Tilsyn kan vere utfordrande
Gol kommune har hatt fleire tilsyn, og dei tilsyna som gjeld Miljøterapitenesta gjekk til slutt til Statens helsetilsyn i 2019. Fylkesmannen i Buskerud fann at Miljøterapitenesta hadde første lovbrot i 2008, vart følgt opp i 2012 og 2018. Helsetilsynet avslutta påleggssak i 2019.
Det er viktig at tilsynsorgana er medvetne om at det er nødvendig med omsynsfull åtferd under tilsynsintervju.
Gol kommune ved administrasjonen er godt fornøgd med at vi møtte tilsette frå Statens Helsetilsyn i september 2019 og hadde ein god dialog der vi opplevde å bli høyrt, forstått og tatt på alvor. Erfaringa vår er at eit møte over bordet er betre enn telefonmøter i denne samanhengen.
Det har vore ulik leiing i Miljøterapitenesta frå 2008 til no, og det er gjort mykje læring. Den viktigaste læringa er at vi skal ha ein god internkontroll, sørge for kvalitet og forbetre praksis i tenesta. Det var nok lenge ei misforståing på kva som skulle til for at tilsynsmyndigheitene skulle bli fornøgde.
Denne misforståinga botnar truleg i at det kan vera for stor avstand mellom kommunane og tilsynsmyndigheitene sin kvardag med ulike oppgåver og oppdrag. Når lovbrot blir avdekka, må slike lovbrot handterast raskt, og tilsynsmyndigheitene må vera vår hjelper. Det er avgjerande at kommunen får nødvendig veiledning. Det er på tide å koma meir i forkant, og tilsynsmyndigheitene bør arrangere konferansar/kurs med formål at kommunar kan lære av kvarandre.
Dei siste åra er det i tenesta arbeidd med:
- organisasjonskart
- stillingsbeskrivingar
- rutinar og prosedyrar som gjeld tenestekvalitet
- rutinar og prosedyrar som gjeld HMS
- rutinar som gjeld avvik og uønska hendingar
- oppfølging av tilsette, endringsarbeid med støtte frå bedriftshelsetenesta og personalavdelinga
- arbeidsmiljø og ivaretaking av tilsette
- kompetansekartlegging, kor mange har utdanning, manglar utdanning, kva treng vi av kompetanse og korleis nå målet
- leiarutvikling og leiarstøtteprogram
- dokumentasjon i journalsystem
- opplæring av alle tilsette i HOL kap 9
- opplæring av alle tilsette i vergetrening
- rekruttering av kompetanse
Gol kommune har deltatt i læringsnettverk i regi av KS-Konsulent saman med Narvik, Mo Rana, Lillehammer og Haugesund i perioden 2017-2019. Læringsnettverk var spesielt oppretta for tenester til menneske med utviklingshemming. Det vart samla inn data som vart behandla av KS-konsulentane, og formålet var å få betre innsikt i om kommunen gir effektive tenester ved å sjå på prioritering/ressursbruk, tilgjengelegheit og kostnader ved tenestene. Våre tal vart samanlikna med gjennomsnittet for dei 10 største kommunane i landet, samt dei som var med i nettverket.
Administrasjonen i Gol kommune ser på tilsyn som verdifullt ved at kommunen blir sjekka ut og kan få tilbakemelding om kva som bør korrigerast. Vi har tatt godt i mot tilsynsmyndigheitene med dialog før, under og etter tilsyn.
Likevel kan tilsyn opplevast som utfordrande, og tilsette, brukarar, pårørande og administrasjonen er litt spente før tilsyn.
Etter tilsynet kan det bli reaksjonar frå fleire hald når rapporten er offentleggjort, og det meste kan administrasjonen handtere. Det byr på noko ekstra utfordringar når lokalavisa har hatt overskrifter med «lovbrot, ulovlege og uforsvarlege tenester» som har vakt uro blant brukarar, pårørande og tilsette som må handterast av administrasjonen undervegs og i etterkant.
Det er viktig at tilsynsorgana er medvetne om at det er nødvendig med omsynsfull åtferd under tilsynsintervju. Administrasjonen tek sjølvkritikk på at vi i 2018 ikkje gav tilsynsmyndigheitene tilbakemelding straks etter tilsynet om at det var fleire av intervju-objekta som gråt under og etter tilsynet.
Det kan virke som det er noko ulik praksis i framgangsmåten til tilsynsorgan i dei ulike fylka rundt i landet. Når vi i ulike fora fortalde om at vi har hatt tilsyn med vedtak om pålegg sidan 2008 og strevar hardt med å lukke avvika, var reaksjonen frå kollegaer i andre fylker at tilsynsmyndigheitene i Buskerud var kjent for å vera veldig strenge.
Uansett, for strenge eller ikkje, så har Gol kommune arbeidd målretta for å forbetre praksis som følgje av tilsynet. Det er gjort mange endringar ved tenestene som følgje av tilsynet. Det er gjort endringar i rutinar og prosedyrar uavhengig av om det vart peika på avvik eller ikkje. Det kan virke som tilsyn i seg sjølv bidreg til forbetringar.
Ved framtidige tilsyn som viser eventuelle lovbrot, vil Gol kommune ta tidleg kontakt med og ta i mot tilsynsmyndigheitenes tilbod om at dei kan bidra til at kommunen skal kunne rette forholda som førte til lovbrota.
Artikkelen er skriven av Aud Toril Sæbø, kommunalsjef helse og omsorg i Gol kommune |
Helsetilsynet inviterer også eksterne forfattarar til å skrive åpent og fritt i våre publikasjonar, for å reflektere andre stemmer enn vår eigen. Andre samfunnsaktørars perspektiv, innspill og synspunkt bidrar til at vi blir betre. Ikkje minst er det viktig med konstruktive kritiske stemmer som stiller spørsmål ved våre vurderingar og konklusjonar. |