Rapport frå tilsyn med barneverntenesta sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim for kommunane Molde, Aukra og Vestnes 2022
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det avdekt lovbrot. Kontakt etaten som har utført tilsynet for status på avviket.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført tilsyn med barneverntenesta for Molde, Aukra og Vestnes, og besøkte i den forbindelse tenesta frå 19.09.2022 til 21.09.2022. Vi undersøkte om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg.
Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.
Konklusjon
Tilsynet avdekte at oppfølginga av fosterheimane ikkje er tilstrekkeleg planlagt, at oppfølginga ikkje er heilskapleg og tilpassa den enkelte familie, at barneverntenesta sine vurderingar og konklusjonar ikkje er tilstrekkeleg dokumentert og at tenesta sin internkontroll ikkje er tilstrekkeleg til å oppdage og korrigere feil.
Dette er i strid med barnevernlova § 4-16, jf. 1-4, fosterheimsforskrifta § 7 annet ledd, dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4 og kommunelova § 25-1.
Vi ber om at eventuelle kommentarar/innvendingar til faktagrunnlaget blir sendt til Statsforvaltaren innan 03.01.2023.
1. Tema
Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at arbeidet med oppfølging av barn i fosterheim er forsvarleg. Tilsynet omfattar undersøking og vurdering av om:
- Barneverntenesta legg til rette for og gir barnet moglegheit til å medverke i oppfølginga, og om medverknaden er dokumentert
- Barneverntenesta planlegg oppfølginga av barnet
- Barneverntenesta tileignar seg tilstrekkeleg informasjon om barnets utvikling, omsorgssituasjon og behov for endring eller ytterlegare tiltak
- Barneverntenesta si oppfølging av fosterheimen er heilskapleg og tilpassa den enkelte fosterfamilie
- Barneverntenesta besøker fosterheimen så ofte som nødvendig for å gje barnet forsvarleg oppfølging
- Barneverntenesta gjer ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon, og konkluderer på om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak
- Kommunen sikrar systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet
Tilsynet er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at Statsforvaltaren har ført tilsyn med om kommunen utfører, styrer og leiar arbeidet slik at dei oppfyller aktuelle lov- og forskriftskrav.
Statsforvaltaren skal ikkje overprøve enkeltsaker, men sjå om tenesta systematisk følger opp barn i fosterheim i tråd med regelverket.
Krava i tilsynet er utforma som overordna krav knytt til arbeidsprosessar i barneverntenesta, og gjenspeilar det viktigaste som må skje i tenesta for at oppfølginga av barnet skal vere av god og forsvarleg kvalitet.
Det er omsorgskommunen sitt ansvar for oppfølging og kontroll av situasjonen til det enkelte barn i fosterheim som har vore gjenstand for dette tilsynet, jf. barnevernlova § 8-4 tredje ledd og forskrift om fosterheim § 1 annet ledd. Tilsynet har omfatta barneverntenesta si oppfølging av barn som bur i kommunal fosterheim som følgje av omsorgsovertaking og der plasseringa har skjedd ved tvang, jf. barnevernlova § 4-12 og § 4-8 annet og tredje ledd.
Barn og fosterforeldre sine meiningar om og erfaringar med barneverntenesta sitt arbeid, er viktig informasjon for å vurdere både kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval fosterforeldre og barn har derfor blitt intervjua i dette tilsynet.
2. Aktuelt lovgrunnlag
Statsforvaltaren har ansvar for å føre tilsyn med den kommunale barneverntenesta etter barnevernlova § 2-3 b. Eit tilsyn er kontroll av om drifta i verksemda er i samsvar med reglane i lov og forskrift. Nedanfor gis det ein omtale av lovkrava som er lagt til grunn i tilsynet.
Overordna rettslege prinsipp
Det sentrale lovgrunnlaget for tilsynet med kommunane sine barneverntenester er barnevernlova av 17. juli 1992 (bvl.) med tilhøyrande forskrifter.
Saman med Norges menneskerettslege pliktar oppstiller barnevernlova grunnleggande prinsipp som er førande for barnevernområdet generelt, og derfor også for barneverntenesta sitt arbeid med oppfølging av barn i fosterheim. Forvaltningslova (fvl.) inneheld også reglar som er førande for dette tilsynet på eit grunnleggande og overordna nivå.
- Barn sin rett til omsorg og beskyttelse kjem fram både av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3 og 19. Barnet sitt behov for omsorg og beskyttelse er også understreka av EMD i fleire saker, og er anerkjent som eit legitimt inngrepsformål ved inngrep i retten til familieliv etter EMK artikkel Dersom myndigheitene overtek omsorga for eit barn, må dei likevel sette inn tiltak for å tilrettelegge for gjenforeining mellom barn og foreldre så snart det med rimelegheit lar seg gjere, jf. Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8 nr. 2.
- Prinsippet om barnet sitt beste er det mest sentrale omsynet på barnevernområdet. Prinsippet går fram av barnekonvensjonen artikkel 3 og Grunnlova § 104, og skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjersler som omhandlar barn. I barnevernlova står prinsippet i § 4-1, som fastsett at det skal leggast avgjerande vekt på å finne tiltak som er til det beste for barnet. Det blir også slått fast i § 4-1 at det i vurderinga skal leggast vekt på å gje barnet stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Prinsippet om barnet sitt beste utgjer ein sjølvstendig rettigheit for kvart barn, men prinsippet skal også bli vektlagt når andre lovgrunnlag blir tolka og virke som ei rettesnor for saksbehandling i saker som omhandlar barn. Barnet si meining er eit heilt sentralt moment i vurderinga av barnet sitt
- Barnet sin rett til medverknad er eit særleg viktig krav som har vore undersøkt i dette tilsynet. Barnet sin rett til å bli høyrd følger av både Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 12. I barnevernlova står prinsippet i § 1-6 om retten til medverknad. Her står det at barnet har rett til å medverke, men inga plikt. Retten gjeld i heile prosessen og i alle forhold som omhandlar barnet, ikkje berre når det skal takast rettslege eller administrative avgjersler. Barnet sine synspunkt skal i samsvar med barnet sin alder og modning, alltid tas med i vurderingar og bidra til at avgjersler som tas er til barnet sitt beste. Forskrift om medverknad og tillitsperson gjeld for alle delar av barneverntenesta sitt arbeid og utdjupar korleis barneverntenesta skal sikre barnet sin medverknad.
- Kravet om forsvarlege tenester i barnevernlova § 1-4 inneber at tenestene må halde tilfredsstillande kvalitet, ytast i tide og i eit tilstrekkeleg Barnevernlova sin regel om forsvarlege tenester har eit heilskapleg utgangspunkt. Innhaldet i kravet skal tolkast i samanheng med dei andre lovane i barnevernlova, der særleg formålsheimelen i barnevernlova, prinsippet om barnet sitt beste og barnet sin rett til medverknad er viktige tolkingsfaktorar.
- Som følgje av kravet om forsvarlege tenester i barnevernlova 1-4, god forvaltningsskikk og plikta til internkontroll, har barneverntenesta plikt til å dokumentere både barnevernfaglege vurderingar og dei faktiske forhold som ligg til grunn for dei slutningar og vedtak som blir fatta. Barneverntenesta har ei generell plikt til å dokumentere barnet sin medverknad i saksbehandlinga, jf. forskrift om medverknad og tillitsperson § 7. Avgjersler som gjeld ytingar og tenester etter barnevernlova er enkeltvedtak, jf. barnevernloven § 6-1 annet ledd. Dette inneber at vedtaket skal grunngjevast etter reglane i forvaltningslova § 24 og § 25.
Barneverntenesta si plikt til å følgje opp barn i fosterheim
Barneverntenesta si plikt til å følgje opp barn og foreldre etter vedtak om omsorgsovertaking, er regulert i barnevernlova § 4-16. Barneverntenesta har etter § 4-16 eit løpande og heilskapleg ansvar for oppfølginga av barnet. Blant anna skal dei følgje barnet si utvikling og vurdere om det er nødvendig med endringar eller ytterlegare tiltak for barnet. Ein del av ansvaret omhandlar også arbeidet med gjenforeining, samt å legge til rette for samvær med søsken der omsynet til barnet ikkje taler imot det. At barneverntenesta har eit løpande og heilskapleg ansvar for oppfølginga av barnet, inneber at tenesta på ein systematisk og regelmessig måte må vurdere barnet sitt behov. Det handlar om å planlegge oppfølginga, innhente informasjon og følgje opp fosterheimen, vurdere, konkludere og iverksette avgjersler slik at barnet får den omsorga og hjelpen det har behov for. Gjennomgåande skal barnet medverke og arbeidsprosessane skal understøttast av ein systematisk internkontroll.
Forskrift om fosterheim § 7 gir ei nærmare utdjuping av kva som ligg i barneverntenesta si plikt til kontroll og oppfølging av det enkelte barn sin situasjon i fosterheimen. Barneverntenesta si oppfølging av fosterheimen skal vere heilskapleg og tilpassa den enkelte fosterfamilie, jf. forskrift om fosterheim § 7 annet ledd. Oppfølgingsansvaret omfattar nødvendige råd, rettleiing og støtte til fosterforeldre og gjeld så lenge barnet er i fosterheimen. Fosterforeldra sine eigne biologiske barn er også ein del av fosterfamilien og må bli inkludert i barneverntenesta si oppfølging av kva for behov fosterheimen har.
Barneverntenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig, og minst fire gonger i året, jf. fosterheimsforskrifta § 7 tredje ledd. For barn som har vore plassert i fosterheimen i meir enn to år, kan barneverntenesta vedta at talet på besøk kan bli redusert til minimum to gonger i året.
Den delen av fosterheimsarbeidet som omhandlar rettleiing, oppfølging og kontroll av det enkelte barn sin situasjon i fosterheimen, er viktig for at fosterheimsplasseringa skal virke etter sitt formål. Ansvaret for kontroll av barnet sin situasjon i fosterheimen inneber eit ansvar for å foreta jamlege kontrollar med at barnet får den omsorga det treng og at fosterheimsplasseringa fungerer etter si hensikt. Det vil heile tida vere barneverntenesta som har ansvar for å vurdere kva som er nødvendig og forsvarleg oppfølging av det enkelte barn, om vilkåra for omsorgsovertakinga framleis er oppfylt og om den konkrete fosterheimen er eit egna tiltak for barnet. Barneverntenesta vil også ha eit ansvar for å gjennomføre endringar i barnet sin omsorgssituasjon dersom det er nødvendig.
