Hopp til hovedinnhold

I ein fagartikkel i Tidsskriftet Sykepleien, skriv Heidi Synøve Mørk og Gro Fredheim frå Helsetilsynet at transport av legemiddel er ei blindsone i kommunane.

–Feilutdeling kan skje dersom kommunen ikkje sikrar gode rutinar for transporten av legemidla, og dersom oppgåve- og ansvarsfordelinga ikkje er tydeleg og forstått av personellet som er involvert i legemiddelhandteringa.

I fagartikkelen trekkjer dei fram fleire læringspunkt og forbetringsområde for å sikre trygg transport, handtering og utdeling av legemiddel i heimetenesta, basert på tilsynserfaringar. Den involverte kommunen har identifisert og testa ut fleire praksisnære tiltak som kan bidra til å redusere risiko ved legemiddelhandteringa.

Eit viktig innspel til kommunane er å inkludere pasienten, pårørande, tilsette og leiing på ulike nivå i forbetringsarbeidet.

Les meir i: