07.2024