Barn som er under barneverntenesta sin omsorg, vil ofte ha særlege behov som må imøtekomast gjennom systematisk innsats. Å utarbeide planar er ei skriftleggjering av ein systematisk arbeidsform.
Barneverntenesta har ansvar for å utarbeid ulike planer som for eksempel omsorgsplan, fosterheimsavtale, samværsavtaler, samværsplan, tiltaksplan for barn som får hjelpetiltak og individuell plan for barn som har særlege behov for langvarig og koordinerte tiltak eller tenester, jf. barnevernlova § 4-15 tredje ledd, fosterheimsforskrifta § 6, barnevernlova §§ 4-19, 4-5 og 3-2 a.
Ved all oppfølging og utarbeiding av planverk er det viktig at barneverntenesta involverer og samarbeider med barn og foreldre på ein systematisk måte, jf. bvl. § 1-6 og § 1-7.
Internkontroll
Det er nær samanheng mellom styring av tenestene og at tenestene er forsvarlege.
Kommunelova § 25-1, jf. barnevernlova § 2-1 regulerer dei krav som stillast til kommunane sin internkontroll. Internkontrollen skal vere systematisk, og den må ha eit omfang og innhald som er tilpassa barneverntenesta sin størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen. I kommunelova § 25-1 tredje ledd bokstav a til e, blir det stilt krav til innhaldet i internkontrollen. Kommunen skal ha oversikt over og følgje med på områder der det er fare for svikt i tenesteeiningane eller at tenestene ikkje følger lov- og forskriftskrava. Kva slags styringsaktivitet som er nødvendig for å få oversikt, vil variere avhengig av blant anna organisering og størrelse på tenesta.
God internkontroll kan bidra til at oppfølginga av barn og fosterheimar blir gjort på ein forsvarleg og kvalitativ god måte. Sentrale forutsetningar er at oppfølginga er risikobasert, tilstrekkeleg formalisert og inneheld ulike kontroll- og forbetringstiltak.
På barnevernsområdet må kravet til internkontroll sjåast i samanheng med krava i barnevernlova som har betydning for korleis tenesta ska sikre forsvarlege tenester.
Etter barnevernlova § 2-1 sjuande ledd skal kommunen sørge for at dei tilsette i barneverntenesta får nødvendig opplæring og rettleiing. Ansvaret inneber blant anna at tilsette må følgast opp og få nødvendig støtte i arbeidet.
3. Fakta
Molde kommune har vore vertskommune for ein interkommunal barnevernteneste i fleire år. Etter kommunesamanslåinga med Nesset og Midsund den 01.01.2020 vart barneverntenesta interkommunal for kommunane Molde, Aukra og Vestnes. Barneverntenesta er ei eiga eining og har totalt 42,6 årsverk. Tenesta er lokalisert i Molde.
Einingsleiar starta som barnevernleiar i mars 2019 og vart einingsleiar etter kommunesamanslåinga i januar 2020. Ho har tidlegare erfaring som kontaktperson i kommunal barnevernteneste og som privat aktør.
Molde, Aukra og Vestnes har dei siste to åra fått rettleiing i regi av Bufdir. Rettleiinga har fungert som støtte til kommuneleiinga og einingsleiar slik at tenesta kan utvikle eigen praksis og oppnå betre resultat. Rettleiinga vart avslutta våren 2022.
Tenesta har omsorga for 47 barn plassert i fosterheim som er omfatta av tilsynet. Av desse bor 13 i fosterheim i slekt og nettverk. Tenesta har i tillegg til desse 47, oppfølgingsansvar for 19 barn som er frivillig plassert i fosterheim, og nær alle av desse er plassert i slekt og nettverk.
Molde kommune si rapportering for 1.halvår 2022 viser at barna no får den oppfølginga dei har krav på, medan rapporteringa for 1.halvår i 2020 viste alvorleg svikt i oppfølginga av fosterbarna. Utviklinga hadde vore negativ sidan 2018.
Det vart oppretta eit eige omsorgsteam i tenesta hausten 2020. Teamet består av ein fagleiar, sju kontaktpersonar, ein familierettleiar og ein fosterheimsrettleiar. Omsorgsteamet har som hovudoppgåve å følgje opp barn som bur i fosterheim eller på institusjon.
Fem av kontaktpersonane har arbeidd i tenesta mellom seks og fjorten år. Fagleiar har arbeidd i tenesta i tjuefire år. Alle har barnevernfagleg kompetanse og fleire har relevant vidareutdanning.
Oppfølginga i fosterheimane blir som hovudregel gjennomført av ein kontaktperson, og vedkommande har ansvaret for oppfølgingsarbeidet i fosterheimen. Kontaktpersonen går gjennom alle sakene sine i saksdrøft med fagleiar annakvar veke. Dei har og teammøte annakvar veke kor dei kan drøfte saker og oppfølgingsarbeidet i fellesskap. Dei tilsette ga utrykk for at det var lav terskel for å be om hjelp med sakene også utanom dei faste møta.
