Risiko for at barn i fosterheim ikkje får oppfølging i samsvar med behova sine
Statsforvaltarane har funne svikt i barnevernstenesta sitt arbeid med å følgje opp barn som bur i fosterheim etter ei omsorgsovertaking. Det er funne lovbrot i nærare 70 prosent av tilsyna.
- Vi ser at oppfølgingsarbeidet har betra seg sidan landsomfattande tilsyn om same tema i 2013 og 2014. Barnevernstenestene besøkjer i hovudsak fosterheimane, og barna blir snakka med. Likevel er vi uroa. Statsforvaltarane har funne omfattande svikt i dette tilsynet, seier direktør i Helsetilsynet, Sjur Lehmann.
Det er eit hovudfunn at oppfølginga av barn ofte ikkje er systematisk og heilskapleg. Dette kan knytte seg til manglar ved planlegging av oppfølgingsarbeidet, innhenting av tilstrekkeleg informasjon av kva som er barnet sitt behov og dokumentasjon av dei barnevernsfaglege vurderingane som blir gjorde og korleis barnet si stemme kjem fram og blir vekta inn i dette. Når det er manglar eller sviktar i ein fase av oppfølgingsarbeidet, blir det fort risiko for at dette påverkar ein annan del og at det ikkje blir samanheng i arbeidet. Mangelfull styring, leiing og internkontroll er også gjennomgåande funn.
Helsetilsynet er særleg uroa for at det er mangelfull dokumentasjon i heile arbeidsprosessen. Manglande dokumentasjon gjer det krevjande å sjå kva aktivitetar som er gjennomførte og kva som ikkej blir gjort. I ei teneste med høg turnover og sjukemeldingar gjev det risiko for at informasjon glippar. For det einskilde barnet vil manglande dokumentasjon i saka føre til risiko for at barnet ikkje får den omsorga det treng.
Basert på funna tilrår Helsetilsynet følgjande:
- Bufdir bør sørgje for at rettleiaren om oppfølging av fosterheim blir godt kjend i kommunen, og at rettleiaren blir oppdatert for å få tydelegare fram samanhengen mellom arbeidsprosessar.
- Kommunen må sørgje for forsvarleg dokumentasjon i alle delar av arbeidsprosessen for å sikre ei systematisk og heilskapleg oppfølging av barn i fosterheim. Helsetilsynet oppmodar kommunane om å ta i bruk digitalt fagleg kvalitetssystem utvikla gjennom Digibarnevern.
- Kommunane må betre styringa og leiinga av oppfølgingsarbeidet ved å bruke informasjon om eigen praksis, identifisere risiko og setje i verk tiltak. Kommunen må også følgje med på at dei tiltaka dei set i verk, har ønskt verknad.
Bakgrunn
Barn som bur i fosterheim har behov for ein trygg og stabil omsorgsbase, og då er god oppfølging frå barnevernstenesta avgjerande. Det har dei siste åra blitt identifisert fleire utfordringar knytta til manglande eller utilstrekkeleg oppfølging av fosterbarn og fosterforeldre. Oppfølging av barn i fosterheim er ei kjerneoppgåve i barnevernet, og mangelfull oppfølging kan få alvorlege konsekvensar for barna. Manglande oppfølging kan føre til at barn ikkje får rett hjelp til rett tid, og at barna må flytte.
Statsforvalterne gjennomførte i perioden 2022-2023 landsomfattande tilsyn med 52 barnevernstenester si oppfølging av barn som bur i fosterhem etter omsorgsovertaking. Tilsynet er utført på oppdrag frå Helsetilsynet. Helsetilsynet har utarbeidd ein rapport som oppsummerer dei viktigaste funna frå tilsynsrapportene.
Tilsynet var rettet inn mot korleis barnevernstenesta planlegg oppfølginga, hentar inn informasjon og følgjer opp fosterheimen for å kunne vurdere, konkludere og setje iverk avgjerder slik at barnet får den omsorga og hjelpa det har behov for. Gjennomgåande skal barnet medverke og arbeidsprosessene skal understøttast av ein systematisk internkontroll.