Tilsynsrapport Bygland kommune - landsomfattende folkehelsetilsyn 2024
Tilsynet vart gjennomført 27.05.24 og 28.05.24 og er eit ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelseloven §§ 5-7 og § 30. Vi viser til formålet i folkehelseloven § 1, som lyder:
"Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse.
Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»
Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar vart valt ut for intervju for utfyllande informasjon."
1. Tema for og formål med tilsynet
Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§ 5, 6, 7 og 30 i folkehelseloven. Målgruppa for tilsynstemaet er avgrensa til barn og unge 0 – 18 år.
Gjennom tilsynet vil vi få eit landsomfattande bilete av om kommunane har oversikt over helsetilstand hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira, om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen og om det blir følgt opp med relevante tiltak.
Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet stør også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf.
Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023).
2. Gjennomføring
Første del av tilsynet var eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har Statsforvaltaren valt ut nokre kommunar til eit detaljert intervju. Formålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga. Rapporten byggjer på informasjonen som er kome fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og samtalar med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Statsforvaltaren har også hatt møte med kommunen sitt ungdomsråd.
3. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Heimelen Statsforvaltaren har til å føre tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelseloven § 31. Det følgjer av føresegna at Statsforvaltaren skal føre tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagde i eller i samsvar med folkehelseloven §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.
Med utgangspunkt i krava i folkehelseloven, har Statsforvaltar undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremje god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Vi vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelseloven §§ 5-7 og § 30.
Folkehelseloven § 5 første og andre ledd lyder:
«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
- opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter §§ 20 og 25,
- kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
- kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»
Folkehelseloven § 6 lyder:
«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»
Folkehelseloven § 7 første ledd lyder:
«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk.
Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»
Folkehelseloven § 30 lyder:
«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»
4. Skildring av arbeidet kommunen gjer med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremje god psykisk helse hos barn og unge
4.1 Bakgrunnsinformasjon
Bygland er ein kommune i Setesdal i Agder fylke med i underkant av 1200 innbyggjarar. Busettinga i kommunen strekk seg i hovudsak over ein strekning på 6 mil i dalbotnen frå kommunegrensa mot Evje og Hornnes i sør og til Valle kommune i nord. Tettstaden Bygland er kommunens historiske senter, med kyrkje og kommunehus, og ligg geografisk midt i den langstrakte kommunen.
Byglandsfjord er kommunens største tettstad og ligg lengst sør i kommunen.
Det har vore ein jamn nedgang i innbyggartalet i kommunen dei siste 20 åra. Kommunen har ei aldrande befolkning og det er få barn i kommunen. Ein stor del av hushaldningane består av åleinebuande eller par utan heimebuande barn.
Kommunen har nyleg omorganisert seg, og har frå 01.04.2024 følgande kommunalområder; Samfunn, Oppvekst, Helse og omsorg, Økonomi og administrasjon, og Organisasjon og HR. Folkehelsekoordinator som er ansvarleg for det systematiske folkehelsearbeidet i kommunen er også fagleder i planavdeling. Stillinga er organisert under området Samfunn. Kommunen har kopi av eigne svar frå spørjeundersøkinga.
Statsforvaltaren har hatt til gjennomsyn aktuelle dokument som kommunen har sendt over (sjå vedlegg). Det har også vore gjennomført samtalar med representantar for målgruppa for tilsynet. Statsforvaltaren møtte kommunens ungdomsråd 27.05.24. Ungdomsrådet var representert med tre ungdomsskuleelevar og tre elevar frå tre ulike vidaregåande skuler. Møte fann sted i kommunesalen i Bygland. Ei oppsummering av intervjuet ligg vedlagt . Av omsyn til anonymiteten til ungdommane vert meningane deira omtalt i generelle ordlag.
Det vart gjennomført intervju med tre tilsette i kommunen. Opphavleg skulle vi snakke med fire tilsette, men kommunalsjef for Samfunn var forhindra i å møte. Dette vart Statsforvaltaren informert om då intervjuet starta. Fagleiar plan/folkehelsekoordinator og kommunalsjef for Helse og omsorg vart intervjua saman. Kommunedirektøren vart intervjua alene. Intervjua vart gjennomført fysisk i kommunens lokalar i Bygland. Sjå vedlegg.
4.2 Oversikt over utfordringsbilete
Bygland kommune har utarbeida eit nytt oversiktsdokument i 2024 som skal leggje grunnlag for vidare arbeid med planstrategi og samfunnsplan. I det følgjande vil den nye oversiktsarbeidet bli omtalt. For å vurdera systematikken i folkehelsearbeidet vil Statsforvaltaren også sjå på samanhengen mellom førre oversiktsdokument 2020, gjeldande planstrategi 2020-2024 og vidare planar.
Bygland sin nyaste folkehelseoversikt frå 2024 ligg tilgjengeleg på deira nettside. Oversikta er ikkje eit eiga dokument, men inngår som ein del av kunnskapsgrunnlaget. Den innehald opplysningar om og vurderingar av dei ulike tema som det er sett krav om jf. forskrift om oversikt over folkehelsen § 3. Det kjem ikkje frem av kommunens nettside om dei oppdaterer oversikta jamleg.
Folkehelseoversikta har ei kort innleiing til dei omtalte tema der det mellom anna blir beskrive relevansen av temaet og korleis faktorane kan innverke på helsa. Skildringane viser korleis ulike påverknadsfaktorar har positiv eller negativ innverknad på folkehelsa, og oversikta viser fleire forhold som påverkar barn og unges levekår og oppvekstforhold. Enkelte tema blir ikkje like godt beskrivne og utdjupa, og det er mindre vurderingar av kva som kan bli moglege konsekvensar.
Sosial ulikskap i helse er eit gjennomgåande tema. Det er fokus på at Bygland har ein høgare del barn som veks opp i låginntektsfamiliar enn i Agder og i landet elles. Det har vore ein markant auke dei siste 10 åra. I oversikta blir det peika mellom anna på samanheng mellom lav sosioøkonomisk status og oppleving av å være einsam blant unge, og viktigheita av å sett fokus på levekårsutfordringar og aukande del barn som veks opp i låginntektsfamiliar.
Oversikta viser også til ulike strategiar for å arbeide med folkehelseutfordringane. Dei skriv at barnehagar, skoler og SFO er viktige arenaer for å utgjevne sosiale helseforskjeller og at det vil være eit viktig innsatsområde at alle barn skal veks opp med like moglegheiter. Det nemnast også at å sørge for likestilling og integrering i samfunnet er sentralt for å løfte levekåra i heile befolkninga.
Fagleder i planavdelinga, som også har stilling som folkehelsekoordinator, har hatt hovudansvaret for utarbeidinga av oversiktsdokumentet. Arbeidet er gjort i samarbeid med leiargruppa, beredskapskoordinator, NAV, barnevern og frivillig sektor. Kommuneoverlegen hadde ikkje høve til å delta.
Oversiktsdokumentet frå 2020 er også bygd opp jf. Forskrift om oversikt over folkehelse og kravet til innhald i høve til § 3, men her er enkelte tema i liten grad omtalt. Dette gjeld spesielt fysisk, biologisk og kjemisk miljø. I det nyaste oversiktsdokumentet er derimot dette inkludert.
Oversiktsdokumentet frå 2020 viste at ungdom var meir einsame, fleire opplevde depressive symptoma, det var meir mistrivsel i skulen, fleire rapporterte om mobbing, det var eit lågt aktivitetsnivå og ungdom var mindre fornøgd med lokalmiljøet. Også her viste tala at mange barn veks opp i familiar med vedvarande låginntekt. Bygland skåra dårlegare enn landet på fleire mål på levevaner som kosthald, aktivitet, rus og tobakk. Færre barn gjekk i barnehage og fleire barn vart følgt opp av barnevernet.
Funna som er beskrive i oversiktsdokumentet for 2024 viser at mange av utfordringane er dei same som dei var i 2020. Livsstilsutfordringar som overvekt, fedme, låg fysisk aktivitet, mykje skjermbruk, høgare alkoholforbruk og høgare kreftførekomst blant vaksne går igjen. Det er også nokon endringar. Data frå oversiktsdokumentet 2024 visar ei nedgang i psykiske plagar og lidingar blant ungdommar, og at dei skårar betre enn landsgjennomsnittet på desse parametrane. Einsemd blant ungdom er også lågare i Bygland enn elles i fylket og landet. Funna visar også ei stor nedgang i delen ungdom som er med i organisasjon, klubb eller foreining. Nedgang i deltaking i fritidsaktivitetar etter pandemien har ein òg sett elles i landet. I oppsummeringa blir det peika på store samfunnsutfordringar som sosial ulikskap, ikkje-smittsame sjukdommar og demografiendringar.
4.3 Planarbeid og medverking
I planstrategien frå 2020 som framleis er gjeldande står følgjande om funna frå oversiktsdokumentet som vart utarbeida i 2020:
Folkehelseoversikta 2020 for Bygland kommune viser ei rekkje område der Bygland kjem godt ut på folkehelsestatistikken og andre område der kommunen skil seg negativt ut. Sjølv om det er mange område som blir sett på i oversikta, er det likevel mange påverknadsfaktorar for helse som det enno ikkje finst nok og god nok lokal kunnskap om. Det vil difor alltid vere ein fare for å overfokusere på det ein har oversikt over og miste av syne andre viktige område som det også er behov for auka fokus på.