Faktagrunnlaget i tilsynet er basert på ein gjennomgang av rutinar, andre styringsdokument og sju saksmapper frå dei siste to åra, i tillegg til eigenvurderingsskjema. Dei sju mappene utgjer 15 % av den aktuelle saksmengda som er omfatta av tilsynet. Vi har snakka med fem fosterforeldre og fire fosterbarn. Vi har også intervjua fem kontaktpersonar, fagleiar for omsorgsteamet, einingsleiar for barneverntenesta og kommunalsjef for oppvekst, kultur og velferd.
Oppfølgingsarbeidet i tenesta
Medverknad i oppfølginga og dokumentering av dette
Barneverntenesta snakkar med barna i eit fleirtal av sakene vi har gått gjennom, og dette blir dokumentert i rapport frå oppfølgingsbesøka. I intervju viser dei tilsette til at dei er opptatt av å snakke med barna og at dei legg til rette for samtalar med barna åleine dersom dei ønsker det. Fosterforeldra og barna vi har snakka med, viser også til at barna får tilbod om samtale. I ei av sakene ser vi at dei også har kontakt med barnet utover oppfølgingsbesøka.
Barneverntenesta legg til rette for at tidspunkta for oppfølgingsbesøket skal passe barnet og fosterforeldra. Dette var fosterforeldra og fosterbarna einig i.
Vi finn nokre eksempel i sakene på at det barnet er opptatt av, blir følgd opp vidare av barneverntenesta. Det er likevel lite dokumentasjon på korleis dei vektlegg barnet si meining og den barnevernfaglege vurderinga er ikkje synleg. Barneverntenesta skriv referat frå samtalene med barna, men vurderingane knytt til barna si medverknad er ikkje dokumentert.
Nokre av barna forklarer at barneverntenesta ikkje stiller dei riktige spørsmåla, og barneverntenesta veit derfor ikkje korleis dei eigentleg har det.
Oppfølginga er planlagt
Vi fekk omsorgsplanar for alle dei sju barna. Fleire av planane mangla dato for når den var utarbeidd, perioden den gjaldt for og underskrift. Planane hadde varierande innhald og ein av dei var utan nokon opplysningar.
Det er i tillegg utarbeidd tidsplanar for oppfølgingsbesøka og for gjennomføring av samværa. I intervju med dei tilsette viser dei til at det er desse planane som inngår i planlegginga av oppfølginga.
Fosterforeldra bekreftar også at det berre finnast tidsplanar. Dei medverkar i utforminga av planane ved at dei kan komme med innspel på om datoane passar. Gjennom intervju med dei tilsette fekk vi informasjon om at ikkje alle lagde plan for oppfølgingsbesøka, sjølv om det sto i rutinane at dei skulle gjere det. Grunnen var at dei hadde erfart at det var betre å avtale besøka frå gong til gong med fosterforeldra.
Fosterforeldra forklarte vidare at dei ikkje opplevde at sjølve innhaldet i oppfølginga var planlagt. I intervju kjem det heller ikkje fram at dei tilsette såg på planlegging av oppfølginga som noko meir enn utforming av tidsplanar.
Tenesta har eiga rutine for samarbeid med foreldre som viser at dei skal utforme ein samværsplan i god tid før kalenderåret tar til, og seinast i desember. Det skal og vere ein plan for samarbeid med foreldre med minimum fire treffpunkt i året. Fokus skal vere samvær, evaluering av samvær og at det er viktig med eit godt samarbeid mellom foreldre og fosterforeldre. På desse treffpunkta skal tenesta gjere vurderingar med tanke på tilbakeføring. Vi fann at det var utarbeidd samværsplanar i dei fleste sakene. Vi fann lite dokumentasjon på evaluering av samværa eller vurdering med tanke på tilbakeføring.
Fosterheimsavtalar var ikkje lagt ved som dokumentasjon i nokon av sakene, men tenesta har forklart at avtalen ligg i mappa til fosterheimen. I “Rutiner for oppfølging av fosterhjem” står det at fosterheimsavtalen skal evaluerast ein gong i året, og det skal setjast av ekstra tid til det. Fosterforeldra forklarte at dei berre fekk fosterheimsavtalen for signering, utan ein gjennomgang av avtalen.
Tenesta har ikkje hatt praksis for å utarbeide arbeidsplanar for oppfølgingsarbeidet. Fagleiar og einingsleiar forklarte at dei vurderte å innføre bruk av arbeidsplanar som del av implementering av omsorgspakka. Omsorgspakka er utarbeidd av Fosterheimsnettverket i Trøndelag og er eit verktøy i arbeidet med å systematisere oppfølginga i fosterheimsarbeidet.
Informasjon om barnet og behov for endringar
Sakene viser at barneverntenesta innhentar informasjon om barna. Dei får blant anna rapport frå tilsynsførar, deltek i ansvarsgruppemøte og andre samarbeidsmøte, og får rapportar eller epikrise frå tenester som til dømes PPT og BUP. I tillegg skriv dei referat frå oppfølgingsbesøka og samtalane med barna. Vi har i liten grad sett at barneverntenesta innhentar informasjon frå barna sine foreldre. Det er også i liten grad dokumentert korleis informasjonen tenesta har innhenta, er brukt vidare i sakene.
Besøker familien så ofte som nødvendig
Dei tilsette ga klart uttrykk for at dei gjer vurderingar av om det er behov for fleire oppfølgingsbesøk enn minimumskravet i den enkelte fosterheim. Dei forklarte også at dei gjennomfører fleire besøk om det er nødvendig. Vi har ikkje funne dokumentasjon på dette.
