Korleis kan vi bruke KI-verktøy i tilsynsarbeidet?
KI-støtte i analysearbeidet stod i fokus då Helsetilsynet inviterte til lunsjseminar i det europeiske samarbeidsnettverket vårt, SINC.
Supervision and Regulation Innovation Network for Care – SINC – er for organisasjonar som fører tilsyn med helsetenestene.
Digital SINC-lunsj samla denne veka over 100 deltakarar frå ei rekke tilsynsmyndigheiter på helsefeltet i Europa til diskusjon under temaet “Using AI to gain new insights from supervision activities”. Einar Hovlid og Frida Torkelsen presenterte Helsetilsynet sine erfaringar med å bruke KI til å analysere tilsynsfunn.
I den følgande diskusjonen blei det særleg lagt vekt på:
- Om vi kan stole på det som KI leverer
- Korleis menneska kan kvalitetssikre det KI produserer
- Korleis menneska best kan utnytte KI i arbeidet
– SINC er eit verdifullt nettverk fordi vi får innsikt i korleis felles utfordringar kan løysast på ulike måtar. Det er læring i praksis, påpeikar fagdirektør Einar Hovlid.
Nettverket blei etablert i 2019 etter initiativ frå Nederland, og har ulike aktivitetar og møteplassar for å dele erfaringar og lære av kvarandre. Ein viktig del av samarbeidet er uformelle arbeidsgrupper, som jobbar med ulike relevante tema. Helsetilsynet er mellom anna med i gruppe for Brukarinvolvering og for Datadrive tilsyn.