Hopp til hovedinnhold

Kort introduksjon til rettskjelder

Regelverket om sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid blir utgjort av lover gitt av Stortinget og forskrifter gitt av Regjeringa eller departementa etter tildelt myndigheit. Det kan vera bestemt i lova at eit departement kan gi føresegner innanfor eit angitt område. Myndigheit til å gi forskrifter kan også vera gitt ved delegasjon.

Lover og forskrifter reiser tolkingsspørsmål. Eksempelvis kan ord og setningsoppbygning vera mangetydig. For å tolka kva som skal leggjast i ei føresegn blir det lagt vekt på rettskjelder.

Praksisen til domstolane er ei rettskjelde. Størst vekt blir lagt på Høgsterett sin praksis, men det blir også lagt vekt på lagmannsretts- og tingrettsdommar.

Forarbeida til lovene er viktige kjelder til å tolka lovene. Desse finst først og fremst i proposisjonar til Stortinget, innstillingane frå stortingskomiteane og debattane i Stortinget.

Praksisen og sedvanane til forvaltninga («korleis ein ordnar seg innanfor eit område») blir lagt vekt på ved tolking av lover og forskrifter.

Det er også relevant å leggja vekt på juridisk teori.

På nokre rettsområde har Noreg internasjonale forpliktingar, ofte i form av tilslutning til konvensjonar. Til vanleg blir desse inkorporert i vårt eige lovverk. Nasjonalt regelverk kan ikkje bryta med konvensjonane.

Rundskriv

Etter at lover og forskrifter er vedtekne, utarbeider sentralforvaltninga ofte retningslinjer for korleis føresegnene er å forstå. Dette er forvaltninga si eiga tolking av reglane. Som regel dannar lovforarbeida basis for retningslinjene. Dei kjem vanlegvis til uttrykk i såkalla rundskriv.

Regelverk på internett

Eit utval av relevant regelverk om sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester er samla i denne regelverksmenyen. Alle lover og forskrifter finst oppdatert på Lovdatas opne nettstad. Lovdata si betalingsteneste har meir omfattande samlingar, der ein mellom anna har tilvisingar til forarbeid og historiske versjonar. Det same gjeld konvensjonar og nye høgsteretts- og lagmannsrettsdommar. Lovforslag med forarbeid, finst på nettstaden til regjeringa. Stortingets merknader til forslaget og eventuelle endringar er tilgjengeleg på Stortingets nettstad. Rundskriv finst hos det organet som har gitt ut rundskrivet.