Leiinga forklarte at dei i faste møte følger med på om minimumskravet blir innfridd.
Fleire av fosterforeldra viser til at barneverntenesta kom på dei faste besøka, og understreka at barneverntenesta er tilgjengeleg (telefon, mail) når dei har behov for kontakt og meir bistand.
Heilskapleg og tilpassa oppfølging til den enkelte familie
Dokumentasjonen i sakene gir lite informasjon om korleis barneverntenesta har tilpassa oppfølginga til den enkelte familie. Dei tilsette viser til at dei tilpassar oppfølgingsbesøka ved å tilby fosterforeldra ulike datoar for gjennomføring av besøka. Dei var også opptatte av å være tilgjengelege. Vi fekk også eksempel på korleis dei hadde tilpassa oppfølginga til det enkelte barnet i nokre saker.
Leiinga meinte oppfølginga blei drøfta og tilpassa i dei faste møta mellom fagleiar og kontaktperson (saksdrøft). Fosterforeldra forklarte at oppfølginga varierte, og i den grad den var tilpassa dei, var det avhengig av kven som var kontaktperson.
Tenesta har eiga rutine for rettleiing til fosterheimen som viser at heimen kan få tilbod om rettleiing ut over det som er lovfesta. Kontaktpersonen har ansvaret for å melde behovet til fagleiar og det skal vere ein eigen avtale som gjer greie for oppdraget og tidsperspektivet for tiltaket.
Forsvarleg vurdering av utvikling og omsorgssituasjon hos barnet og konkluderer på om det er behov for endringar
Barneverntenesta set inn tiltak dersom det oppstår eit konkret behov, men det kom ikkje fram gjennom intervju med dei tilsette at det blir gjort systematiske vurderingar av behov eller endringar. Dei tilsette ga likevel uttrykk for at dei gjer forsvarlege vurderingar av barnet si utvikling og omsorgssituasjon, og dei konkluderer på om det er behov for endring eller ytterlegare tiltak. Leiinga viste til at slike vurderingar og konklusjonar blir gjort i dei faste møta. I fleirtalet av sakene fann vi ikkje slike vurderingar i referat frå desse møta eller i anna dokumentasjon. Fosterforeldra har ikkje inntrykk av at barneverntenesta har gjort desse vurderingane.
Iverksett nødvendige avgjerder om behov for endringar
Dei tilsette forklarte at dei gjer endringar og set inn tiltak når det er vurdert som nødvendig. I saksmappene kan vi sjå at det blir gjort endringar og ytterlegare tiltak i nokre saker. Det er likevel lite informasjon som viser om tiltaket verkar eller om det er behov for andre endringar eller ytterlegare tiltak. Det kjem fram informasjon i fleire saker om at fosterbarna eller fosterfamilien har behov for fleire eller andre tiltak. I desse sakene ser vi ikkje at barneverntenesta har dokumentert vurderingar rundt behova, eller at det er iverksett nødvendige tiltak.
Fosterforeldra viser til at det avheng av kontaktperson om dei nødvendige avgjerdene om behov for endringar eller ytterlegare tiltak, blir iverksett.
Internkontroll
Kommunen skal sikre systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet. Både dei tilsette og leiinga viser til at internkontrollen skjer via dei faste møta mellom kontaktperson og fagleiar, i teammøte og leiarmøte.
Tenesta har skriftlege “Rutiner for oppfølging av fosterhjem”. I rutinane står det blant anna at kontaktpersonane i forkant av nytt kalenderår skal lage ein plan for oppfølgingsbesøka og samvær med foreldre. I oppfølgingsbesøka skal dei gå gjennom alle punkt i mal for oppfølgingsbesøk. Det er spesifisert i rutinane at dei skal ha drøftingar rundt sparing til barnet. Vidare skal barneverntenesta gå gjennom fosterheimsavtalen ein gong i året, og det skal bli sett av ekstra tid til dette.
Barneverntenesta har også “Rutiner oppfølging av fosterheimsarbeidet” som gjeld leiinga. Her står det at einingsleiar, kontoransvarleg for fosterheimstenesta og fagleiar for omsorgsteam skal ha månadlege møte der dei kontrollerer krav til oppfølgingsbesøk og tilsynsbesøk, gjer økonomisk avklaringar og endring av avtaler, gjer drøftingar eller andre tema. Vi fann ikkje dokumentasjon på kva som er bestemt, vurdert eller evaluert i desse møta.
Tenesta nyttar det digitale systemet Compilo med rutinar og rettleiar. Alle har tilgang til rettleiaren frå Visma, som dei synest er nyttig og ofte brukar.
I intervju med kommunalsjef og einingsleiar kom det fram at dei har stort fokus på internkontroll, og at dei har jobba med å utarbeide system for dette. Einingsleiar og fagleiar informerte om at internkontrollen blir sikra via dei faste møta i tenesta.
Vi finn i fleire av sakene at det er gjennomført “saksdrøft”. Kva som blir diskutert og vurdert i desse møta kjem i liten grad fram av journalane. Av intervjua kom det heller ikkje fram at uriktig praksis blir oppdaga gjennom desse møta. Da tenesta i liten grad dokumenterer innhaldet i møta, er dette vanskeleg å overprøve.