Med utgangspunkt i oversiktsdokumentet blir det her likevel trekt fram nokre område kor kommunen synest å ha ekstra utfordringar og som kommunen har verkemiddel til å kunne løyse:
- Barn og unge sine oppvekstvilkår som trivsel, meistring og relasjonar
- Aukande del som mottek alderspensjon, uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar
- Ei aldrande befolkning
- Aukande del med grunnskule som høgaste utdanning
I kommuneplanens samfunnsdel 2020-2032 gjenfinnast funna frå oversiktsdokumentet, og utfordringane som blir framheve er i hovudsak levekårsutfordringar, barn som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt, høg del som mottek offentleg stønad, og einsemd og mobbing.
I samfunnsplanen er folkehelse, levekår, likestilling, inkludering og mangfald ei av tre gjennomgåande perspektiv som blir tematisert innan kvart satsingsområde. Under kvart av desse satsningsområda vert framtidsbilete skildra, etterfølgt av «Mål mot 2032» og «Vegen til målet», der mål og delmål for kvart av tema vert lista opp. Mange av måla omhandla determinantar for å fremja god psykisk helse blant barn og unge. Mellom anna finst det mål knytt til kvalitet i barnehage og skule, tilgang på kultur, idrett og friluftsliv, inkluderande bumiljø og møteplassar, og frivilligheit.
I arealstrategien er det også mål som er knytt til barn og unges oppvekstvilkår. Døme på dette er tilrettelegging for ein aktiv kvardag gjennom å bevare grøntområde, etablere og utvikle uformelle møteplassar og lågterskeltilbod som nærmiljøanlegg og leikeplassar spesielt for barn og unge.
I intervju seier kommunen at måla i gjeldande samfunnsdel har vore for ambisiøse og omfattande, og for mange. Dei meiner det er viktig at dei tør å prioritera nokre utvalde tiltak i arbeidet, slik at man i større grad sikrar at disse blir følgt opp. Kommunen har byrja arbeidet med ny samfunnsdel og meiner dei i denne omgang er meir spissa i tiltaka og at det er meir fokus på folkehelse.
Det tverrfaglege arbeidet med Kommuneplanens samfunnsdel 2020-2032 vart i liten grad tema under intervju da arbeidet med nytt kunnskapsgrunnlag og oppstart av arbeid med samfunnsdel var meir relevant.
Kommunen har utarbeida ein arealdel for 2023-2035 som no er ute på høyring. Den inneheld retningslinjer som omhandla fleire forhald som kan påverke barn og unge og deira psykiske helse. Dei følgjande døma er henta frå dei generelle føresegna.
I alle detaljplanar skal folkehelsemessige konsekvensar av planforslaget bli skildra. I planomtala i detaljplanane skal det gå klart fram korleis forholdet til helse er ivaretatt i planen. Det skal bli lagt vekt på å ta vare på og utvikle uteområde og møteplassar der spesielt barn, ungdom og eldre sine interesser blir ivaretatt.
Alle reguleringsplanar skal greie ut tiltaket sine konsekvensar for barn og unge. Leikeplassane skal være eigna som sosial møteplass for alle aldersgrupper og gi høve for leik til alle årstider.
Leikeplass skal bli skjerma for støy, støv og lukt.
Ved fortetting og utbygging av nye og eksisterande byggeområde skal den overordna grønstrukturen bli ivareteke og utvikla, inkludert turvegar, stiar, trakk og andre gang- og sykkelforbindingar til skog, vassdrag, samanhengande grøntdrag, grøntområde og område for leik og rekreasjon.
Folkehelsekoordinatorstillinga er ein del av stillinga til fagledar innan plan. Det er fagleiar innan plan som har utarbeida mellom anna oversiktsdokumentet, planstrategien som er på høyring, og som har ansvaret for ny samfunnsdel og arealdel.
Kommunen har eit tverretatleg team som består av representantar frå planavdelinga, politi, samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggande tiltak (SLT), vidaregåande skule, helsesjukepleiar, psykisk helse og rus, pedagogisk psykologisk teneste (PPT), kommunedirektør og ordførar. Målet med teamet er at ein gjennom lokale data arbeider med korleis ein saman kan styrke tryggingsfaktorane og redusere risikofaktorane knytt til barn og unge i kommunen. Dei har møter kvart halvår.
