Tilsyn i barneverninstitusjoner — forsvarlig omsorg 2018
Dette landsomfattande tilsynet er ikkje avslutta. Nedanfor finn du grunnane for å velje dette temaet/tenesteområdet og lenke til tilsynsrapportane frå kvart enkelt tilsyn med verksemder som fylkesmennene har gjort. Det landsomfattande tilsynet er planlagt avslutta vinteren 2019 med ein oppsummeringsrapport frå Statens helsetilsyn.
I 2018 skal fylkesmannen føre landsomfattande tilsyn med barnevernsinstitusjonar. Tilsynet er avgrensa til å undersøkje nokre få, men viktige element i den daglege omsorga for barna og korleis institusjonen arbeider med bruk av tvang:
- tydelege rammer som sikrar barn tryggleik
- stabil og god vaksenkontakt
- førebygging, gjennomføring og oppfølging av tvang
Medverknad er eit gjennomgåande og integrert tema i alle forholda som blir undersøkte. Fylkesmannen skal snakke med barna, blant anna for å undersøkje om retten dei har til medverknad, blir oppfylt. Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB) skal saman med Helsetilsynet produsere ein informasjonsfilm om tilsynet for barn og unge som bur på dei aktuelle institusjonane. Denne teksten er henta frå Tilsynsmelding 2017.
2018 Barneverninstitusjoner – forsvarlig omsorg
Tilsynsrapporter fra hvert enkelt tilsyn
Les meir om landsomfattande tilsyn
Landsomfattande tilsyn 2018 (pdf) Artikkel i Tilsynsmelding 2017