Hopp til hovedinnhold

– På vegner av dei barna dette gjeld, familien deira og pårørande, er det svært viktig at ei slik ordning no endeleg blir etablert. Det breie mandatet som høyringsnotatet legg opp til, er av særleg stor betydning for å omfatte alle sektorar, tenester og aktørar. Eit slikt mandat har ingen hatt før, og vi må som samfunn bli betre på dette feltet. Dette angår oss alle, seier direktør Sjur Lehmann i Statens helsetilsyn. 

Lang erfaring med tverrsektoriell innsats

Helsetilsynet ser det som svært nyttig og viktig at den nye undersøkingsordninga blir etablert på grunnlag av eksisterande fagmiljø og undersøkingskompetanse. 

– Helsetilsynet har saman med statsforvaltarane lang erfaring med tilsyn på områda barnevern, sosial og helse. Vi har opparbeidd kompetanse på å gå gjennom saker som gjeld fleire tenester. Det er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt å bidra til læring og forbetring. Dette gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet, påpeikar Lehmann.

Godt grunnlag for det vidare arbeidet

Undersøkingsordninga inneber ei utviding av Helsetilsynet sine oppgåver, metodar og verkeområde, og vi har sidan hausten 2024 arbeidd med utvikling, organisering og grenseoppgang mellom den nye ordninga og eksisterande arbeid. 

– Gjennom innspelsmøte med over 40 ulike organisasjonar og verksemder har vi fått klare og tydelege tilbakemeldingar på at dette blir ønskt velkommen. Vi har også motteke mange og svært nyttige innspel på korleis ordninga bør innrettast. Eit særleg viktig tema har vore korleis ordninga reelt kan bidra til forbetring og læring. 

Andre sentrale område som Helsetilsynet løftar fram i høyringssvaret sitt til lovforslaget:

  • Sjølvstendet til ordninga
  • Kva som er rett tidspunkt for igangsetjing av undersøkingar
  • Analyse av datamateriale frå ulike kjelder og sektorar
  • Sanksjonsfridom
  • Barn som gjerningsperson

Les heile høyringssvaret frå Helsetilsynet:

Høringssvar - Forslag til lov om undersøkelsesordning for drap og andre alvorlige saker om vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn