Høyringssvar til forslag om endring i tannhelsetjenesteloven
Fra: | Statens helsetilsyn |
---|---|
Til: | Helse- og omsorgsdepartementet |
Dato: | 05.09.2023 |
Vår ref.: | 2023/1773-2, 2A TGI |
Statens helsetilsyn viser til Helse- og omsorgsdepartementet sitt høyringsbrev datert 12. juni 2023, om forslag til endringar i tannhelsetjenesteloven og enkelte tilhøyrande forskrifter, med frist til å uttale seg 12. september 2023.
Departementet foreslår å lovfeste rett til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta for fleire pasientgrupper. For unge vaksne i alderen 21 til og med 24 år blir det foreslått å lovfeste rett til nødvendig tannhelsehjelp med redusert betaling, i form av 25 prosent eigenandel rekna ut frå takstane til departementet. Eigenandelen blir foreslått regulert i forskrift om vederlag for tannhelsetjenester i den offentlige tannhelsetjenesten (vederlagsforskrifta). For innsette i fengsel i kriminalomsorga, og personar med rusmiddelavhengigheit som får oppfølging i den kommunale helse- og omsorgstenesta, blir det foreslått å lovfeste rett til vederlagsfri tannhelsehjelp dersom opphaldet eller tenestene dei får varer lenger enn tre månadar. Departementet foreslår også å oppheve tannhelsetjenesteloven § 1-3 andre ledd om prioritering mellom pasientgrupper. I tillegg foreslår departementet enkelte endringar i vederlagsforskrifta og forskrift om stønad til helsetjenester mottatt i et annet EØS-land som ei direkte følgje av lovforslaga.
Statens helsetilsyn støttar departementet sitt forslag. Vi ser det som positivt at gruppene som no blir tekne inn i lova får eit rettsleg krav på tannbehandling frå den offentlege tannhelsetenesta, delvis eller heilt vederlagsfritt. Når retten til behandling blir nedfelt i lova, kan pasientane òg klage på behandlinga dei får eller ikkje får, dersom dei meiner ho ikkje oppfyller krava i lova. For dei unge vaksne pasientane blir overgangen til vaksenlivet letta, og forslaget vil bidra til det førebyggjande arbeidet på tannhelsefeltet ved å skape gode vanar for pasientane med regelmessig tannhelsekontroll.
Vi støttar at lovgjevinga tydeleggjer brukargrupper som LAR-pasientar, andre rusmiddelavhengige og innsette i fengsel. Desse er pasientgrupper med til dels store og samansette helseutfordringar som tradisjonelt har stått særleg svakt, men som med dette lovforslaget vil få styrka si rettsstilling i tannhelsetenesta. Når det gjeld rusmiddelavhengige, meiner vi samtidig at inngangen til vederlagsfri tannbehandling framleis er for smal. Vi anbefaler at departementet vurderer om rusmiddelavhengige som mottek tenester etter sosialtjenesteloven også skal få rett til vederlagsfri tannbehandling. Det er mange rusmiddelavhengige som ikkje mottek tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, og som såleis fell utanfor målgruppa i lovforslaget, men som også har stort behov for tannbehandling.
Vi er også enig med departementet i forslaget om å oppheve tannhelsetjenesteloven § 1-3 andre ledd om prioritering mellom pasientgrupper. Vi ser på dette som ei positiv endring som vil bidra til å styrke den enkelte sin rett til behandling.
Med hilsen
Heidi Merete Rudi
Konst. direktør
Tone Giske
seniorrådgevar
Brevet er godkjent elektronisk og sendes derfor uten underskrift
Saksbehandlar: Tone Giske, tlf. 21 52 99 37