Hopp til hovedinnhold

Det var stort engasjement då medarbeidarane i den nye undersøkingsordninga for saker om vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn møttest for første gong denne veka.

- Det er unikt og spennande å få vere med å bygge opp ei ordning heilt frå scratch. Teamet har ei unik samansetning med ulike fagperspektiv, og eg har tru på at vi kan gjere ein forskjell. Arbeidet vårt skal bidra til å førebygge at barn og unge blir utsett for skadar og grov omsorgssvikt i framtida, sa påtroppande leiar, Henriette Lunde.

Teamet i den nye undersøkelsesordningen, foto.Bildetekst: Første samling for teamet for den nye undersøkingsordninga om svært alvorlege saker som rammar barn, frå venstre: Marit Kval Hagemoen, Vibeke Gagnum, Henriette Lunde (bak), Karin Sasaoka og Heidi Svendsen. Ramesh Børjesson Satchi var ikkje til stades da bildet blei tatt.  

Henriette Lunde startar i mai, og frå juni er også Marit Kval Hagemoen, Karin Sasaoka og Heidi Svendsenpå plass. Vibeke Gagnum og Ramesh Børjesson Satchi kjem i august, og til hausten vil teamet også bli forsterka med en jurist.  

Skal bli knallgode på medverknad

– Vi har viktige oppgåver framfor oss: Vi skal forme ut mandat og kriterium for utveljing av saker, utvikle metodikk og bli knallgode på medverknad. Formidlingsaktivitetar blir sentralt for å sikre at funna og tilrådingane våre når ut og bidreg til læring og reell endring i tenestene. 

Les meir om medarbeidarane i det nyetablerte teamet:

Helsetilsynet ansetter fem i undersøkelsesordningen for alvorlige saker mot barn nyheit 7. mars 2025 helsetilsynet.no

Motvirke sektorisering og barrierar

Direktør Sjur Lehmann ønskte teamet velkommen og ser fram til å sjå resultat av den nye undersøkingsordninga.

– Vi treng samanhengande analysar om korleis hjelparane kan opptre meir heilskapleg og tverrsektorielt. Måten vi som samfunn har sektorisert oss på, er ein akilleshæl. Vi må motverke at denne sektoriseringa skaper barrierar for arbeidet med å hjelpe utsette barn og unge.

Lehmann påpeikar sjølvstende og fridom som sentrale grunnverdiar i arbeidet for det nye teamet:

– Sjølvstendet til undersøkingsordninga skal vernast, bli vareteke, erkjent og respektert. De skal også ha fridom til å gå inn i dei hendingane som de synest er viktige, sa Lehmann, og hadde til slutt ei oppmoding til medarbeidarane i den nye ordninga:

– Ver modige! Heilt til topps. Viss de ser at helsestyresmaktene eller andre aktørar må jobbe på ein annan måte, må de ikkje legge skjul på det. Det kjem til å blåse, og de kjem til å dunke borti sterke samfunnsinteresser og vonde tær. Vis mot, oppmoda Sjur Lehmann. 

Les også Helsetilsynets høyringssvar til lovgrunnlaget for den nye undersøkingsordninga.

Høyring om lovgrunnlaget for ny undersøkingsordning om alvorlege saker mot barn nyheit 5. februar 2025 helsetilsynet.no