Rapport frå tilsyn med helsetenester med tvang til personar utan samtykkekompetanse ved Byglandsheimen 2020
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot. Tilsynet er derfor avslutta.
1. Tema og omfang for tilsynet
- Motstanden til pasientar mot helsehjelpa blir fanga opp
- Motstand frå pasientar blir følgde opp med tillitsskapandetiltak.
- Samtykkekompetansen til pasientar blir vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang
- Tvungen helsehjelp blir jamleg evaluert i gjennomføringsperioden
- Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgsteneste, etter helse- og omsorgstjenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 2.
Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samband med gjeldande regler i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.
Pasient- og brukerrettslova (pbrl.)
Helse- og omsorgstenestelova (hol.)
Helsepersonellova (hpl.)
Forvaltningslova (fvl.)
Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta
2.1 Kommunen si plikt til systematisk leiing og kvalitetsbetring
Kommunen har ei generell plikt til å planleggje, gjennomføra, evaluera og korrigera verksemda slik at omfanget og innhaldet i tenesta er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd. Desse styringskrava må sjåast i samanheng med internkontrollplikta etter helsetilsynslova § 5. Dei må vidare sjåast i samanheng med ansvaret for å tilby og yta forsvarlege helse- og omsorgstenester og med plikta til å arbeida systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukarsikkerheit, jf. hol. §§ 4-1 og 4-2.
Innhaldet i styringskrava er nærare regulert i forskrift om leiing og kvalitetsbetring i helse- og omsorgstenesta. Internkontroll blir omtalt i forskrifta som styringssystem. Styringssystemet er summen av dei aktivitetane, system og prosessar som kommunen tar i bruk for å planleggja, gjennomføra, evaluera og korrigera tenestene, jf. forskrifta si § 6-9. Styringssystemet skal vera tilpassa storleiken på kommunen, kommunen sin eigenart, aktivitetar og risikotilhøve, og ha det omfanget som er nødvendig, jf. forskrifta sin § 5. Tilsvarande gjeld for i kor stor grad kommunen skal dokumentera styringsaktivitetane.
I dette tilsynet har vi hatt fokus på følgjande styringskrav:
Kommunen har oversikt over område innanfor tvungen helsehjelp der det er risiko for svikt eller mangel på etterleving av krava til styresmakta, jf. § 6d
Tvungen helsehjelp er eit risikoområde som krev skjerpt medvit om risikostyring og risikohandtering. For at kommunen skal ha grunnlag for å velja styringstiltak som reduserer risiko, må kommunen ha oversikt over kvar det er risiko og sårbarheit i eiga verksemd.
Kommunen har klar fordeling av ansvar, oppgåver og styresmakt jf. §§ 6a og 7a
Kommunen skal ha ei klar organisering av helsetenestene og organiseringa skal vera kjent for dei tilsette. På området tvungen helsehjelp er det ofte fleire helsepersonell som yter helsehjelp til same pasient, men med ulik kompetanse. Det er då heilt vesentleg å ha ei klar fordeling av ansvar, oppgåver og styresmakt for å redusera svikt.
Kommunen sikrar at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføra oppgåvene sine, jf. §§ 6f og 7b
For å kunna organisera helsetenesta og fordela ansvar og oppgåver, treng kommunen kunnskap om kva kompetanse helsetenesta har behov for og kva kompetanse dei tilsette har. Kommunen har eit ansvar for at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse om tvungen somatisk helsehjelp for å kunna etterleva krava i pbrl. kapittel 4 A og for å kunna utføra jobben sin på ein fagleg forsvarleg og god måte.
Kommunen legg til rette for felles praksis, samarbeid og informasjonsutveksling, jf. §§ 6c og 6d
Tvungen helsehjelp er eit område der det er behov for samarbeid, rutinar og informasjons-utveksling for å sikra forsvarleg og felles praksis. Kommunen skal ha vurdert kva for nokre faglege og administrative rutinar, instruksar og avtalar som er nødvendige. I dette inngår at kommunen har rutinar for dokumentasjon i journalen til pasientane, slik at opplysningar som er av tyding for helsehjelpa er tilgjengeleg for dei som har tenestleg behov for det og at opplysningane enkelt kan finnast.
