Ber sjukepleiarar vere meir obs på kjøttetande bakteriar
Helsetilsynet har det siste året fått fleire varsel om pasientar som har blitt svært alvorleg sjuke eller døydd etter å ha fått påvist infeksjon med «kjøttetande bakteriar». Fellesnemnaren for dei hendingane som er varsla til Helsetilsynet, er forseinka diagnose og behandling.
«På bakgrunn av de alvorlige varselsakene vi har behandlet det siste året, mener vi det er behov for økt oppmerksomhet om nekrotiserende bløtvevsinfeksjon, slik at denne alvorlige tilstanden blir oppdaget enda tidligere enn tilfellet er i dag.», skriv Ida Mentzoni og Kjell Ingar Bjørnstad i Helsetilsynet i eit innlegg i Tidsskriftet Sykepleien.
Nekrotiserande blautvevsinfeksjon er svært sjeldan. Men tilstanden er livstruande og krev at nokon fangar opp symptom tidleg, og at rett behandling startar raskt. Dei «raude flagga» som bør gjerast godt kjent og repeterast med jamne mellomrom er:
- Uforholdsmessig sterke smerter sett opp mot beskjedne hudforandringar
- Influensalignande symptom/infeksjonsteikn
- Stormande sjukdomsforløp (større hudforandringar og sepsisutvikling)
Les heile innlegget i tidsskriftet Sykepleien:
Mentzoni I, Bjørnstad KI. Sykepleierne har en nøkkelrolle for å oppdage nekrotiserende bløtvevsinfeksjon tidlig. Sykepleien 2. april 2024.