Rapport frå tilsyn med skulehelsetenesta 1. til 7. klasse i Vestre Slidre kommune 2022
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje avdekt lovbrot. Tilsynet er derfor avslutta.
Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med skulehelsetenesta 1. til 7. klasse i Vestre Slidre kommune. Det vart gjennomført journalgjennomgang 23. mai, og sjølve tilsynet 24. og 25. mai. Det vart undersøkt om kommunen sørger for at skulehelsetenesta 1. til 7. klasse blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barna får trygge og gode tenester.
Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagde tilsyn initiert av Statsforvaltaren.
Det vart ikkje avdekt brot på lov under tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.
1. Temaet og omfanget av tilsynet
I dette kapittelet beskriv vi kva som vart undersøkt i tilsynet.
I tilsynet undersøkte vi om Vestre Slidre kommune gjennom systematisk styring, sørger for forsvarleg skulehelseteneste til elevar i 1. til 7. klasse. Det vart undersøkt om kommunen følgjer nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar som understøttar dei måla som er sett for fagleg forsvarleg praksis.
Tema for tilsynet var:
- Helseundersøking, helsesamtalar, helseinformasjon og undervisning i til 7. klasse
Kommunen skal, som ledd i å tilby nødvendige helse- og omsorgstenester, tilby helsefremjande og førebyggande tenester, derunder helsetenester i skular jf. helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 første ledd nr. 1 jf. § 3-1. Barn har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, også i form av helseundersøking i den kommunen barnet bur eller mellombels oppheld seg.
- Koordinering av tenester til barn «som bekymrar» som ytes frå fleire einingar gjennom tverrfagleg samarbeid. Om kommunen i planlegging av tenesta har lagt til rette for tverrfagleg samarbeid for å fange opp barn og unge som ikkje utviklar seg innanfor normale variasjonar og fysiske og psykiske
Skolehelsetenesta skal ha rutinar for, og legge til rette for, nødvendig samarbeid med relevante kommunale tenester og spesialisthelsetenester, inkludert private tenesteytarar med avtale med spesialisthelsetenesta eller kommunen, som fastlegar jf. forskrift om helsestasjons- og skolehelsetenesta § 4. Leiinga i kommunen bør sikre at skolehelsetenesta, som arbeider med barn og unge og foreldra deira i det daglege arbeid sitt, har avtalar om samarbeid som sikrar oppfølging av involverte barn og unge.
2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Statsforvaltaren er gitt myndigheit til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstjenesteloven § 12-3 og helsetilsynsloven § 4. Eit tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med lov- og forskriftsavgjerder. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.
Lover:
- Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
- Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
- Lov om pasient- og brukerrettigheter
- Lov om helsepersonell
- Lov om behandling av helseopplysninger ved yting av helsehjelp
- Lov om helseregistre og behandling av helseopplysninger
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
Forskrifter:
- Forskrift om ledelse- og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
- Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
- Forskrift om lovbestemt sykepleiertjeneste i kommunens helsetjeneste
- Forskrift om tilgang til helseopplysninger mellom virksomheter
- Forskrift om pasientjournal
- Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram
- Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
Kravet om forsvarlegheit
Kravet om forsvarlegheit finst i helse- og omsorgstenesteloven § 4-1. Kravet om forsvarlegheit er ein rettsleg standard. Det inneber at innhaldet blir bestemt av normer utanfor lova, som anerkjent fagkunnskap, faglege retningslinjer og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Helsedirektoratet skal utvikla, formidla og halda ved like nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar, som understøttar dei måla som er sett for helse- og omsorgstenesta. Nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar skal baserast på kunnskap om god praksis og skal bidra til kontinuerleg betring av verksemd og tenester. Oppmodingar gitt i nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar er ikkje rettsleg bindande, men normerande og retningsgivande ved å peika på ønska og anbefalte handlingsval. I situasjonar der helsepersonell vel løysingar som i vesentleg grad avvik frå gitte oppmodingar skal dette dokumenterast. Helsedirektoratet har utarbeidd fleire nasjonale faglege retningslinjer som rører skolehelsetenesta og som gir føringar på kva som er god praksis.
Plikta til å sørga for forsvarlege tenester stiller krav om at verksemda planlegg og set i verk nødvendige tiltak for å sikra at dei ulike tenestene som blir ytte til kvar tid er forsvarlege. Verksemda skal og sjå til at tiltaka fungere og er tilstrekkelege. Det er i stor grad samanfall mellom krava til forsvarleg styring av ei verksemd og krava til internkontroll.