Følgje med på at å setja i verk tiltak blir følgde i praksis, har effekt og eventuelt blir korrigert, jf. §§ 6g, 7e og §§ 8 og 9
Kommunen har ansvar for at aktivitetar blir gjennomført som planlagt og for å følgje med på om dei er formålstenlege og fungerer etter hensikta si. Kontrollen til kommunen kan til dømes skje gjennom intern rapportering, med å ha oversikt over meldingar om svikt og moglege betringsområde frå tilsette, oversikt over klager frå pasientar og pårørande og med å bruka resultat frå pasientundersøkingar og eigne revisjonar.
Kommunen skal utpeika kven som skal vera overordna fagleg ansvarleg for tvungen helsehjelp. Den som er utpeika til å ha denne funksjonen, skal få kopi av vedtak om tvungen helsehjelp som er fatta i kommunen, og får gjennom vedtaka viktig informasjon om praktiseringa i kommunen om tvungen helsehjelp. Dersom kommunen gjennom kontrollen avdekker manglar, skal kommunen setja i verk nødvendige betringstiltak.
Krava som vert stilte til helse- og omsorgstenesta
I lovgivinga er det stilt ei rekke krav til helse- og omsorgstenesta i kommunen. Kommunen skal gjennom styringa og leiinga si sikra at desse krava blir oppfylte. Nedanfor er ei oversikt over dei krava som er undersøkte:
Nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester
Pasientar har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, jf. pbrl. § 2-1a andre ledd, og § 2-1 e. Kommunen har ei tilsvarande plikt til å gje slik hjelp etter hol. § 3-1, og aktuelt for dette tilsynet er opphald på sjukeheim, jf. hol. §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c.
Helsehjelpa som blir ytt skal vera forsvarleg, jf. hol. § 4-1. Kravet om forsvarlegheit er ein rettsleg standard. Dette inneber at innhaldet i kravet blir bestemt av kva som til kvar tid er anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Kravet til forsvarlegheit set ikkje berre krav til den faglege kvaliteten, men også til at tenestene blir ytt til riktig tid og har eit tilstrekkeleg omfang.
Det følgjer av hol. § 4-1 at kravet om forsvarlegheit òg omfattar at tenestetilbodet skal vera verdig, heilskapleg og koordinert. Dette må sjåast i samanheng med plikta til kommunen etter hol. § 3-4 første ledd til å legga til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike deltenester internt i kommunen og med andre tenesteytarar. Fastlegane vil ofte vera ansvarleg for, eller involverte i, prosessar om tvungen helsehjelp. I forskrift om fastlegeordninga i kommunane § 8 er det presisert at samarbeidsplikta til kommunen i hol. § 3-4 òg omfattar å legga til rette for samarbeid med fastlegen, og eit slikt samarbeid må nødvendigvis omfatta situasjonar der fastlegen er ansvarleg for helsehjelp som helse- og omsorgstenesta i kommunen skal gjennomføra.
2.2 Føresetnader og krav i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A
For at pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A skal kunne brukast, er det enkelte føresetnader som må vera oppfylt. Helsehjelpa må vera somatisk, pasienten må vera over 16 år, mangla samtykkekompetanse og motsetja seg helsehjelpa. Der føresetnadene er oppfylte, er det ei rekke vilkår som må vera oppfylt før helsehjelpa kan gjennomførast med tvang, og det er stilt særskilde krav til sakshandsaminga.
Samtykkevurderingar
Hovudregelen er at pasienten skal samtykka til helsehjelpa, jf. pbrl. § 4-1. Der det er usikkert om pasienten forstår konsekvensane av å nekta helsehjelpa, skal den som har det faglege ansvaret for helsehjelpa vurdera om pasienten manglar samtykkekompetanse etter pbrl. § 4-3. Dette vil ofte vera den same som skal gjera dei helsefaglege vurderingane etter pbrl. kapittel 4 A. Fordi avgjerder om manglande samtykkekompetanse er ein premiss for å nytta tvungen helsehjelp, er det heilt vesentleg at samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert på ein forsvarleg måte.
Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan visa motstand mot helsehjelp på ulike måtar, enten verbalt eller fysisk. Helsehjelp som blir gjennomført sjølv om pasienten motset seg han, er å sjå på som tvungen helsehjelp. Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse, men ikkje motset seg helsehjelpa, gir pbrl. § 4-6 helsepersonell heimel til å ta avgjerder om helsehjelpa.
Tillitsskapande tiltak
Tillitsskapande tiltak er tiltak som blir sett i verk for å få pasienten til frivillig å ta imot helsehjelpa. Det er eit vilkår om at tillitsskapande tiltak er freista før helsehjelpa blir gjennomført med tvang, med mindre det er openberra formålslaust å prøva slike tiltak, jf. pbrl. § 4A-3 første ledd.
Helsefaglege vurderingar
Ansvarleg for helsehjelpa skal gjera helsefaglege vurderingar av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd er oppfylte. Desse vurderingane omfattar om helsehjelpa er nødvendig, noko som inneber at det omhandlar helsehjelp som pasienten har rett på helsehjelpa etter pbrl. § 2-1 a andre ledd og om unnlating av å gi helsehjelpa kan føra til vesentleg helseskade. Vidare skal vurderingane omfatta om det planlagde tvangstiltaket står i høve til behovet for helsehjelpa og at tvungen helsehjelp etter ei heilskapleg vurdering verkar som den klart beste løysinga for pasienten.
Dersom tiltaket er å sjå på som eit alvorleg inngrep for pasienten, som til dømes tiltak som inneber inngrep i kroppen, bruk av legemiddel ein får på resept, tvungen innlegging og tilbakehalding av pasienten på sjukeheimen, skal den ansvarleg for helsehjelpa samrå seg med anna kvalifisert personell, jf. § 4A-5 andre ledd. Så langt det er mogleg skal helsepersonell innhenta informasjon frå den næraste pårørande til pasienten om kva pasienten ville ha ønskt, før avgjerda om tvungen helsehjelp blir tatt, jf. § 4A-5 fjerde ledd
Evaluering av tvungen helsehjelp
Tvungen helsehjelp skal etter § 4A-4 fjerde ledd evaluerast jamleg og avbrytast straks vilkåra ikkje lenger er oppfylt. Det skal i evalueringa leggjast vekt på om helsehjelpa viser seg å ha ønsket verknad, eller ha uforutsette negative verknader.
Dokumentasjon
Helsepersonell skal føra journal i samsvar med dei krava som blir stilte til innhaldet i journalen, jf. hpl. § 39. Formålet med kravet om å føra pasientjournal er mellom anna å sikra forsvarleg oppfølging av pasienten og ta vare på pasientsikkerheita. Opplysningar knytt til tema i dette tilsynet er å sjå på som relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Slike opplysningar skal etter hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 4–8 blir dokumentert i journalen til pasienten.
3. Framstilling av faktagrunnlaget
Bygland kommune ligg i Setesdal i Agder og grensar mot åtte andre kommunar. Kommunen ligg langs Byglandsfjorden og har ca. 1150 innbyggarar. Kommuneadministrasjonen ligg i tettstaden Bygland, medan Byglandsfjord som ligg lenger sør, er den største tettstaden i kommunen.
Kommunen har éin sjukeheim, Byglandsheimen. Her er det 10 langtidsplassar og seks korttidsplassar. I tillegg er det åtte omsorgsbustader som også er knytt til Byglandsheimen. Det er lokalisert eit bufellesskap for seks pasientar med demenssjukdom på Byglandsheimen. Bufellesskapet inneheld opphaldsrom med eige bad. Bebuarane har felles stove og kjøkken og dessutan utgang til eigen terrasse og hage. I tillegg er 4 aldersheimplassar òg plasserte på Byglandsheimen.
Kommunen har tre fastlegar, og den eine har òg funksjon som sjukeheimslege. Tenesteleiar for pleia og omsorg er òg ass. kommunedirektør. Han har ansvaret for helse- og omsorgstenestene i kommune. Ein eigen avdelingsleiar har ansvaret for Byglandsheimen.