Kommunen skal i gang med ein ny levekårssatsing og har i den forbindelse oppretta ei ny levekårskoordinatorstilling med oppstart i haust. I stillinga inngår også oppgåva som kulturleiar. Koordinatoren skal jobbe på tvers av sektorar, vere tilknytt tverretatleg team og jobbe med dei større levekårsutfordringane i kommunen. Folkehelsekoordinatoren har ansvar for å sikre folkehelse inn i plan og systematisk oversikt, medan levekårskoordinator vil følgje opp tiltak knytt til folkehelse og levekår og vil jobbe meir praktisk med operasjonaliseringa av folkehelsearbeidet. Det er lagt opp til at folkehelsekoordinator og levekårskoordinator skal ha eit tett samarbeid.
Intervjuobjekta meiner det er mykje god vilje og «drive» til å arbeide med folkehelse, men at dei opplev at tida og ressursane ikkje strekk til. Det er vanskeleg å få til systematikken og evaluere og styre etter mål. Arbeidet kan bli litt lite konkret og man blir ete opp av andre meir konkret oppgåver. I arbeid med det nye kunnskapsgrunnlaget og folkehelseoversikta bidrog leiargruppa, beredskapskoordinator, NAV, barnevern og frivillig sektor i utarbeidinga. Alle einingane i kommunen vart invitert inn for å gje innspel. Politikarar og leiarar har også vore involvert i arbeidet. I vinter arrangert kommunen ein politisk verkstad. Ifølgje kommunen har dialogen og prosessen i dette arbeidet gitt ei betre forankring og forståing av folkehelseutfordringane i organisasjonen og blant politikarane. Det har tydeleggjort kva som skal vere utgangspunkt for vidare arbeid med samfunnsdelen.
Intervjuobjekta verka å være einskapleg i forståinga av folkehelseutfordringane i kommunen. Dei meiner leiarar og politikarar også er nokså samde om kva som er hovudutfordringane i kommunen. Samtidig er det politiske forskjellar som spelar inn og påverkar folkehelsearbeidet. Kommunen har to sentra som gjer at man må fordele ressursar og tilbod mellom to plassar. Det gjeld til dømes oppvekstsentera og ungdomsklubbane.
Intervjuobjekta ønskjer å få med folkehelse som eit fast vurderingspunkt i politiske saker slik at det er meir systematikk på at det blir vurdert. Dette finst foreløpig ikkje.
Det har vore ulike tiltak for medverking i folkehelsearbeidet. Når arealdelen sist ble revidert ble skulebarn bedt om å teikne inn i kart sine favorittstader og kor dei syntest det var skummelt å være. Tilsette i barnehage ga innspel på kor barna pleidde å opphalde seg og leike ved bruk av medverkingsverktøyet «Barnetråkk».
Ungdomsrådet har vore invitert til å gi innspel i ulike sakar. Mellom anna har dei gitt innspel i arbeidet med å utvikle nye fritidstilbod.
Kommunen meiner dei sannsynlegvis ikkje jobbar godt nok med medverking i utarbeidinga av kommunale planar og seier dei bør ha meir fokus på forankring blant barn og unge på politiske sakar. Dei opplev det som vanskeleg å få til gode prosessar med barn og unge i arbeid med tiltak innan folkehelse og leitar etter gode medverkingsmetodar i planarbeidet som treff ungdom på rett måte.
4.4 Tiltak og evaluering
Fleire av måla frå Kommuneplanens samfunnsdel 2020-2032 er følgt opp med tiltak i temaplanar. I kommunens handlings- og økonomiplan 2024-2027 er handlingsplanen lagt fram i ei tabell som også inneheld fleire helsefremmande tiltak. Tabellen gir ein oversikt over når tiltaka skal gjennomførst, kven som har ansvaret, og kva mål og strategi i samfunnsdelen tiltaka er knytt til.
Tiltak som heng saman med dei identifiserte folkehelseutfordringane er mellom anna fokus på inkluderande fellesskap i barnehage og skule, ungdomsklubb, evaluering av og samarbeid om det psykososiale miljøet med elevrådet og samarbeidsutvalet. Dei har tilsett miljøterapeutar i skulen for å jobbe med utfordringar dei har hatt med skulemiljøet, og dei har overgangsmøter for å lette overgangen mellom til dømes barnehage og skule. I barnehagane har dei helsesjukepleiar faste dagar for å bli betre kjent med barna og kunne fange opp eventuelle signal på utfordringar eller behov.