Kravet til forsvarleg styring inneber ikkje berre at deltenestene kvar for seg skal vera forsvarlege. Kommunetilbodet som heilskap må og vera forsvarleg. Dette er presisert i helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1 første ledd bokstav a. Eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod inneber mellom anna krav til koordinering mellom dei ulike tenestene slik at formålet med tenestene kan oppfyllast.
Basert på krava beskrive ovanfor, blir det forventa av forsvarlege skulehelsetenester 1. til 7. klasse at:
Helseundersøking og helsesamtale
Alle barn får eit tilbod om ei undersøking i skulehelsetenesta ved skulestart. Alle barn får målt vekt og høgde i skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta tilbyr samtale og underlivsundersøking i samanheng med førebygging av kjønnslemlesting. Skulehelsetenesta bidrar i undervisning i grupper eller klassar i den utstrekninga skulen ønsker det. Skulehelsetenesta tilbyr vaksinasjon i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet.
Samhandling og samarbeid
Skulehelsetenesta har eit samarbeid med skulen på systemnivå. Koordinerande eining i kommunen er ein sentral samarbeidspartnar for å sikra heilskaplege og koordinerte tenester. Skulehelsetenesta samarbeider med den kommunale barneverntenesta. Skulehelsetenesta har rutinar for samarbeid med fastlegane til barn for å sikra tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling og god rolleforståing.
Kommunelegen er involvert i tenesta som medisinsk fagleg rådgivar. Skulehelsetenesta samarbeider med psykolog og dei andre psykiske helsetenestene i kommunen. Skulehelsetenesta har eit samarbeid med NAV for å sikre at barn og ungdom blir tidleg fanga opp og får nødvendig oppfølging. Skulehelsetenesta har eit systematisk samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta.
Leiing, styring og brukarmedverknad
Skulehelsetenesta har eit system for internkontroll (styringssystem) for systematisk styring av aktivitetane for verksemda. Leiinga sikrar god og tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling. Dei som er ansvarleg for verksemda skal beskriva målet for verksemda, oppgåver, aktivitetar og organisering. Det blir sikra tilstrekkeleg fagkompetanse i skulehelsetenesta. Elevar har eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod. Skulehelsetenesta sikrar at barn blir høyrde, involvert og får innverknad i kontakt med tenestene, på individ- og systemnivå.
Plikta til å arbeida systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging
Plikta til å arbeida systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging kjem fram av helse- og omsorgstenesteloven § 4-2. Nærare avgjerder om plikta er å finna i forskrift om leiing og kvalitetsbetring i helse- og omsorgstenesta. Formålet med forskrifta er å bidra til faglege forsvarlege helse- og omsorgstenester, kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging, og at andre krav i helse- og omsorgslovgjevinga blir etterlevd. Forskrifta erstattar tidlegare forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstenesta, men vidareføre dei fleste krava i den tidlegare forskrifta. Det går no tydelegare fram at internkontroll er ein integrert og naturleg del av styringssystemet for verksemda.
Styringssystem er dei aktivitetar, system og prosessar som blir i bruk for å planlegga, gjennomføra, evaluera og korrigera verksemda slik at ho samsvarer med krav fastsett i eller i medhald av helse- og omsorgslovgjevinga.
Basert på krava beskrive ovanfor blir det forventa at skulehelsetenesta har eit system for internkontroll (styringssystem) for systematisk styring av aktivitetane for verksemda, som mellom anna omfattar:
Planlegga:
Det føreligg ein oversikt som beskriv målet for verksemda, oppgåver, aktivitetar og organisering. Det kjem klart fram korleis ansvar, oppgåver og myndigheit er fordelt, og korleis det skal arbeidast systematisk for kvalitetsbestring og pasient- og brukartrygging i verksemda. Det blir innhenta tilstrekkeleg informasjon og kunnskap til å kunna planlegga og gjennomføra oppgåvene. Det føreligg ei oversikt over relevant regelverk, retningslinjer og rettleiarar, og det blir planlagt korleis dette skal gjerast kjent i verksemda. Det føreligg ei oversikt over område i verksemda der det er risiko for svikt eller myndigheitskrav ikkje blir etterlevd og område der det er behov for vesentleg betring av kvaliteten på tenesta og pasient- og brukartrygging. Det blir planlagt for korleis slik risiko kan minimaliserast og særleg lagt vekt på risikofaktorar forbunde med samhandling internt og eksternt. Det er oversyn over kompetansen og behovet for opplæring. Det eksisterer oversyn over avvik, som uønskte hendingar, evalueringar, klager, brukarerfaringar, statistikk, informasjon og anna som seier noko om verksemda overheld helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert om tenestene er fagleg forsvarlege og om verksemda arbeider systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging.
