Hopp til hovedinnhold
Bilde av forsiden

Med blikk for betre folkehelse. Oppsummering av landsomfattande tilsyn i 2014 med arbeidet i kommunane med løpande oversikt over helsetilstanden til befolkninga og påverknadsfaktorar etter folkehelselova

Rapport fra Helsetilsynet 4/2015
PDF

Publikasjonen i epub-format

epub

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk

Veileder for tilsyn med kommunens arbeid med løpende oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer. Veileder tilsyn med kommunenes folkehelsearbeid 2014

Internserien 1/2014
PDF

 

Folkehelsearbeidet i kommunen må byggje på oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan påverke helsetilstanden. Oversikta skal vere med i grunnlaget for planar og tiltak i kommunen og slik bidra til å gjere folkehelsearbeidet meir kunnskapsbasert og treffsikkert.

Det første landsomfattande tilsynet med folkehelsearbeidet i kommunen blei gjennomført hausten 2014. Målet med tilsynet var å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang eit løpande oversiktsarbeid, kom i gang med dette, og å bidra til at kommunar som allereie hadde starta opp arbeidet, utvikla det vidare. I denne rapporten summerer vi opp funna.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn i 50 kommunar og påviste at 35 av kommunane var komne i gang med oversiktsarbeidet. Det var likevel stor variasjon i kor langt dei var komne med sjølve gjennomføringa av arbeidet. Dei andre 15 kommunane hadde ikkje komme i gang med eit løpande oversiktsarbeid. Leiinga i desse kom­munane hadde ikkje forankra arbeidet hos seg og ikkje lagt til rette for at arbeidet kunne skje på tvers av tenesteområda. Kommunane hadde heller ikkje teke stilling til kva forhold dei trong følgje med på.

At to tredelar av kommunane er komne i gang med arbeidet, vurderer Helsetilsynet som eit positivt funn. Tilbakemeldingane frå fylkesmannen kan bidra til at kommunane ser korleis det er mogleg for dei å forbetre og utvikle arbeidet vidare. Kommunane som enno ikkje var komne i gang med eit løpande oversiktsarbeid, blir følgde opp av fylkesmannen til forholda er retta opp.