Fosterfamiliane viser til at det er vanskeleg med saksbehandlarbytte, og at den oppfølginga dei får i stor grad er avhengig av saksbehandlar.
Tenesta har ei rutine for registrering av avvik. Leiinga forklarer at det ikkje er registrert nokon avvik i oppfølgingsarbeidet. Dei tilsette har hatt opplæring i avvikssystemet, og skal fortsette med denne opplæringa hausten 2022.
4. Vurdering
Gjennomføring av oppfølgingsarbeidet
Medverknad i oppfølginga og dokumentering av dette
I dei fleste sakene Statsforvaltaren har gått gjennom har barneverntenesta snakka med barna. I dei tilfella barnet ikkje har ønska å snakke med barnevernet, er det dokumentert i saka. Tenesta har også i dei fleste sakene dokumentert kva barnet fortalte. Barneverntenesta er opptatt av å få barna til å ville snakke med dei, og kva dei må gjere for legge til rette for det.
Intervjua med barna kan tyde på at spørsmåla barneverntenesta stiller, ikkje alltid er like relevante. Fleire barn forklarte at dei ikkje fekk nok informasjon om saka si eller kva slags spørsmål og problemstillingar dei kunne medverke i. Dei fekk gjerne spørsmål om korleis det gjekk på skolen, på fritida eller i fosterheimen, men ikkje om korleis dei eigentleg hadde det.
Det kjem i liten grad fram kva barnet har fått av informasjon, kva barnet skal medverke til og korleis barneverntenesta har vurdert og vekta barna sine synspunkt. Dette er viktige moment som inngår i å sikre at retten til medverknad blir tatt i vare. Statsforvaltaren vurderer at det er fare for at barna ikkje får reell medverknad sjølv om dei blir snakka med, dersom dette er gjennomgåande i sakene. Samla sett vurderer vi at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å fastsette lovbrot etter barnevernlova § 1-6, jf. § 1- 4, men at tenesta bør forbetre arbeidet med å sikre reell medverknad.
Oppfølginga er planlagt
Oppfølging av barn i fosterheim skal vere planlagt. Å utarbeide planar er ei skriftleggjering av ein systematisk arbeidsform. Planane for oppfølgingsbesøk og samvær i sakene vi har gått gjennom, er i hovudsak berre ei oversikt over datoar og er i liten grad brukt aktivt i sakene. Slike planar legg ikkje grunnlaget for eit systematisk og planlagt arbeid som skal peike på behov og angi korleis behova skal følgast opp. Planane har da liten verdi utover å gi oversikt over når barneverntenesta kjem på besøk.
Sjølv om alle sakene, unntatt ei, hadde ein endeleg omsorgsplan, kom det ikkje fram i dokumentasjonen eller i intervju med dei tilsette at dei nytta denne aktivt i oppfølgingsarbeidet. Ein plan har liten verdi i seg sjølv, dersom den ikkje er i aktiv bruk. Ein arbeidsplan i omsorgssaker kan være viktig for å konkretisere og styre oppfølginga av barnet. Barnet og fosterheimen må bli aktivt involvert i arbeidet. Tenesta planlegg innføring av “Omsorgspakka” der bruk av arbeidsplanar er eit av verktøya. Vi vurderer at det kan bidra til å systematisere tenesta sitt oppfølgingsarbeid.
Tenesta har utarbeidd planar for samvær i nær alle sakene. Vi ser i nokre saker at både barna, foreldra og fosterforeldra blir involvert for å få til gode samvær. Vi finn lite dokumentasjon på tenesta sine vurderingar av samvær og korleis dette blir nytta i planarbeidet. Etter vår vurdering kan desse manglane føre til at eksempelvis spørsmålet om tilbakeføring ikkje blir tatt i vare på ein heilskapleg og systematisk måte.
I tenesta sine rutinar står det at fosterheimsavtalen skal bli gjennomgått på oppfølgingsbesøk ein gong i året. Vi fann ikkje dokumentert at dette var gjort i nokon av sakene vi gjekk gjennom. Fosterforeldra bekrefta at gjennomgangen av fosterheimsavtalen på oppfølgingsbesøk ikkje var ein praksis dei var kjent med, anna enn at dei fekk avtalen til underskrift. Statsforvaltaren vurderer på bakgrunn av dette at fosterheimsavtalen ikkje blir brukt aktivt som ein del av planlegginga av oppfølginga.
Basert på sakene vi har gått gjennom og intervju med fosterforeldra, vurderer vi at oppfølginga i liten grad har vore planlagt ut ifrå barnet og fosterforeldra sine behov og korleis desse behova skal bli følgd opp. Planlegginga av oppfølginga er derfor ikkje systematisk og heilskapleg. Dette er i strid med kravet om at oppfølginga skal vere planlagt, jf. barnevernlova § 4-16 og § 1-4.
Informasjon om barnet og behov for endringar
Statsforvaltaren legg til grunn at barneverntenesta innhentar relevant informasjon om barna. Det kjem i liten grad fram korleis denne informasjonen blir brukt i vurderinga av om det er behov for endringar eller ytterlegare tiltak for barna. Dette gjer det vanskeleg å undersøke om barneverntenesta har tilstrekkeleg informasjon eller om dei har gjort vurderingar av om det er behov for endringar på bakgrunn av informasjon dei har innhenta. Etter samtale med dei tilsette vurderer vi likevel at desse vurderingane blir gjort, men at dei ikkje er dokumentert. Den manglande dokumentasjonen er i strid med barnevernlova § 1-4.