Gjennomføra:
Det blir sørgd for at oppgåvene for verksemda, organisering og planar er kjente i verksemda og blir gjennomført. Det blir sørgd for at medarbeidarar i verksemda har nødvendig kunnskap om og kompetanse i det aktuelle fagfeltet, relevant regelverk, retningslinjer, rettleiarar og styringssystem. Det blir utvikla og sett i verk nødvendige prosedyrar, instruksar, rutinar eller andre tiltak for å avdekka, retta opp og førebygga regelbrot av helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert brot på krav til fagleg forsvarlegheit og systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging. Det blir sørgd for at medarbeidarane for verksemda medverkar slik at samla kunnskap og erfaring blir utnytta. Det blir sørgd for å gjera bruk av erfaringar frå pasientar, brukarar og pårørande.
Evaluera:
Det blir kontrollert at oppgåvene for verksemda, tiltak, planar og mål blir gjennomført. Det blir vurdert om gjennomføringa av oppgåvene, tiltaka og planane er eigna til å etterleva krav i helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert krav til fagleg forsvarlegheit og systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging. Det blir evaluert om tiltak som er satt i verk varetar krava i helse- og omsorgslovgjevinga. Verksemda blir vurdert på bakgrunn av pasientar, brukarar og erfaringane til pårørande. Avvik blir gjennomgått, som uønska hendingar, slik at liknande forhold kan førebyggast. Minst ein gang årleg blir styringssystemet systematisk gjennomgått og heile styringssystemet blir vurdert opp mot tilgjengeleg statistikk og informasjon om verksemda, for å sikra at det fungerer som føresett og bidrar til kontinuerleg betring av verksemda.
Korrigera:
Uforsvarlige og lovstridige forhold blir retta opp. Det blir sørgd for korrigerande tiltak som bidrar til at helse- og omsorgslovgjevinga blir etterlevd, inkludert fagleg forsvarlege tenester, og at systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging blir gjennomført. Verksemda forbetrar nødvendige prosedyrar, instruksar, rutinar eller andre tiltak for å avdekka, retta opp og førebygga regelbrot av helse- og omsorgslovgjevinga, inkludert krav til fagleg forsvarlegheit og systematisk arbeid for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging.
3. Beskrivelse av faktagrunnlaget
Her blir det gjort greie for korleis den aktuelle tenesta i verksemda fungerer, inkludert tiltak i verksemda for å sørga for at krava til kvalitet og trygging for tenestemottakarane blir overhaldne.
Vestre Slidre er ein kommune i Valdres i Innlandet med omtrent 2100 innbyggarar. Kommunen grensar i nordvest til Vang, i nordaust til Øystre Slidre, i aust til Nord-Aurdal og i sørvest til Hemsedal. Kommunen er organisert ved ein to-nivå modell, der dei kommunale tenestene er delt inn i 3 tenesteområde; helse og omsorg, landbruk, næring og teknisk og oppvekst og kultur. Det er vidare funksjonar som stabs- og personalsjef og økonomisjef. Helsestasjons- og skulehelsetenesta er organisert under tenesteområdet helse og omsorg, saman med psykisk helse, legesenter, fysioterapi, miljøtenesta, pleie og omsorg, Vestre Slidre sjukeheim, barnevern og tildelingskontoret. Kommunalsjef helse og omsorg rapporterer til kommunedirektør og leiande helsesjukepleiar, som er leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta, rapporterer til kommunalsjef.
Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Vestre Slidre består av to helsesjukepleiarar i 80 % stilling. Vidare er det fysioterapeut i 10 % stilling og helsestasjonslege i 8 % stilling. Det er helsestasjonslegen som fungerer som skulelege for barneskulen. Kommunen har ca. 13 fødslar i året. Det er ein barneskule i kommunen, som den eine helsesjukepleiaren har ansvaret for.
