Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge
Statsforvaltarane skal i 2024 føre tilsyn med arbeidet i kommunane for å fremje god psykisk helse hos barn og unge.
Tilsynet skal undersøke om kommunen har oversikt over helsetilstanden til barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira. Vidare skal tilsynet undersøke om kommunen bruker denne kunnskapen i planarbeidet sitt og om dette blir følgt opp med relevante tiltak.
Alle kommunane i landet vil bli bede om å svare på eit spørjeskjema. Statsforvaltaren vil på bakgrunn av dette velje ut nokre kommunar for grundigare intervju.
Statsforvaltaren vil ha ei felles samling for kommunane i fylket hausten 2024. Der vil funna frå undersøkinga og dei grundigare intervjua på fylkesnivå bli presentert, og det blir lagt opp til vidare dialog omkring det viktige arbeidet for oppvekst- og levekåra til barn og unge. Statens helsetilsyn vil i etterkant lage ein oppsummeringsrapport med hovudfunn frå tilsynet på landsbasis.
2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge
Søk etter tilsynsrapporter
Kommunenes folkehelsearbeid for å fremme god psykisk helse hos barn og unge
Artikkel i Tilsynsmeldingen 2024
Veileder til tilsyn etter folkehelseloven 2024
Internserien 3/2024
Landsomfattande tilsyn 2024
Nyhet 5.1.2024