Gjennom tilsynet skal Statsforvaltaren undersøka om kommunen sikrar at pasientar som manglar samtykkekompetanse og som motset seg helsehjelpa får nødvendig helsehjelp, og at helsehjelpa så langt det er mogleg blir gitt utan bruk av tvang. Undersøkingane omfattar om kommunen gjennom styringssystemet sitt sikrar at:
- motstanden til pasientar mot helsehjelpa blir fanga opp
- motstand frå pasientar vert følgde opp med tillitsskapande tiltak
- samtykkekompetansen til pasientar blir vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang
- tvungen helsehjelp blir jamlege evaluert i gjennomføringsperioden
Undersøkingsområda inngår i ein naturleg prosess frå motstand mot helsehjelp blir fanga opp og til ein konklusjon om at helsehjelpa, skal eller ikkje skal gjennomførast med tvang.
3.1 Skildring av faktagrunnlaget
I forkant av tilsynet fekk Statsforvaltaren oversendt styrande dokument for verksemda, og dessutan journalar for dei siste seks pasientane som var innlagt ved Byglandsheimen. Journalane på til saman 476 sider frå det siste året, vart gjennomgått. Det vart så utarbeidd ein matrise for desse seks pasientane som gav ein systematisk og konkret oversikt vurdert opp mot tema for tilsynet.
Statsforvaltaren har så langt berre mottatt eitt vedtak etter pbrl. kapittel 4A frå Bygland kommune. Vedtaket var datert 30.09.2020. Dette vedtaket var svært grundig og det var godt gjort greie for dei elementa som skal vurderast i pbrl. kapittel 4A. Samtykkekompetansevurderinga var òg heilt i tråd med lova og dei forventningane ein har til detaljnivået.
Oversikt over tilsend dokumentasjon ligg ved denne tilsynsrapporten, jf. vedlegg
3.2 Motstanden til pasientar mot helsehjelp blir fanga opp
Det var oppfatninga til tilsynet at helsepersonell fangar opp motstanden til pasientane gjennom god kjennskap til desse og ved diskusjon i personalgruppa. Kartlegging av motstand blir identifisert og dette blir dokumentert i pasientjournalane. Dette vart òg stadfesta i intervjua. I ein pasientjournal er det skildra motstand mot ernæring. Hos ein annan pasient kjem det fram mostand mot stell og pleie i journalen..
Konkret blir det skildra med at pasientane uttrykker seg verbalt eller ved at dei ser vekk, går unna. Det vart under intervjua gitt døme på medisinering og sårstell. Ofte kan ein sjå reaksjonen ved at nokre pasientar kan bli sinte og kan slå/sparka. Dette blir ofte diskutert personalet imellom og då korleis tillitsskapande tiltak kan prøvast, sjå nedanfor. Også på langtidsavdelinga kan det finnast motstand av varierande grad, sjølv om pasientane kan ha problem med å uttrykka seg. Det er ein fordel at ein har godt kjennskap til pasientane over tid.
Under intervjua fekk Statsforvaltaren forståing av at ingen pasientar har nekta å ta medisinane sine.
3.3 Motstand frå pasientar blir følgde opp med tillitsskapande tiltak
Både ved gjennomgang av pasientjournalar og ved intervju, finn vi at personalet nyttar mange ulike tillitsskapande tiltak:
Personalet bruker god tid og prøver gjerne fleire gonger. Dersom ein ikkje lykkast første gong, ventar ein til seinare. Dette blir ikkje gjort for mange gonger, då det kan medføra auka motstand frå pasienten. Pasienten blir gitt positive merksemd, ein prøver «å komma på lag med pasienten». Ein kan setja seg ned i ansiktshøgde med pasienten og forklara kva som skal skje. Forklaring på kva som skal skje blir ofte gitt i eit forsøk på å få pasienten til å forstå. Er pasienten avvisande mot eit av helsepersonellet, prøver ein med eit anna helsepersonell. Det vart gitt eit konkret døme på ein situasjon der ein pasient ikkje ønskte å eta. Då pasienten seinare vart tilboden mat, ønskte han dette.
I intervju kom fram det at personalet set seg saman og samtaler om motstand og aktuelle tillitsskapande tiltak hos enkeltpasientar.
Informasjon frå pårørande er vesentleg, og tett dialog med desse er vektlagt. Pårørande får eit hefte som dei kan fylla ut om pasienten, dette heftet skal finnast for alle pasientane på demensavdelinga. Tilsynet har forstått at dette kallast «minnebok» som inneheld viktig informasjon om pasienten. Pårørande blir òg meir sporadisk kontakta over telefon, utan at vi fann nokon systematikk i dette.
