Landsomfattande tilsyn 2025
Statens helsetilsyn og statsforvaltarane har i 2025 planlagt følgande landsomfattande tilsynsaktivitetar:
Barnevernstenesta sine undersøkingar
Tilsynet fokuserer på eigenkontrollen til barnevernstenesta, der barnevernstenestene sjølve vurderer arbeidet sitt med undersøkingar ved hjelp av eit eigenkontrollskjema. Dersom dei avdekker svikt, får dei tilbod om rettleiing for korleis dei kan rette opp svikten og forbetre praksis. Etter at barnevernstenesta har sett i verk forbetringstiltak, vil dei gjennomføre ny eigenkontroll for å sjå om dei har lykkast med forbetringa.
Statsforvaltaren legg til rette og rettleiar i tilsynsaktiviteten, og inviterer barnevernstenesta til å delta saman med andre i fylket sitt. Barnevernstenesta kan og bruke materialet på eiga hand.
Barnevernstenestene sine undersøkingar samleside for tilsynet
Ansvaret til Nav-kontoret for å tilby tenesta økonomisk rådgiving til personar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon
I tilsynet undersøker statsforvaltarane om tenesta økonomisk rådgiving er tilgjengeleg for personar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og om Nav-kontoret tilbyr tenesta til personar med behov for ho.
Dei siste åra har vi sett auka mat- og straumprisar og auka rentenivå. Dette påverkar den økonomiske situasjonen for mange. Utsette grupper som dei med låginntekt og vanskelege levekår blir ramma hardast. Nav-kontoret skal gi opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse og førebygge sosiale problem, og økonomisk rådgiving er ein del av denne plikta.
Ei risikovurdering av sosiale tenester i Nav viste at det er risiko for svikt på dette området. Også innspel frå statsforvaltarar, ombod og andre stadfestar at tilsyn med økonomisk rådgiving er viktig og relevant.
Grunnleggande behov hos eldre som bur heime
Temaet for det landsomfattande tilsynet er korleis kommunane ivaretek grunnleggande behov hos heimebuande eldre. Tilsynet rettar seg mot eldre heimebuande pasientar over 75 år som har langvarige behov for helsehjelp og er innvilga heimesjukepleie. Tilsynserfaringar viser at det er særleg i oppfølging av pasienten det sviktar. Ein føresetnad for å fange opp endringar og forverringar, er at helsepersonellet gjer nødvendige observasjonar av pasienten. For pasientane kan konsekvensane bli auka helseutfordringar, funksjonsfall og sjukehusinnleggingar som kunne vore unngått.
Tilsynet omfattar fleire tilsynsaktivitetar i perioden 2025-2026. Målet er å undersøke om kommunane har ein praksis som sikrar at eldre heimebuande får ivareteke dei grunnleggande behova sine. Det er kommunen som har det overordna ansvaret, men for å komme nær praksis er tilsynet retta mot helsehjelp gitt som heimesjukepleie. Tilsynet er ein del av Helsetilsynet si tilsynssatsing med helse- og omsorgstenester til eldre som går føre seg i perioden 2024-2027.
Tilsynssatsing på helse- og omsorgstjenester til eldre | Helsetilsynet
Sjølvmordsførebygging i spesialisthelsetenesta
To-årig landsomfattande tilsyn med sjølvmordsforebygging i psykisk helsevern for vaksne vart avslutta i 2024. Oppfølging av lovbrot held fram i 2025. Det vil også bli laga ein oppsummeringsrapport.
Meir informasjon om tilsynet: Selvmordsforebygging i psykisk helsevern for voksne
Følgande tilsyn vart avslutta hausten 2024, og oppsummeringsrapportar blir publisert i løpet av våren 2025:
Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge
Bruk av medisindispenser hos heimebuande eldre | Helsetilsynet
Landsomfattende tilsyn med selvmordsforebygging i psykisk helsevern for voksne