Lege i skulehelsetenesta er fastlege som er pålagt kommunale oppgåver. Legane er organisert under tenesteområdet helse og omsorg. Helsestasjonslege/skulelege gjer skulestartundersøking, deltar i tverrfaglege forum etter behov, samhandlar med andre tenester ved behov, og er medisinsk fagleg rådgivar for helsesjukepleiarane. Lege tilknytt skulehelsetenesta har ikkje ei arbeidsskildring. Det er skriftleg samarbeidsavtale med lege tilknytt skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta samarbeide med fastlegane gjennom ansvarsgrupper og det kan takast kontakt med fastlegane ved behov. Det eksistere ikkje skriftlege samarbeidsavtalar mellom fastlegar og skulehelsetenesta. Namnet til fastlegen til barnet er i hovudsak oppgitt i journalen til barnet. Kommunelegen blir invitert til samarbeidsmøte ved behov. Det blir i tillegg tatt kontakt ved behov. Kommunelegen er med på felles leiarmøte annankvar månad. Det eksistere ikkje skriftleg samarbeidsavtale med kommunelegen.
Helsesjukepleiarane har kommunalsjef for tenesteområdet helse og omsorg som sin næraste leiar. Dei har årlege utviklingssamtalar med leiar. Helsesjukepleiar og leiande helsesjukepleiar har ei stillingsskildring. Helsesjukepleiarane i tenesta har helsesjukepleiarutdanning.
Fast treffetid er ein del av tilbodet til skulehelsetenesta i Vestre Slidre. Helsesjukepleiaren tilknytt skulehelsetenesta gjennomføre skulestartundersøkinga i samarbeid med lege og fysioterapeut. Skulestartundersøkinga blir gjennomført ved at elev/føresette har helsesamtale med helsesjukepleiar, ein somatisk helseundersøking av skulelege og ei motorisk undersøking av fysioterapeut. Det eksistere rutine for planlegging av skulestartundersøkinga, som inneheld informasjon om kva som skal gjerast ved manglande oppmøte. I samarbeid med skulane blir det gjennomført undervisning i grupper og klassar. Det er rutine for planlegging av undervisning i skulen. I 2., 6. og 7. trinn blir det gjennomført vaksinasjon i samsvar med barnevaksinasjonsprogrammet. Det eksisterer ei rutine for vaksinasjon i skulen. Helsesjukepleiarane gjennomfører vekt/høgdemåling i 3. trinn, Det eksisterer ei rutine for vekt/høgdemåling i 3. trinn.
Helsesjukepleiar deltek på foreldremøte/«foreldreskule» ved barneskulen, der det blir informert om skulehelsetenestetilbodet. Skulehelsetenesta har oversyn over helsetilstanden til elevane ved at dei bruker tilgjengelege kjelder og verktøy til informasjon. Det er elektronisk journalsystem der arbeidet som blir utført i skulehelsetenesta blir journalført. Det blir jobba med å registrere barn gjennomgåande i oppfølgingsgrupper.
I kommunen er det lagt til rette for tverrfagleg samarbeid gjennom tverrfagleg samansett team som «Innsatsteam», «IKO-team» og ansvarsgrupper. Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta blir kalla inn til «IKO-team» fire gangar i året. Der deltar rektor, sosiallærar, assisterande rektor og to sos.ped.lærare, i tillegg deltek leiar for barneverntenesta. Samansetninga av det tverrfaglege teamet «Innsatsteam» er kommunepsykolog, helsestasjon/skulehelsesetenesta, helsestasjonslege, psykisk helseteneste, skule, barnehage, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). I tillegg kallast andre samarbeidsinstansar inn ved behov.
Barneansvarleg i psykisk helseteneste er leiar og helsestasjonen har ansvar for dokumentasjonen i «Innsatsteam». Møte i teamet avhaldas måndagar i slutten av kvar månad. Alle i teamet har ansvar for å melde inn saker til møta. Den som tar opp saka skal innhenta samtykke før møte. Det er ein skriftleg retningslinje for «Innsatsteam».
Skulehelsetenesta samarbeider med koordinerande eining ved behov. Det er informasjon om koordinerande eining og rettleiing til koordinatorar. Det eksisterer skriftlege rutinar ved behov for individuell plan i skulehelsetenesta. Tilsette i Vestre Slidre skulehelseteneste var på tidspunktet for tilsynet ikkje oppnemnt som koordinatorar.
