Forseinka diagnostikk av kreftsjukdom
I allmennpraksis tek pasientane ofte kontakt med ueinsarta symptom og plager som kan vere teikn på sjukdom. Dei fleste symptom og plager er godarta og går over av seg sjølv, og for mange pasientar vil ein «vent-og-sjå»-strategi vere det rette. Dei fleste treng ikkje ei omfattande utgreiing med prøver og/eller biletdiagnostikk. Legen må bruke medisinsk kunnskap og fagleg skjønn for å unngå overdiagnostikk og overbehandling som i verste fall kan føre til skade på pasienten. Men symptom og plager kan òg vere teikn på alvorleg og livstrugande sjukdom, som kreft.
Hyppige funn i tilsyn viser at avvikande prøvesvar og patologiske røntgensvar hos kreftpasienter ikkje blei følgde opp slik dei skal i allmennpraksis. Helsetilsynet forventar at fastlegen i møtet med pasienten som har symptom og/eller plager som kan vere teikn på kreftsjukdom, tek opp ein god anamnese (pasientens eigen sjukdomshistorie), gjer naudsynte kliniske undersøkingar, tek relevante blodprøver og tilviser til biletundersøkingar når det er grunn til det. Her kan fastlegen støtte seg på kliniske retningslinjer og pakkeforløp for kreft som gir føringar for kva som er god praksis.
Omfanget av saker
Vi har granska tilsynssaker som gjeld kreftsjukdom, mot legar i allmennpraksis for å sjå om vi kan finne fellestrekk som kan medverke til læring og forbetring i helsetenesta. I gjennomgangen av alle tilsynssaker mot legar i allmennpraksis som var ferdig handsama i Helsetilsynet i ein periode på tre år, fann vi at 30 saker omhandla mogleg forseinka utgreiing og diagnostikk av kreftsjukdom hos pasientar.
Vi slo fast i 26 av desse sakene at legen hadde brote kravet til forsvarleg verksemd i helsepersonellova §4. Ni av sakene omhandla brystkreft hos kvinner. Elles var sakene fordelte på ulike krefttypar, som til dømes blærekreft, lungekreft og hudkreft. Sju av pasientane var døde før eller undervegs i tilsynshandsaminga. I mange av sakene førte lovbrotet etter vår vurdering truleg til dårlegare prognose og/eller behov for meir avansert og plagsam behandling for pasientane.
Kul i brystet
Ei sak gjaldt ei eldre kvinne som konsulterte fastlegen etter at ho hadde kjent ein kul i brystet. Legen undersøkte pasienten og meinte at det ikkje var nokon kul i brystet, men viste til at det kunne vere kjertlar som hadde endra seg. Sjølv om pasienten var bekymra for kreft og bad om tilvising til mammografi, vart ho ikkje utgreia vidare.
Når kvinner over 50 år oppdagar ein kul i brystet, skal kreft mistenkjast inntil det motsette er bevist. I denne aldersgruppa er kreft den langt vanlegaste årsaka til eit slikt symptom, andre årsaker er sjeldsynte. God praksis i slike tilfelle vil vere å tilvise kvinna til eit brystdiagnostisk senter for vidare utgreiing og diagnostikk. Dette går fram av pakkeforløp for brystkreft, som er ei fagleg rettesnor for korleis ein skal utgreie pasientar med slike symptom. I dette tilfellet handla legen etter vår vurdering fagleg uforsvarleg ved at han ikkje tilviste pasienten til vidare utgreiing. Pasienten fekk seinare påvist ein 2,6 cm stor kreftsvulst i brystet.
Blod i urinen
Eit anna døme gjaldt ei klage frå ein eldre mann som hadde vore til fastlegen ti gongar i løpet av eit år med urinvegsplager der det blei påvist mikroskopisk blod i urinen. Legen gav behandling for urinvegsinfeksjon og vurderte ikkje andre diagnosar, trass i at pasienten framleis hadde blod i urinen etter gjennomført behandling.
Ondarta sjukdom må mistenkast ved langvarig urinvegsinfeksjon og gjentekne funn av blod i urinen hos eldre menn. God praksis i denne samanhengen ville vere å ta CT-urografi (røntgenundersøking med kontrastvæske av nyrer, nyrebekken, urinledere og urinblære), og deretter eventuelt cystoskopi (undersøking av urinblære og urinrøret). Dette blei ikkje gjort. Det viste seg seinare at pasienten hadde blærekreft. Vi vurderte at legen handla fagleg uforsvarleg ved at han ikkje vurderte andre diagnosar og utgreia pasienten med naudsynte supplerande undersøkingar.
Gode rutinar kan hindre svikt
Ni av sakene gjeld vurdering og utgreiing av kul i brystet hos kvinner. Brystkreft er den vanlegaste kreftforma hos kvinner, og vi forventar at legar har omfattande kunnskap om temaet. Når det gjeld blod i urinen, blod i avføring og langvarig hoste som kan vere symptom på kreftsjukdom, er dette symptom som ofte kan vere godarta. Fastlegen må derfor balansere risikoen for å oversjå alvorleg sjukdom opp mot ein klok bruk av utgreiingsskritt og supplerande undersøkingar, ved å vurdere kvar einskild pasient individuelt.
I fleire av sakene vi har gjennomgått såg vi at avvikande prøvesvar og patologiske røntgensvar ikkje blei følgde opp slik dei skal. Vi såg at årsaka kunne vere svikt i organiseringa av verksemda eller individuell svikt hos helsepersonellet. Nokre av legane viste til at forseinka diagnostikk kjem av svikt i for eksempel datasystem. Vi såg vidare at oppfølginga av patologiske prøvesvar kunne svikte i samband med ferieavvikling, vikarbruk o.l. Vi vil presisere at også legekontor er underlagde Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helsetjenesten og at eit legekontor må ha gode rutinar for å hindre at svikt skjer i slike situasjonar.