Kva som har vore prøvd av tillitsskapande tiltak er dokumentert i pasientjournalen.
Det har vore halde temadag med spesialisthelsetenesta om ein pasient med særlege utfordringar.
Det er vurderinga til tilsynet at det ved Byglandsheimen vart prøvd fleire alternative tillitsskapande tiltak, før tvangstiltak var aktuelt som ei moglegheit. For tilsynet verka det derfor som at denne føresetnaden i pasient- og brukarrettslova var oppfylt.
3.4 Om samtykkekompetansen vert vurdert og om den ansvarlege for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang
3.4.1 Samtykkekompetanse
Statsforvaltaren hadde også i 2019 tilsyn i Bygland kommune. Temaet var den gong tildeling av plassar og ordning av ventelister, medisinsk oppfølging, brukarmedverknad, disponering av kontantytingar og dessutan internkontroll. I tilsynsrapporten vart det skildra at det var lite spor av samtykkekompetansevurdering for pasientane ved Byglandsheimen. Bygland kommune skulle etter dette laga ein eigen rutine for samtykkekompetansevurdering.
Ein heilt ny prosedyre er innført frå 06.10.2020. Det var vedlagt ei rettleiing til denne prosedyren. Vurdering av samtykkekompetanse er ein del av primærkontaktens oppgåver. I rutinane for primærkontakten var dette førebels likevel ikkje implementert.
Det finst ein oppdatert prosedyre «årsgjennomgang» av samtykkekompetansen til pasientane. Det vart opplyst under intervjua at prosedyren no blir i tatt i bruk.
I notat av 06.10.2020 frå tenesteleiar kjem det fram at samtykkekompetansen skal vurderast ved innkomstsamtale og ved årskontroll. Ved gjennom av journalar og intervju kan det sjå ut til at det ikkje er ein systematisk rutine i verksemda, på at dette blir gjort med alle pasientar. I eit notat skal primærkontakt delta i vurdering av samtykkekompetanse. I «rutine primærsjukepleie på Byglandsheimen» er dette ikkje nemnt. Av intervju kjem det fram at primærkontakt er deltakande når samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert.
Under dette tilsynet i 2020 kunne det ikkje observerast at det til no har vore nokon systematisk gjennomgang av samtykkekompetansen til alle pasientane. Kommunen har i rutinane sine eit skjema frå 2019 for bruk til vurdering av samtykkekompetanse. Dette skjemaet vart nytta til vurdering av pasient der det er fatta vedtak om helsehjelp utan eige samtykke etter pbrl. kapittel 4A.
På korttidsavdelinga blir det heller ikkje utført systematisk vurdering av samtykkekompetansen til pasientane. Ved tvilstilfelle ser det likevel ut til at dette blir gjort for nye pasientar.
I samtykkekompetansevurderinga blir det opplyst at pårørande blir tatt inn til samtale, men det er usikkert om dette er dokumentert i vedtaket og dermed òg usikkert om det blir informert om klagetilgong.
Helsepersonell opplyser at dei har eit dagleg ansvar for vurdering av samtykkekompetansen. Det er likevel legen som gjer den endelege vurderinga etter gjennomgang med sjukepleiar. Det finst to journalnotat daterte 02.11.2020 der dette er gjennomført. Ofte er pasientane noko kjende frå tidlegare og ein kjenner derfor forhistoria. Der pasientane ikkje er så kjende, ventar ein litt før samtykkekompetansen vert vurdert.
I nokre tilfelle skriv helsepersonell i pasientjournalen; «pasienten er klar og orientert» i dei tilfella der pasienten opplagt innehar samtykkekompetanse.
