Arbeidsgivar sitt ansvar dersom helsepersonell møter rusa på jobb
Når helsepersonell møter ruspåverka på arbeid, står pasienttryggleiken i fare. Arbeidsgivaren kan derfor krevje at helsepersonellet leverer rusmiddelprøve. Det er viktig at verksemda har rutinar på plass, slik at dei tilsette på vakt er i stand til å handtere situasjonar der det er mistanke om ruspåverka helsepersonell. Rusmiddelmisbruk har i fleire år vore den vanlegaste årsaka til tilbakekalling av autorisasjon. I 2019 mista 136 helsepersonell til saman 145 autorisasjonar. Den hyppigaste årsaka til at Helsetilsynet tilbakekalte autorisasjonen, er som tidligare år, misbruk av rusmiddel og åtferd som ikkje høver med yrkesutøving.
Arbeidsgivaren skal førebyggje og handtere rusmiddelproblem
Arbeidsgivaren har ansvar for å førebyggje bruk av rusmiddel på arbeidsplassen. Det finst mange verktøy og tiltak som arbeidsgivar kan bruke, og Akan er ein instans å kontakte for råd og rettleiing. Rusmiddelproblem hos tilsette kan vere utfordrande å oppdage og er ofte eit vanskeleg tema å snakke om.
Rusmiddelbruk kan føre til svekka konsentrasjon, sviktande minne, innlæringssvikt, kritikklausheit og endra stemningsleie. Å arbeide i ruspåverka tilstand utgjer ein stor risiko for feilvurderingar og svikt i pasientbehandling, og det er vesentleg at dette blir avdekt og handtert på ein tilfredsstillande måte. Det er viktig å gripe inn så tidleg som mogleg, slik at helsepersonellet får hjelp og situasjonen ikkje blir verre. Det er derfor svært viktig at leiarar på alle nivå har kunnskapar om dette. For å syte for at pasientane får forsvarleg behandling skal helsepersonell som ein mistenkjer er ruspåverka, takast ut av arbeid.
Arbeidsgivaren må vere merksam på at rusmiddelmisbruk hos helsepersonell skjer, og gi opplæring til leiarar og andre tilsette for at dei skal kunne kjenne att symptom og åtferd som kan hengje saman med ruspåverknad, og korleis ein skal handtere dette.
Mistanke om ruspåverknad skal følgjast opp
Vi har i fleire tilsynssaker sett at det er viktig at verksemder har retningslinjer for korleis dei skal handtere ruspåverknad hos dei tilsette, og at rutinane er drøfta og kjende for alle arbeidstakarane. Vi har sett tilfelle der tilsette har meldt frå om påfallande åtferd hos kollegaer utan at leiarar har teke uroa på alvor eller følgt opp saka. Det finst òg eksempel på at helsepersonell har møtt ruspåverka på arbeid, men likevel fått delta i behandling og pleie av pasientar, utan at nokon har gripe inn.
Rusmiddelprøve for å sikre bevis
Om ein mistenkjer at eit helsepersonell har teke rusmiddel, kan arbeidsgivaren krevje at helsepersonellet rusmiddeltestar seg. Det er viktig å ha klare rutinar for kven som kan påleggje testing når leiaren ikkje er til stades. Rusmiddelprøve er viktig for å sikre bevis, slik at mistanken om rusmiddelbruk kan stadfestast eller tilbakevisast. Dersom helsepersonell nektar, eller på annan måte lét vere å teste seg, kan arbeidsgivaren be politiet om hjelp. Ein rusmiddelprøve er objektiv dokumentasjon som vil lette arbeidet i ei personalsak, tilsynssak eller straffesak.
Der hendinga avdekkjer påverknad av rusmiddel hos helsepersonellet som kan føre til fare for pasienttryggleiken, er det viktig at verksemda sender melding til tilsynsmyndigheita. Verksemda skal leggje til rette for at ein rettar seg etter meldeplikta til tilsynsmyndigheita.
I tilsynssaker som gjeld bruk av rusmiddel kjem det ofte for dagen at helsepersonellet også har stole narkotiske og/eller vanedannande legemiddel frå arbeidsplassen. I slike situasjonar bør arbeidsgivaren også melde forholdet til politiet. Det er viktig med tilstrekkeleg dokumentasjon for å kunne vurdere dette på ein god måte, og ein positiv rusmiddelprøve kan vere avgjerande for både politiet og tilsynsmyndigheita sitt arbeid.
Helsepersonell som møter rusa på jobb kan utgjere ein alvorleg risiko og setje pasienttryggleiken i fare. Derfor er det vesentleg at arbeidsgivar grip inn og melder forholdet til tilsynsmyndigheita.