Dei to helsesjukepleiarane i helsestasjons- og skulehelsetenesta drøftar saker og ulike problemstillingar fortløpande og har møte ved behov. Det er samarbeidsmøte to gangar i året med skulelege og fysioterapeuten tilknytt skulehelsetenesta. Leiande helsesjukepleiar deltar kvar 2. månad på leiarmøte i tenesteområdet helse og omsorg, som kommunalsjef har ansvaret for. Tema på desse møta er status i tenestene, samhandling, pasientflyt og aktuelle fokusområde. Det blir utarbeidd årlege årsmeldingar frå helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Helsestasjons- og skulehelsetenesta har samarbeid med barnevernet. Det er skriftleg samarbeidsavtale med barnevernet. Helsesjukepleiarane har to faste samarbeidsmøte i året med leiar for barneverntenesta, leiande helsesjukepleiar har ansvar for innkalling. Leiar for barneverntenesta deltar og på fleire av dei same møta som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta, som møter i «Innsatsteam» og leiarmøte. I tillegg deltar leiar for barneverntenesta i same «IKO- team» på skulen.
Helsestasjons- og skulehelsetenesta har samarbeid med spesialisthelsetenesta (BUP) gjennom «Innsatsteam» ein gang i månaden, i tillegg er det samarbeid ved behov i individuelle saker. Samarbeidsavtale med BUP inngår i ein overordna samarbeidsavtale mellom Vestre Slidre kommune og Sjukehuset Innlandet HF. Skulehelsetenesta har samarbeid med rus- og psykisk helseteneste/kommunepsykolog. Det er samarbeidsmøte annankvar månad med helsesjukepleiarane, kommunepsykologen og dei tilsette i rus- og psykisk helseteneste. Det er vidare rettleiing med kommunepsykologen kvar 4 veke, som kommunepsykologen kallar inn til. Og det er samarbeid i enkeltsaker med rus- og psykisk helseteneste/kommunepsykolog.
Skulehelsetenesta har eit samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta. Det er også samarbeid med NAV i individuelle saker, og NAV blir invitert til felles møter for helsesjukepleiarane i Valdres.
Det kjem fram av kommunen sine dokument at leiande helsesjukepleiar har ansvar for å leia tenesta i samsvar med lover, forskrifter, retningslinjer og andre avgjerder. Leiande helsesjukepleiar har fagansvar og ikkje personalansvar. Kommunalsjef innan tenesteområdet helse og omsorg har innanfor budsjettramma si fullmakter innan fag, tenesteyting, økonomi, HMS og personale.
Stillingsutlysningar, tilsettingar, lønnsmeldingar og permisjonssøknader med lønnstrekk er kommunalsjefen sin ansvar.
Tilbodet i skulehelsetenesta i Vestre Slidre gjer seg synleg gjennom årshjul og plan for skulehelsetenesta. Plan for skulehelsetenesta tar utgangspunkt i myndigheitskrav, oppmodingar og forventningar til tenesta. Planen beskriv førebyggande helsetenester for barn og unge i Vestre Slidre kommune til samarbeidspartnarar. Det er planleggingsdagar to gangar i året der årshjul, ansvarsområde og prosedyrar blir gjennomgått. Møteaktiviteten i skulehelsetenesta gjenspeglar storleiken på tenesta, ved at det blant anna ikkje er fastsett regelmessige fag- og personalmøte, men det blir gjennomført ved behov. Leiande helsesjukepleiar og kommunalsjef har løpande munnleg dialog, status i tenestene er tema kvar 2. månad på møte i tenesteområdet helse og omsorg og det blir utarbeidd årlege årsmeldingar frå helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Det eksisterer i kommunen eit elektronisk avvikssystem og ein skriftleg rutine for avvikshandtering. Avvik i skulehelsetenesta blir meld munnleg og blir i lita grad meldt gjennom det elektroniske avvikssystemet. Det er utarbeidd oversikt over nokre område i tenesta der det er risiko for svikt eller mangel på at myndigheitskrav etterlevast eller korleis slik risiko skal minimaliserast. Erfaringar frå elevar og føresette brukast i betringsarbeid. Leiande helsesjukepleiar har regelmessig kontakt med leiarar for aktuelle samarbeidspartnarar der samarbeidet blir gjennomgått.