Statsforvaltaren ser at det er utarbeidd nye prosedyrar for samtykkekompetansevurdering, men at dei ikkje førebels er godt nok kjente i organisasjonen. Sjukeheimslegen er ifølgje prosedyrane den som vurderer samtykkekompetansen til pasienten. Gjennom intervjua er det likevel inntrykket vårt at det er fokus på at dette no skal innarbeidast og allereie blir gjennomført. Tilsynet vart førelagt to nye samtykkekompetansevurderingar som var grundige og heilt i tråd med anbefalte prosedyrar. Sjølv om samtykkekompetansevurdering ikkje er gjennomført for alle pasientane, er dette likevel gjort for det eine vedtaket etter pbrl. kapittel 4A. Det er derfor Statsforvaltarens oppfatning at samtykkekompetansen er vurdert, før det blir tatt stilling til om helsehjelpa skal gjennomførast, sjølv om pasienten motset seg dette.
3.4.2 Om den ansvarlege for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang.
Det kjem fram av prosedyrane at avdelingsleiar ved Byglandsheimen er ansvarleg for å fatte vedtak etter pbrl. kapittel 4A. Mal for å treffa vedtak og dessutan rettleiing til dette er utarbeidd av kommunen.
Det finst berre eitt vedtak om helsehjelp etter pbrl. kapittel 4A dei siste tre åra. Dette vedtaket var likevel svært grundig og utarbeidd heilt i tråd med saksbehandlingsreglane i kapittel 4A. I dette vedtaket var både samtykkekompetansen, vurdering av helsehjelpa, tillitsskapande tiltak og kontakt med næraste pårørande grundig gjennomgått.
Gjennom intervjua var det Statsforvaltaren sitt inntrykk at både vedtakssmalen og rettleiinga til kapittel 4A var lite kjend blant dei tilsette. Det er tidlegare gitt opplæring innan kapittel 4A, men det er openbart at dette må friskast opp. Kommunen har sjølv sett temaet på agendaen på internopplæring. Det låge talet på vedtak var noko av grunngivinga for å velje tilsyn i Bygland kommune. Tidlegare har det vore ein utfordrande pasient ved Byglandsheimen, men det er usikkert om bruk av tvungen somatisk helsehjelp har vorte vurdert og journalført for denne pasienten.
For Statsforvaltaren er det noko problematisk å konkludera med at den ansvarlege for helsehjelpa alltid vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang, der dette er nødvendig. Det er likevel Statsforvaltarens oppfatning at denne vurderinga blir utført, men at dokumentasjonen kunne vore litt meir utfyllande.
3.5 Kommunen sikrar at tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden.
Det er vanskeleg å ta stilling til å vurdera praksis rundt evaluering av kapittel 4A-vedtak, då det berre er fatta eitt vedtak dei siste åra.
Statsforvaltaren har merka seg at kommunen har utarbeidd rutine for evaluering av helsehjelpa når kapittel 4A-vedtaka har ei varigheit på meir enn tre månader. Vi presiserar at rutinen til kommunen må innehalde eit punkt om at vedtak som varer meir enn tre månader, skal oversendast til Statsforvaltaren for prøving.
3.6 Andre funn
Tilsynet har vore noko usikre på om tilstrekkeleg opplæring er gitt av verksemnda om pbrl. kapittel 4A. Det var noko varierande tilbakemeldingar i kva grad det hadde vore systematisk opplæring og om aktuelle helsepersonell hadde vore gjennom opplæringa dei siste åra. Demensomsorgen sin ABC var likevel gjennomført for dei aller fleste helsepersonell ved Byglandsheimen. Det var òg gjennomført NIH kurs innan kapittel 4A for sjukepleiarane. I tillegg hadde det vore gjennomført ein temadag med spesialisthelsetenesta.
På Byglandsheimen er det både institusjonsplassar og omsorgsbustader. Dette kan lett skapa nokon uklarheiter då det ikkje er tydeleg for helsepersonell at det er ulikt lovverk for desse pasientgruppene. Eit døme kan vera at kapittel 4A ikkje heimlar høve for innlegging eller tilbakehalding i omsorgsbustader, men berre i helseinstitusjonar.
Byglandsheimen er organisert slik at pasientar både på korttidsopphald og på langtidsavdeling, der også pasientar med langtkomen demens er innlagt, omgår kvarandre. Dette kan vere uheldig for begge pasientgruppene. Det har av branntekniske årsaker ikkje vore mogleg å halda desse pasientgruppene frå kvarandre.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I mindre kommunar kan ein oppleva at lokalsamfunnet har godt kjennskap til innbyggarane. Mange av dei tilsette har fleire oppgåver i kommunen og derfor god oversikt over tilhøve på ulike område. Skulle det oppstå ei uventa hending, hjelper ein til der det er nødvendig når det det er behov. Dette kan vera ein del av det naturlege samarbeidet. Prosedyrar er derfor ikkje alltid utarbeidde. Dette er likevel uheldig der det kjem ein nytilsett eller vikar som ikkje har vore ein del av dette fellesskapet.
