Tenestene til biblioteket
Biblioteket sitt tilbod er først og fremst meint for Helsetilsynet sine tilsette sentralt og for dei som jobbar med ansvarsområda til Helsetilsynet hos statsforvaltaren.
Samlinga til biblioteket er i utgangspunktet ikkje til utlån for eksterne brukarar, bortsett frå litteratur som berre finst hos oss.
Frå 1. januar 2016 er det oppretta eit felles bibliotek for helseforvaltninga på Folkehelseinstituttet, og Helsetilsynet kjøper dei helsefaglege bibliotektenestene derifrå. Helsetilsynet har framleis bibliotektenester på fagområda tilsyn, barnevern og sosiale tenester, i tillegg til at biblioteket også driv med informasjonsovervaking og -formidling på alle områda til Helsetilsynet.
Alle som ønskjer det, kan få tilsendt tilvekstlistene til biblioteket på e-post.
Kontaktinformasjon
Postboks 231 Skøyen, 0213 Oslo
Tlf. 21 52 99 00 / e-post:
Ekspedisjonstid: 09.00–15.00 (besøk må avtalast)