Saman om betre tilsyn
Tilrådingar om brukarinvolvering i tilsyn
Rapport fra Helsetilsynet 2/2019
Saman om betre tilsyn. Tilrådingar om brukarinvolvering i tilsyn
Publikasjonen i epub-format
«Brukeres, pasienters og pårørendes stemmer skal høres!»
Sammen om bedre tilsyn – involvering av brukere, pasienter og pårørende i tilsyn
Statens helsetilsyn arbeider for at befolkninga skal få gode helse- og omsorgstenester, sosiale tenester og barnevernstenester når dei treng det. I 2014 starta Helsetilsynet og fylkesmennene eit utviklingsarbeid som har hatt styrkt brukarinvolvering i tilsyn som hovudmålsetjing. Utviklingsarbeidet handlar om arbeidsmåtane våre, verdigrunnlaget vårt, om respekt og godkjenning av den kunnskapen pasientar, brukarar og pårørande har om tenestene. Fylkesmennene har prøvd ut og utvikla arbeidsmåtar som kan gi auka brukarinvolvering i tilsyn.
Rapporten gjer greie for utviklingsaktivitetane som har gått føre seg. Arbeidet har vore drive av ei arbeidsgruppe som har gitt tilrådingar om god involveringspraksis i tilsyn. Statens helsetilsyn følgjer opp tilrådingane og tek inn oppgåver i samband med verksemdsplanlegginga for 2019. Statens helsetilsyn har etablert eit brukarråd som skal gi råd i saker som gjeld tilsynsoppdraget, og vere eit forum for å utvikle brukarinvolvering i tilsyn vidare.