Hopp til hovedinnhold

Forsking viser at legar ofte let vere å søke hjelp når dei blir sjuke. Eigenbehandling er utbreidd. Dette kan vere ein uheldig og risikabel praksis, ifølgje ein studie leia av forskar og lege Hogne Sandvik ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM) i NORCE som vart publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening i vår. 

Tilsynssaker om eigenrekvirering startar ofte med bekymringsmeldingar til statsforvaltaren frå apotek der reseptar har blitt ekspedert, eller frå arbeidsgivarar eller kollegaer, som er bekymra for om legen har eit rus- eller avhengigheitsproblem. Dette gjeld ofte omfattande eigenrekvirering, og kan også involvere bruk av illegale rusmiddel eller alkoholmisbruk. 

Når legar rekvirerer vanedannande legemiddel til seg sjølv, kan det vere problematisk av fleire grunnar og det kan påverke yrkesutøvinga. Legar har enkel tilgang til vanedannande legemiddel og må derfor vere bevisst på eigen bruk. Ved behov for behandling med vanedannande legemiddel er det ei klar tilråding at legar søker hjelp hos ein annan lege.

Helsepersonelloven gir legar og tannlegar ein unik rett til å rekvirere legemiddel. I forskrift om utlevering av legemiddel er tannlegar gitt rett til å rekvirere minstepakningar av visse typar vanedannande legemiddel. På bakgrunn av desse avgrensingane i rekvireringa hos tannlegar vil vi i det vidare omtale «rekvirentar» som legar og ikkje tannlegar, då det i hovudsak er legar vi har hatt tilsyn med i desse sakene.

Kva er god praksis?  

Ifølgje Helsedirektoratet sin nasjonale rettleiar om rekvirering av vanedannande legemiddel, bør legar ikkje rekvirere vanedannande legemiddel til seg sjølv, familie eller nærståande, sjølv om det er ein medisinsk indikasjon for slik behandling. Det står vidare at viss det er nødvendig å rekvirere slike legemiddel til ein nærståande eller seg sjølv, så bør minste nødvendige talet på tablettar ordinerast og bli rekvirert, inntil ein annan lege kan overta ansvaret.  

Det blir dessutan påpeika at all ordinasjon av legemiddel i utgangspunktet skal journalførast. Grunnen til at legar ikkje bør rekvirere vanedannande legemiddel til seg sjølv, er mangelen på objektivitet, som kan hindre ei forsvarleg vurdering av eige behandlingsbehov. Legar bør oppsøke fastlegen eller ein annan behandlar for helsehjelp.

Det er ei fagleg forventning at legar følger faglege normer og retningslinjer. I konkrete saker kan derfor tilsynsmaktene vurdere at rekvirering av vanedannande legemiddel til eige bruk er uforsvarleg og eit brot på kravet i helsepersonelloven om å gi forsvarleg helsehjelp.  

Grunn til å mistenke misbruk eller avhengigheit? 

Når tilsynsmakta oppdagar at legar over tid har rekvirert vanedannande legemiddel til seg sjølv, vil det ofte vere grunn til å tru at legen har eit misbruk eller ei avhengigheit av vanedannande legemiddel. Vi må då vurdere om bruken av legemidla gjer legen ueigna å utøve yrket sitt og om det er grunnlag for å kalle tilbake autorisasjonen, i samsvar med helsepersonelloven § 57.  

Viss dei vanedannande legemidla er ein del av ei forsvarleg behandling rekvirert av ein annan lege, er situasjonen annleis. Likevel har helsepersonell ei plikt til å ikkje vere påverka av rusmiddel i arbeidstida, ref. helsepersonelloven § 8.

Sjølv når ein annan lege står for behandlinga, kan bruken av vanedannande legemiddel gjere ein lege ueigna til å jobbe i helsetenesta. Dette blir vurdert konkret i kvar enkelt sak. 

Fare for pasienttryggleiken? 

Vanedannande legemiddel påverkar funksjonar som konsentrasjonsevne, minne, konsekvensanalyse og innlæringsevne, og kan redusere koordinasjons- og reaksjonsevna. Legar som bruker vanedannande legemiddel, kan derfor utgjere ein fare for kvaliteten og tryggleiken i helsetenesta. Dette gjeld sjølv om det ikkje er oppdaga feil i arbeidet deira.  

Utgangspunktet vårt vil vere at bruken av vanedannande legemiddel kan vere ein risiko for pasienttryggleiken. Langvarig bruk av vanedannande legemiddel kan også medføre ei svekt forståing av problemet.    

Uforsvarleg verksemd? 

Tilsynsmaktene vil ofte konkludere med at rekvirering av vanedannande legemiddel til eige bruk er eit brot på forsvarlegkravet i helsepersonelloven § 4. Omfattande og langvarig rekvirering av vanedannande legemiddel kan avvike så mykje frå god praksis, at vi konkluderer med «uforsvarleg verksemd», noko som kan føre til at autorisasjonen blir kalla tilbake. Dette er stadfesta i fleire klagesaker behandla av Statens helsepersonellnemnd, som er klageinstans for vedtak frå Helsetilsynet. 

Brot på tilliten? 

Å rekvirere vanedannande legemiddel til seg sjølv kan svekke tilliten til legen og helsetenesta. Legen manglar objektivitet, noko som er nødvendig for å oppretthalde profesjonelle rammer. Misbruk av rekvireringsretten er eit tillitsbrot og Helsetilsynet kan vurdere om tilliten er svekt nok til å kalle tilbake autorisasjonen. 

Legar bør vere klar over rammene sine og sjølv søke hjelp når det er nødvendig.