Besøker familien så ofte som nødvendig
Barneverntenesta skal besøke fosterheimen så ofte som nødvendig for å gi barnet forsvarleg oppfølging.
Vi ser i nokre av sakene at det er problemstillingar og behov i fosterheimen som barneverntenesta etter vår vurdering har følgt opp. Men vi ser også fleire eksempel på det motsette. Vurderingane av kor mange fosterheimsbesøk som er nødvendig, kjem generelt ikkje fram av dokumenta i saka. Dette er også i strid med dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4 og kan få uheldige følger for gangen i saka ved eit eventuelt bytte av kontaktperson. Mangelfull dokumentasjon kan også gjere det vanskeleg for leiinga å følgje med på kvaliteten og at plasseringane fungerer som ønska.
På bakgrunn av intervjua med dei tilsette og fosterheimane vurderer Statsforvaltaren likevel at barneverntenesta gjer vurderingar av kor mange oppfølgingsbesøk som er nødvendig, og at dei på bakgrunn av dette besøker barnet og familiane etter behov. Det er også positivt at barneverntenesta er tilgjengeleg ved behov utover oppfølgingsbesøka.
Heilskapleg og tilpassa oppfølging til den enkelte familie
Ei heilskapleg og tilpassa oppfølging av den enkelte fosterfamilie inneber at barneverntenesta må skreddarsy oppfølginga til barnet og fosterheimen utifrå dei behova som er aktuelle til ein kvar tid.
Dei tilsette sa i intervjua at dei langt på veg tilpassa oppfølginga til den enkelte familie. Dei er tilgjengelege for fosterforeldra for råd, rettleiing og støtte under oppfølgingsbesøka og elles ved behov. Fleire av dei tilsette bekrefta mangelfull skriftleggjering av dette arbeidet.
Vi finn ulik dokumentasjon etter oppfølgingsbesøk og mangelfull dokumentasjon av det løpande arbeidet med oppfølging av den enkelte familie. Ut frå dokumentasjonen er det derfor vanskeleg å vurdere om kvaliteten av oppfølginga er tilstrekkeleg heilskapleg og tilpassa.
På bakgrunn av det mangelfulle planarbeidet, dokumentasjonen i sakene og intervjua med dei tilsette og fosterfamiliane, finn vi likevel at oppfølginga ikkje er heilskapleg og tilpassa familiane. Oppfølginga er derfor i strid med fosterheimsforskrifta § 7 annet ledd .
Forsvarleg vurdering av utvikling og omsorgssituasjon hos barnet og konkluderer på om det er behov for endring eller ytterlegare tiltak
Barneverntenesta skal gjere ei forsvarleg vurdering av barnet si utvikling og omsorgssituasjon og avgjere om det er behov for endringar og ytterlegare tiltak.
Vi ser at barneverntenesta innhentar informasjon om barnet, men at det i liten grad er dokumentert korleis dokumentasjonen blir nytta vidare i saken.
Dei tilsette var i intervjua tydeleg på at dei var opptatt av korleis barna hadde det, og gjorde vurderingar av dette. Vi finn ikkje barnevernet sine vurderingar om barnet si utvikling og omsorgssituasjon eller at barneverntenesta har konkludert på om det er behov for endring eller ytterlegare tiltak i særleg grad. I enkelte saker ser vi at barna har fått ytterlegare tiltak, men vi kan ikkje sjå vurderingar av behov eller konklusjon på kvifor dette er nødvendig. Etter samtale med dei tilsette, legg vi til grunn at barneverntenesta gjer desse vurderingane, men at det ikkje blir dokumentert. Den manglande dokumentasjonen av vurderingane er i strid med dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4.
Iverksett nødvendige avgjerder om behov for endringar eller ytterlegare tiltak
Barneverntenesta skal iverksette nødvendige avgjerder om behov for endringar eller ytterlegare tiltak.
I saksmapper finn vi eksempel på at barneverntenesta har iverksett tiltak på behov som barnet eller fosterforeldra har presentert. I fleire av desse sakene ser vi at dei ulike problema fosterheimane har, held fram utan at barneverntenesta iverksett tiltak. I to av sakene vurderer vi at det var alvorlege utfordringar som det hasta med å finne løysingar på, utan at dette vart følgd opp. Dette vart bekrefta i intervju med fosterforeldra. På grunn av den manglande dokumentasjonen i sakene er det ikkje mogleg for Statsforvaltaren å slå fast kva som gjer at familiane i desse sakene ikkje fekk den hjelpa dei trong.
Fosterfamiliane viser til at det er avhengig av kontaktperson om dei får den hjelpa dei treng. Sjølv om kontaktpersonen kan diskutere behovet i “saksdrøft” og i teammøte, viser dette at tenesta ikkje har eit godt nok system for å sikre at behov for endringar eller ytterlegare tiltak blir fanga opp og følgd opp. Det blir dermed opp til kvar enkelt kontaktperson å vurdere behovet utan klare retningslinjer for dette arbeidet. Om barneverntenesta fangar opp, vurderer og iverksett nødvendige avgjerder er i liten grad dokumentert i sakene, og derfor vanskeleg å overprøve. Dette er i strid med dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4.