Dei har òg fleire tiltak for å skape meir fysisk og sosial aktivitet i bygda. Til dømes har dei oppretta diskogolfbane, trimpark, gratis symjing for familiar frå haustferien til påske og dei har rydda og merka turvegar. Kommunen har bestemt at det skal være rimeleg leie av lokalar til lag og foreiningar. Gjennom frivilligsentral har dei utlån og utleige av fritidsutstyr.
I intervjuet gjer kommunen uttrykk for at dei ønskjer mindre tal temaplanar. Dei seier temaplanane lett blir «gløymd» og at dei heller vil ha direkte kopling mellom målsetning i samfunnsdel og handlingsdel. Dei meiner det er lettare å styre når det er direkte samanheng mellom samfunnsdel og handlingsdel.
Kommunen har svart i spørjeundersøkinga at dei ikkje har evaluert tiltaka sine eller hatt internkontroll av folkehelsearbeidet i kommunen. I intervjuet kom det fram at kommunen ser på evaluering som ressurskrevjande og at dei er usikre på om det er riktig bruk av ressursar. Dei er ein liten kommune med pressa økonomi og opplev at dei ved å være tett på innbyggjarane i mange tilfelle får ei respons på om tiltaka har effekt. Dei må ha ei klar nytte av å bruke ressursar på evaluering. Dei ga likevel uttrykk for at dei ønskja å jobbe meir systematisk for å vite at dei jobbar med dei riktige tema og på riktig måte.
Kommunen er omorganisert etter 2020 og har slått saman ulike tenesteområde. Dei meiner kontrollspennet nå er meir hensiktsmessig og at ny organisasjon og ny tilsett (levekårskoordinator) vil gje tydelegare ansvarsområde og rapporteringsområde. I tillegg er det ei pågåande oppdrag i administrasjonen på å forbetre internkontrollen.
5. Tilbakemelding og kommentar frå Statsforvaltaren
Folkehelseloven skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelseloven skal danne eit grunnlag for betre samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.
Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelseloven, har Statsforvaltar undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette. Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument (sjå vedlegg) og intervju. I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt om kommunen:
- har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
- følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
- set i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge
Kommunen har eit oppdatert og grundig oversiktsdokument frå 2024 som inkluderer fleire faktorar som påverkar den psykiske helsa hos barn og unge. Dokumentet gir mykje informasjon om levekårsog oppvekstforhalda i kommunen, samt skildringar av korleis dei ulike determinantane påverkar folkehelsa. Oversiktsdokumentet inneheld mykje relevant informasjon, enkelte tema kunne likevel vore utdjupa meir, og årsaker og moglege konsekvensar kunne vore meir beskrivne. Det er ikkje brukt personell med samfunnsmedisinsk kompetanse i utarbeidinga av dokumentet.
Mål og strategiar som kjem fram av gjeldande samfunnsplan 2020-2032 hengjar saman med funn frå oversiktsdokumentet frå 2020 og utfordringane som vart trekt fram i planstrategien. Kommunen har gjort vurderingar basert på utfordringa som er identifisert, og mål og strategiar for folkehelsearbeidet er utarbeidd på bakgrunn av dette. Kommunen visar sjølv innsikt i at planen har vore for omfattande og ambisiøs og ser behovet for tydlegare prioriteringar i arbeidet med ny samfunnsplan for betre å kunne følgje opp måla.
Statsforvaltaren ser at kommunen har utarbeidd relevante helsefremmande og førebyggjande folkehelsetiltak i kommunen. Samstundes er tiltaka i liten grad evaluert og kommunen har ikkje eit system for internkontroll av folkehelsearbeidet. Involvering av ungdomsrådet har ifølgje ungdommane betra seg det siste året og dei opplev nå å være meir brukt. Kommunen visar at dei
arbeider med medverking, men gjer uttrykk for at dei ynskjer å bli betre og få meir kunnskap om gode medverkingsmetodar.
At folkehelsekoordinatorstillinga er ein del av stillinga til fagledar innan plan ser ut til å være ei styrke for det systematiske folkehelsearbeidet. Det gjer at ein jobbar på tvers av fag samt at folkehelseperspektivet blir tydeleg i planverket. Bygland kommune har mange og til dels store folkehelseutfordringar. Samtidig visar dei ei innsikt og forståing for dette i planane og i intervjua, og gjer inntrykk av å ha eit tydeleg tverrfagleg fokus på folkehelsearbeid.
Med helsing
Aase Aamland (e.f.)
fylkeslege/avdelingsdirektør
Synva Nesheim Hasseleid
rådgivar
Seksjon for fagutvikling og sosiale tjenestertenester
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge
Søk etter tilsynsrapporter