Statsforvaltaren nytta spørjeundersøking for å få fram informasjon om brukarperspektivet. Skulehelsetenesta vart beden om å vidareformidla spørjeskjema til foreldreutval (FAU) og elevråd. Spørsmåla dreidde seg om oppleving av tilgjengelegheit, informasjon og sjølve tilbodet. Skjema var tilpassa målgruppa og var tenkt som eit gruppesvar. Alle svarer at dei er informerte om skulehelsetenesta, og dei fleste veit korleis dei skal komma i kontakt med helsesjukepleiar, og har innsikt i tilbodet. Svara viser òg at brukarane oppleve tenesta som tilgjengeleg.
4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag
I dette kapittelet vurdera vi fakta i kapittel 3 opp mot lovføresegnene i kapittel 2.
Helseundersøking og helsesamtale
Vi vurderer at elevane i Vestre Slidre får helseundersøking, helsesamtale, helseinformasjon og undervisning i samsvar med nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar. Vi finn at skulehelsetenesta i Vestre Slidre omfattar helseopplysning, helseundersøking av enkeltelevar, rettleiing og rådgiving med oppfølging og tilvising ved behov. Vi vurderer at skulehelsetenesta har oversyn over helsetilstanden til elevane gjennom utføring av oppgåvene i tenesta, kontakt med elevane, foreldre og skulen, og bruk av tilgjengelege kjelder og verktøy til informasjon.
Skulehelsetenesta har rutinar for å fylgje opp foreldre og barn som ikkje møter til helseundersøking og helsesamtalar. Vi finn ved tilsynet at skulehelsetenesta i hovudsak registrerer barn i oppfølgingsgrupper.
Samhandling og samarbeid
Vi finn ved tilsynet at skulehelsetenesta i Vestre Slidre har eit etablert samarbeid med skulen. Skulehelsetenesta deltar i aktuelle forum i skulen og bidrar med undervisning i grupper og klasser. Vi finn videre at skulehelsetenesta samarbeider med skulen om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale og emosjonelle vanskar.
Vi finn ved tilsynet at skulehelsetenesta har lege tilgjengeleg, som er fastlege som er pålagt kommunale oppgåver. Legen med den medisinske bakgrunnen sin, er ein sentral aktør i skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta har eit samarbeid med kommunelegen. Vi anbefaler at legane, med sin medisinske fagkompetanse, blir involverte ytterlegare i planverka og prioriteringane til tenesta. Vi anbefaler også at det blir utarbeidd skriftlege samarbeidsavtalar mellom skulehelsetenesta og fastlegane.
Vi vurderer at koordinerande eining er ein samarbeidspartnar ved behov, for å sikra heilskaplege og koordinerte tenester. Vi finn at det er informasjon om koordinerande eining og rettleiing til koordinatorar. Det er også rutinar ved behov for individuell plan i skulehelsetenesta. Vi kan sjå ved tilsynet at samarbeidet kan bli forbetra, og anbefaler at det blir jobba med ei avklaring rundt samarbeidet med koordinerande eining og skulehelsetenesta si rolle i arbeidet med individuell plan.
Vi finn at skulehelsetenesta samarbeider med den kommunale barnevernstenesta. Det er samarbeid på individ- og systemnivå. Vi finn også ved tilsynet at skulehelsetenesta samarbeider med
kommunen si rus- og psykiske helseteneste/kommunepsykolog og spesialisthelsetenesta (BUP). Vi vurderer at skulehelsetenesta òg har eit samarbeid med NAV og den offentlege tannhelsetenesta.
Leiing, styring og brukarmedverknad
God styring og pågåande kvalitetsbetringsarbeid er nødvendig for å unngå eller minska risikoen for svikt i tenestene. Svikt i styringssystemet aukar risikoen for at kommunen ikkje oppfyller dei lovpålagte pliktene sine. Når krava til leiing og kvalitetsbetring ikkje blir oppfylte, vil ikkje kommunen kunna sikra at tenestene oppfyller krava til myndigheita.
For å kunna styra og leia ei teneste på ein god og forsvarleg måte, er det ein føresetnad å ha godt oversyn over verksemda sine oppgåver og tenester, organisering og ansvarsfordeling. Ein må òg ha oversyn over område i verksemda der det er risiko for svikt, eller mangel på etterleving av myndigheitskrav, og område der det er behov for vesentleg betring av kvaliteten på tenesta.
