Framleis tvil om tvang i somatisk helsehjelp
Helsepersonell er usikre på bruk av tvang i sjukeheimar og heimeteneste. I mange kommunar er det også uklårt kven som har ansvaret. Dette svekker pasientane sin rettstryggleik, viser ein ny rapport frå Helsetilsynet.
Manglar innan alle tilsynstemaa
Statsforvaltarane gjennomførte i 2020–21 eit landsomfattande tilsyn med sjukeheimar og heimebaserte tenester for å undersøke om pasientar som manglar evne til å gi samtykke, og som ikkje vil ta imot hjelp, får nødvendig helsehjelp. Vidare blir det undersøkt om hjelpa blir gitt utan bruk av tvang, så langt råd er.
Tilsynet avdekte at regelverket ikkje er tilstrekkeleg forstått og innarbeidd i tenestene. Helsetilsynet er uroa for konsekvensane av den uvissa som ein del helsepersonell har om sentrale tema i kapittel 4A i pasient- og brukerrettighetsloven.
Nokre sentrale funn i tilsynet:
- Motstand frå pasienten mot helsehjelpa blir ikkje alltid fanga opp.
- Samtykkekompetansen til pasienten blir ikkje alltid vurdert.
- Pasienten tar ofte imot tillitsskapande tiltak, men dei er mangelfullt planlagde, følgde opp og evaluerte av helsepersonellet.
- Pasienten får ikkje alltid vedtak på tvungen helsehjelp når dei skal ha det.
- Pasientvedtaket om tvang blir ikkje alltid evaluert.
- Pasienten møter helsepersonell med manglande kunnskap og kompetanse i å bruke regelverket, og manglande felles praksis.
- Pasienten møter tenester der det kan vere uklårt kven som er ansvarleg for helsehjelpa.
- Pasienten møter tenester med utydelege styringslinjer og ikkje god nok oversikt over risikoområde.
I 2011–12 gjennomførte statsforvaltarane et landsomfattande tilsyn med tvang i somatisk helsehjelp, og avdekte omfattande svikt i kommunale sjukeheimar. Tilsynet som er gjennomført no, viser framleis svikt.
Svekker rettstryggleiken
Ein alvorleg konsekvens av desse funna er at pasientar blir utsette for ulovleg tvang når dei får helsehjelp. Eksempel på dette frå tilsynet:
«I intervju kommer det frem at en pasient motsetter seg inngrep i kroppen i form av PEG [kanal for ernæring og medisinering direkte inn i magesekken, red.anm.] Pasienten drar sonden ut og personalet setter den inn mot pasientens vilje. Det foreligger, ikke vedtak på verken bruk av PEG eller skjult medisinering gjennom sonden.»
Når det ikkje finst vedtak om bruk av tvang, har pasienten heller ikkje eit vedtak å klage på, og står dermed utan rettstryggleik. Mangelfull forståing for korleis regelverket skal praktiserast, fører også til at pasienter risikerer å ikkje få nødvendig helsehjelp, sjølv når dei oppfyller vilkåra for tvang:
«Gjennomgang av journaler viser […] tilfeller der pasienter yter motstand og forsøket på å gi helsehjelp blir avsluttet, uten at det blir vurdert om pasienten mangler samtykkekompetanse og om motstanden kan respekteres. Det blir ikke gjort en vurdering av om helsehjelpen er nødvendig og hva som risikeres ved ikke å gi helsehjelpen.»
Formålet med å gi nødvendig helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse, og rettstryggleiksgarantiar til pasientar som tek imot helsehjelp med tvang, blir dermed ikkje oppfylte.
Kapittel 4 A i pasient- og brukerrettighetsloven regulerer når helsepersonell har høve til å gjennomføre somatisk helsehjelp med tvang. Formålet er å yte nødvendig somatisk helsehjelp og å forebygge og begrense bruk av tvang. Loven set særskilte vilkår for når tvungen helsehjelp kan gjennomførast og strenge krav til saksbehandlinga.
Kommunen må sikre tydeleg ansvar og nødvendig kompetanse
Kommunen må sikre at tilsette har den kunnskapen og kompetansen som er nødvendig, slik at pasientar ikkje blir utsette for ulovleg tvang eller risikerer ikkje å få nødvendig helsehjelp. Dette inneber eit ansvar for å sørgje for opplæring og rettleiing, men også å følge med på at kompetansehevande tiltak blir gjennomførte og at tiltaka resulterer i at helsepersonellet blir trygga på korleis dei skal praktisere regelverket.
Tilsynet avdekte at det kan vere uklårt kven som er ansvarleg for helsehjelpa i kommunen. Dette er eit alvorleg funn. Den som er ansvarleg for helsehjelpa, skal gjere ei rekkje vurderingar som avgjer korleis pasienten skal følgast opp dersom hen motset seg helsehjelp. For eksempel om pasienten er samtykkekompetent, kva konsekvenser det får for pasienten dersom hjelpa ikkje blir gitt, vurdere og avgjere kva tillitsskapande tiltak som skal setjast i verk. I dei tilfella der tvungen gjennomføring av helsehjelpa er aktuelt, skal den som er ansvarleg for helsehjelpa vurdere om det planlagte tvangstiltaket svarar til behovet for helsehjelp, og avgjere om tvungen helsehjelp etter ei samla vurdering verkar som den beste løysinga for pasienten.
Uklarheiter om kven som har ansvaret for å vurdere dette, kan føre til ei forsinka vurdering og oppfølging av pasientar som motset seg helsehjelpa. Det kan i verste fall føre til at pasientar over tid blir utsett for tvang utan at vilkår er vurdert, eller at helsepersonellet let vere å gi dei nødvendig helsehjelp sjølv om vilkåra er oppfylte.
«De ansatte var ikke kjent med hvem som var overordnet faglig ansvarlig, og det var uklart om kommunen har utpekt en overordnet faglig ansvarlig. I utkast til prosedyre står det at kommuneoverlegen er overordnet faglig ansvarlig, men dette var ukjent for kommuneoverlegen.
Kommunen må sikre ei tydeleg plassering av ansvar, oppgåver og myndigheit på området tvungen somatisk helsehjelp. Det må vere klart kven som er ansvarleg for helsehjelpa, og kommunen må sikre at ansvars- og oppgåvefordelinga er kjend for dei tilsette.
Vedvarande behov for kompetanseutvikling
Helsetilsynet finn det alvorleg at den same svikten som blei påvist i 2011–12, fortsatt gjeld ti år etter. Helsetilsynet meiner det er grunn til å stille spørsmål ved om tenestene får tilstrekkeleg faglege føringar og støtte. Det er eit vedvarende behov for kompetanseutvikling på temaet tvungen somatisk helsehjelp. Helsetilsynet vil følge opp funna videre i dialog med aktuelle fagmyndigheiter.
Landsomfattande tilsyn
- Statsforvaltarane har på oppdrag frå Statens helsetilsyn gjennomført tilsyn med sjukeheimar og heimebaserte tenester i 55 kommunar
- Tilsynet blei gjennomført i 2020–2021 som systemrevisjon og eigenvurdering
- Tilsynet avdekte lovbrot i 19 av dei 30 systemrevisjonane. Alle kommunar med unntak av to, fann avvik frå eitt eller fleire av krava i sine eigenvurderingar.
Tilsynet undersøkte om:
- motstand frå pasientar mot helsehjelpa blir fanga opp.
- motstand frå pasientar blir følgt opp med tillitsskapande tiltak.
- samtykkekompetansen til pasientar blir vurdert, og den som er ansvarleg for helsehjelpa, vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang.
- tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden.