Henriette Lunde skal leie ny undersøkingsordning
– Det er med stort engasjement og audmjukskap eg har takka ja til denne viktige oppgåva, seier Henriette Lunde, nytilsett leiar av undersøkingsordning for drap og andre alvorlege saker om vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn.
Henriette kjem frå stillinga som utgreiingsleiar i Barne- og familiedepartementet, og tek fatt på den viktige leiarjobben i mai. Frå tidlegare har ho mange års erfaring som leiar av ei rekkje forskingsoppdrag i Fafo, ei viktig erfaring som vil bidra til eit solid kunnskapsgrunnlag for undersøkingsordninga.
Helsetilsynet fekk heile 650 søkarar til dei nyoppretta stillingane for den nye undersøkingsordninga; 96 av dei søkte på leiarstillinga.
– Vi har fått svært mange godt kvalifiserte søkarar frå mange samfunns- og fagområde, og vi er heilt trygge på at dette kjem til å bli eit kompetent og dyktig team av medarbeidarar. No er vi ekstra godt fornøgd med at Henriette har takka ja til å leie teamet, seier fagdirektør Erik Stene, som leier arbeidet med etablering av ordninga.
Arbeidet med å tilsette dei fire andre medarbeidarane er nå i sluttspurten.
– Vi legg stor vekt på å sette saman eit godt team som utfyller kvarandre fagleg og personleg, saman med den nye leiaren sin. Det er vi sikre på at vi får til på ein veldig god måte, seier Stene.
Lovgrunnlaget for den nye ordninga i Statens helsetilsyn har vore på høyring, sjå Helsetilsynet sitt høyringssvar.
Høyring om lovgrunnlaget for ny undersøkingsordning om alvorlege saker mot barn | Helsetilsynet 5. februar 2025 helsetilsynet.no