Den som har det overordna ansvaret, skal sørgje for at det blir etablert system for å innhente tilstrekkeleg informasjon og kunnskap, både i og utanfor eiga verksemd. Det må gjerast ei vurdering av kva som er tilstrekkeleg informasjon for å kunna planlegga, gjennomføra og forbetra verksemda sine oppgåver.
I kravet ligg det ei plikt til å ha rutinar for systematiske gjennomgangar av tenestene og resultata frå verksemda. Gjennomgangen skal identifisera dei aktivitetane eller prosessar der det er fare for svikt eller brot på regelverk. Risikovurdering bør skje som ein kontinuerleg prosess, og det blir anbefalt at den følgje ein kjend standard.
Øvste leiar må sørga for at risikonivået blir definert og risikoar blir identifisert i verksemda. Gjennom systematiske risikokartleggingar kan leiinga identifisera aktivitetar og prosessar der det er fare for svikt eller brot på regelverk.
Øvste leiar har ansvaret for at verksemda kontrollerer at oppgåver, tiltak, planar og mål blir gjennomført som planlagt. Plikta inneber ein sjølvstendig aktivitet frå den ansvarlege ved til dømes å etterspørja status, følgja med på målingar og resultat og sikre at fristar for arbeidet blir overhalde.
For å vareta plikta til å kontrollera, blir det føresett at verksemda har den oversikta som kreves. Hyppigheit og omfang av kontroll må tilpassast den enkelte verksemda og tenestene som blir ytte.
Helsehjelp inneber risiko for mottakaren/brukaren. Det kan m.a. vera risiko for at det blir gjort feil, at nødvendig hjelp ikkje blir utført, eller at personar ikkje blir tilbodne tenester dei har rett på etter lovgivinga. For å minimalisera denne risikoen, må tenesta vera styrt i samsvar med krava til dette.
Vurderinga vår er at skulehelsetenesta i Vestre Slidre i hovudsak arbeider systematisk for kvalitetsbetring og pasient- og brukartrygging i tenesta. Vi finn at skulehelsetenesta har eit system for styring av aktivitetane for verksemda, ved at det blir planlagt, blir gjennomført, blir evaluert og blir korrigert, og dette kjem fram gjennom dokumentasjon og intervju. Vår vurdering er vidare at kommunen i større grad bør etablera system slik at krava i forskrift om leiing og kvalitetsbetring i helse- og omsorgstenestene blir imøtekomne, som å etablera system for innhenting av informasjon om tenesta for å kunna planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere. Vi anbefaler kommunen i større grad å utvikle og iverksette nødvendige prosedyrar, rutinar og andre tiltak for å avdekke, rette opp og forebygge svikt i tenesta. Vi finn ikkje at dette er så mangelfullt at det representerer eit lovbrot, men vi anbefaler at kommunen prioriterer dette i den pågåande omorganiseringa i kommuneorganisasjonen.
5. Statsforvaltarens konklusjon
Her presenterer vi konklusjonen av vår undersøking, basert på vurderingane i kapittel 4.
Det ble ikkje avdekt brot på lov under tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
I dette vedlegget omtale vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.
Varsel om tilsynet vart sendt 22. mars 2022. Vi gjennomførte journalgjennomgang 23. mai 2022. Og sjølve tilsynet vart gjennomført 24. og 25. mai 2022. Tilsynsbesøket vart innleidd med eit kort informasjonsmøte 24.05.2022. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart gjennomført 25.05.2022.
