Hopp til hovedinnhold

Bilde av Jan Fredrik AndresenAlle treng ein stad å bu, noko å leve av, nokon å leve saman med og noko å leve for. For menneske som har utfordringar i overgangen til vaksenlivet, er det viktig å få hjelp slik at dei kan meistre tilværet på eiga hand. Tilsynserfaringar viser at vi ikkje er heilt i mål med den sosialfaglege innsatsen.

Det er betre å førebyggje enn å reparere. Rapporten «Å reise vasker øynene» viser at det er mykje å hente på å dreie innsatsen mot den tidlege fasen i ei barnevernssak. Det fordrar at barnevernet evnar å ta tak i dei viktigaste utfordringane og lytte til barnet si stemme! Ei lita gruppe barn og unge i barnevernet har omfattande psykiske lidingar. Samfunnet har ikkje etablert eit tenestetilbod med tilstrekkelege rammer og struktur som kan vareta dei aller mest sårbare. Barnevern og psykisk helsevern må spele på det same laget til barnas beste.

Det er i møtet med andre menneske vi blir oss sjølve. Erfaringar frå tilsyn i barnevernet viser at teknologi kan medverke til å etablere og utvikle mellommenneskelege relasjonar. Det gir grunnlag for teknologioptimisme.

gåseøyne utheving illustrasjon

Kunnskap om svikt er ei kjelde til betring. Tilsynet kan medverke til kvalitetsutvikling, ved at det gir høve til å formidle tilsynserfaringar til brukarar/pasientar, personell og tenester.

 

Kommunane skal syte for og føre tilsyn med at barn har eit godt «arbeidsmiljø» i barnehagane og i skulen. Tilsynsfunn gir grunnlag for å spørje om ordninga med at kommunane fører tilsyn med seg sjølve er ein optimal konstruksjon?

Langvarig satsing for å styrkje behandlingstilboda til personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit har ikkje gitt denne pasientgruppa tilstrekkeleg tilgang til integrerte, samordna og gode tenester. Vi har følgt dette tenesteområdet i 15 år og avdekt uforsvarlege tenester. 

Det er verksemdene som har ansvaret for at tenestene er trygge og gode. Arbeidsgivarar må vere klare over ansvaret sitt og følgje opp medarbeidarar som trugar tryggleiken og kvaliteten. Nye varselordningar for kommunale helse- og omsorgstenester må støtte opp under det ansvaret verksemdene har – at alvorlege hendingar skal varslast endrar ikkje ansvarsforholda.

Helse- og velferdstenestene er risikoutsette, og det må vere toleranse for at uønskte hendingar kan skje. Ein kan hindre mykje ved å syte for at medarbeidarane kjenner til, forstår og etterlever fagleg forankra framgangsmåtar, rutinar og prosedyrar.

Utviklinga av persontilpassa medisin gir store moglegheiter for effektiv behandling. Det kan vere grunn til å spørje om samfunnet har ein systematikk for prioritering som kan møte dei medisinsk-teknologiske moglegheitene i framtida.

Vi må utgjere ein skilnad for folk og håper at tilsynsmeldinga viser lesaren at godt tilsyn handlar om å gjere verda litt betre – god lesing!

skannet underskrift Jan Fredrik Andresen
JAN FREDRIK ANDRESEN