For Statsforvaltaren kan dette kanskje vera ei forklaring på at det er fatta få vedtak etter kapittel 4A, altså at tenesteytarane har godt kjennskap og kunnskap om bebuarane ved Byglandsheimen over tid. Ein observerer at det blir uttrykt motstand og finn fram til gode tillitsskapande tiltak utan bruk av tvang. Også den innarbeidde kulturen er viktig for at ein slik praksis vil vera avgjerande. På bakgrunn av dette tilrår Statsforvaltaren at det er klare rutinar og opplæring for alle som arbeidar med dette fagområdet, med jamleg oppfrisking.
Det var utarbeidd prosedyrar for vurdering av samtykkekompetansen til pasientane, men desse var ikkje godt kjente i organisasjonen og ikkje alltid tatt i bruk. Det var òg uvisse kven som skulle gjennomføra denne vurderinga. Prosedyrane for å vurdera samtykkekompetansen når ein ny pasient vart innlagt ved Byglandsheimen vart ikkje alltid fulgt. I praksis var det sjukeheimslegen som utførte samtykkekompetansevurderinga. I dei pasientjournalane der dette var dokumentert, var dette grundig og forsvarleg gjennomført. Statsforvaltaren ser at kommunen har eit betringspotensiale på dette området, men det var likevel ikkje så alvorlege forhold at dette utgjer eit lovbrot..
Då det nyleg berre var fatta eit vedtak om helsehjelp utan samtykket til pasienten etter kapittel 4A, var vedtaket endå ikkje evaluert. Statsforvaltaren påpeika likevel nokre betringspunkt i prosedyren for evaluering av vedtak.
Opplæringa innan pbrl. kapittel 4A må igjen setjast på dagsorden. Dette bør vera eit kontinuerleg tema i kommune.
Statsforvaltaren har allereie signalisert at vi ønsker å ha eit oppfølgingstilsyn etter ca. seks månader for å sjå nærare på korleis prosedyrane no blir etterlevd.
5. Statsforvaltarens konklusjon
Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 14.09.2020.
Førebuande møte med verksemda vart gjennomført 03.11.2020.
Synfaring vart ikkje gjennomført då smittesituasjonen ikkje gjorde det tilrådeleg.
Tilsynet vart gjennomført ved Byglandsheimen, og innleia med eit kort informasjonsmøte 04.11.2020. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 05.11.2020.
Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:
- Organisasjonskart over Byglandsheimen med namn og stillingstittel for alle tilsette
- Organisasjonskart eller skildring av korleis helsehjelp etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A er organisert i kommunen.
- Oversikt over vedtak etter kapittel 4A frå 01.01.2020 til dd.
- Kommunen sine prosedyrar for å fatte vedtak etter kapittel 4A
- Kven som er tildelt vedtakskompetanse etter kapittel 4A
- Kven som er overordna fagleg ansvarleg for kapittel 4A
- Rutinar/prosedyrar for å evaluere vedtak etter kapittel 4A som varer meir enn tre månadar
- Rutinar for å gi tilbakemelding til Fylkesmannen der vedtaka etter kapittel 4A varer meir enn tre månadar
- Rutinar/prosedyrar for å vurdere en pasients samtykkekompetanse
- Journalar for alle pasientar der det er fatta vedtak etter kapittel 4A frå 01.01.2020 og til dd.
- Journalar for de siste 6 innlagte pasientane ved Byglandsheimen pr. dato.
- Journalar der det er treft vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A
I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte på tilsynsbesøket:
Ikke publisert her
7 personar vart intervjua i samband med tilsynet.
Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:
Tor Harald Christiansen, ass. fylkeslege
Terje Imeland, seniorrådgjevar/sjukepleiar
Maria Schaathun, rådgjevar/jurist, observatør
Fredrik Dahl, seniorrådgjevar/jurist, revisjonsleiar