Dokument var tilsendt og gjennomgått på førehand. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurdert som relevante for tilsynet:
- De sårbare barna
- Foreldreinformasjon foreldreskule klasse
- Foreldreinformasjon psykisk helse klasse foreldreskule
- Interkommunalt kurssamarbeid mellom helsestasjon psykisk helsetjeneste og kommunepsykolog i Vestre Slidre kommune, Vang kommune og Øystre Slidre kommune
- Funksjonsbeskriving leiar for koordinerande eining for habilitering og rehabilitering
- Referat fra evaluering av Innsatsteam 31.01.2022
- Møtereferat Innsatsteam 25.01.2021
- Referat Innsatsteam 22.02.2021
- Referat Innsatsteam 25.10.2021
- Søknad med samtykke til Innsatsteam
- Innsatsteam – tverrfagleg team for barn og unge i Vestre Slidre kommune
- Kommunedelplan helse og omsorg 2018-2030
- Kommuneplans samfunnsdel 2017-2029
- Kompetanseplan for helsestasjon- og skolehelsetjenesten
- Koordinerande eining
- Organisasjonskart Vestre Slidre kommune
- Organisasjonskart helse og omsorg
- Plan for skulehelsetenesta Vestre Slidre kommune
- Referat fra tverrfaglig samarbeidsmøte mellom barnevernet og helsestasjonen i Vestre Slidre
- Samarbeidsmøte helsestasjon og rus- og psykisk helsetjeneste 18.10.2021
- Samarbeidsmøte helsestasjon og rus- og psykisk helsetjeneste 14.02.2022
- Samarbeidsmøte helsestasjon og rus- og psykisk helsetjeneste 20.09.2021
- Avdelingsledermøte referat 25.04.2022
- Avdelingsledermøte referat 14.03.2022
- Risikoanalyse: Tiltak ved røyk- eller brannutvikling på helsestasjonen
- Risikoanalyse: Feilbehandling
- Risikoanalyse: Fravær av personal
- Risikoanalyse: Ikke tilgang til datasystemer
- Risikoanalyse: Stikkskade ved vaksinering
- Risikoanalyse: Barn som flytter til kommune uten å bli registrert
- Rutine for avvikshandtering
- Rutine for fysioterapeut i kontrollprogram ved helsestasjon – Vestre Slidre kommune
- Rutine for opplæring av ny helsesykepleier
- Rutine for planlegging av skolestartkonsultasjon
- Rutine for planlegging av undervisning i skolen
- Vaksinering i skolen
- Vekt og lengde i klasse
- Orientering til elever og foresatte i trinn
- Møtestruktur HO
- Rutine ved individuell samtale i skolen
- Rutiner sending og mottak av journal, forvunnede barn og barn i kommunen vi ikke har kjennskap til i Vestre Slidre
- Rutiner ved behov for Individuell plan
- Rutiner ved bruk av tolk
- Rutiner ved tilbud om foreldreveiledning
- Årshjul IKO/spes.ped.team
- Samarbeidende instanser med helsestasjons- og skolehelsetjeneste
- Samarbeidsavtale mellom Vestre Slidre helsestasjon- og skolehelsetjeneste, fysioterapeut og helsestasjonslege
- Samarbeidsavtale mellom Vestre Slidre helsestasjon og felles barneverntjeneste for Vang og Vestre Slidre
- Samarbeidsavtale mellom skolehelsetjenesten, barnevern og Vestre Slidre skole
- Samarbeidsavtale 2019-2023 – Sykehuset Innlandet HF og kommunene i sykehusområdet
- Samtykke – drøfting i samarbeid mellom helsestasjonen og barnehage/skule
- Samtykke
- Samtykkeerklæring - overføring av informasjon
- Stillingsbeskrivelse for kommunepsykolog i Øvre Valdres psykologteneste
- Stillingsbeskrivelse helsesjukepleiar
- Stillingsbeskrivelse leiande helsesjukepleiar
- Samarbeidsavtale mellom tannhelsetjenesten og helsestasjon- og skolehelsetjenesten i Vestre Slidre kommune
- Tilsette i helsestasjon i Vestre Slidre kommune
- Årsmelding frå helsestasjon- og skulehelsetenesta i Vestre Slidre kommune 2021
- Årsmelding frå helsestasjon- og skulehelsetenesta i Vestre Slidre kommune 2020
- Årsmelding frå helsestasjon- og skulehelsetenesta i Vestre Slidre kommune 2019
Det vart valt 75 journalar etter følgande kriterium:
- Årskull
- Barn det er knytt bekymring til
I tabellen under gir vi et oversyn over kven som vart intervjuet, og kven som deltok på informasjonsmøte og oppsummerande møte ved tilsynsbesøket.
Ikke publisert her
Disse deltok frå Statsforvaltaren:
- Seniorrådgivar, Guri Rudi, Statsforvalteren i Innlandet, revisjonsleiar
- Seniorrådgivar, Svein Eggen, Statsforvalteren i Innlandet, revisor
- fylkeslege, Bente Westrum, Statsforvalteren i Innlandet, revisor
Med helsing
Harald Vallgårda
(e.f.) fylkeslege
Guri Rudi
seniorrådgiver
Dokumentet er elektronisk godkjent