Internkontroll
Kommunen skal sikre systematisk og tilpassa internkontroll i oppfølgingsarbeidet.
Omsorgsteamet i barneverntenesta har faste møtepunkt ein gong i veka der saker blir drøfta. Dette skal vere med på å sikre kvaliteten i sakene. Statsforvaltaren vurderer at det er positivt at tenesta har faste møtepunkt der saker blir gjennomgått. Vi har likevel ikkje sett noko eksempel på at uriktig praksis blir oppdaga og korrigert som følgje av møta.
Tenesta har også eit avvikssystem der dei kan melde om ulike avvik i saksbehandlinga. Systemet har likevel aldri blitt brukt til å melde avvik i oppfølgingsarbeidet. Avvikssystemet har dermed ikkje bidratt til å korrigere praksis på dette området.
Tenesta har nokre rutinar for oppfølgingsarbeidet. Rutinane er ikkje særleg omfattande eller spesifikke, og blir ikkje følgd av alle tilsette i tenesta. Til dømes fann vi ingen eksempel på at fosterheimsavtalen har blitt gjennomgått på oppfølgingsbesøk eller at dei har diskutert sparing til barnet på nokon av besøka. Vi har ikkje sett eksempel på at dette har blitt oppdaga eller korrigert. At rutinane ikkje blir følgd og at det ikkje blir oppdaga, tyder på at internkontrollen ikkje er god nok.
I intervju fekk vi opplyst at tenesta ikkje har rutinar for dokumentasjon da dei ikkje vurderte det som nødvendig. Likevel ser vi at dokumentasjonen er mangelfull og at tenesta i liten grad dokumenterer i samsvar med kravet i barnevernlova § 1-4. Vi har ikkje sett eksempel på at dette har blitt fanga opp og korrigert av leiinga.
I intervju med både fosterforeldre og tilsette, fekk vi eit klart inntrykk av at oppfølginga av fosterheimar er avhengig av kontaktperson. Dette inneber ein fare for at oppfølginga fosterheimen får er avhengig av kven som er kontaktperson. Slike skilnader i saksbehandlinga burde ha vore oppdaga og korrigert. Dette viser også at internkontrollen ikkje er god nok i tenesta.
På bakgrunn av dette vurderer Statsforvaltaren at kommunen har handla i strid med kravet til internkontroll i kommunelova § 25-1.
Samla vurdering
Statsforvaltaren vurderer at lovbrota som er omtalt over, heng saman. Når oppfølginga ikkje er tilstrekkeleg planlagt vil det for eksempel vere vanskeleg å oppnå ei heilskapleg og tilpassa oppfølging. Vidare er fleire av lovbrota grunngjevne med at vi ikkje finn barneverntenesta sine vurderingar, og at vi derfor ikkje kan overprøve om arbeidet er godt nok. Mange av lovbrota har altså samanheng med manglande dokumentering. Når desse manglane ikkje blir oppdaga gjennom tenesta sin internkontroll, er det stor risiko for at svikten kan fortsette og på den måten ha stor innverknad på utføringa av oppfølgingsarbeidet i tenesta.
Statsforvaltaren ser at tenesta gjer mykje godt arbeid med oppfølging av barn i fosterheimen. Dei er opptatt av å snakke med barna, alle får dei lovpålagde oppfølgingsbesøka, dei er tilgjengeleg for både barna og fosterheimen og dei utfører fleire oppfølgingsbesøk når det er behov for det. Ansvars- og oppgåvefordelinga er klar og kjent, og det er lagt til rette for gode arbeidsprosessar med ein hensiktsmessig møtestruktur og rutinar for arbeidet. Ytterlegare rutinemateriell skal korrigerast og implementerast. Dei har og planar om å nytte avvikssystemet for retting av feil i større grad enn det dei gjer no.
5. Konklusjon
Tilsynet avdekte at oppfølginga av fosterheimane ikkje er tilstrekkeleg planlagt, at oppfølginga ikkje er heilskapleg og tilpassa den enkelte familie, at barneverntenesta sine vurderingar og konklusjonar ikkje er tilstrekkeleg dokumentert og at tenesta sin internkontroll ikkje er tilstrekkeleg til å oppdage og korrigere feil.
Dette er i strid med barnevernlova § 4-16, jf. § 1-4, fosterheimsforskrifta § 7 annet ledd, dokumentasjonskravet i barnevernlova § 1-4 og kommunelova § 25-1.
6. Oppfølging av lovbrot
Vi ber kommunen utarbeide ein plan med nødvendige tiltak for å rette lovbrota. Den skal sendast Statsforvaltaren innan 1. mars 2023.
Plana bør innehalde følgjande:
- Konkrete målformuleringer for kva som skal endrast
- Tiltak som skal gjennomførast for å skape forbetring
- Fristar for iverksetting og evaluering av om tiltaka har virket som planlagt
- Gjere greie for korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir iverksett og gjennomført
- Gjere greie for korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka har virka som planlagt
Kort tid etter at Statsforvaltaren har fått plana, tar vi kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt for møte. Det er kommunen si plan som vil være tema på møtet, i tillegg til at vi legg planar for vidare dialog. Kor mange møte vil avhenge av alvor og omfang av lovbrudda.
For å undersøke om tiltaka har ført til forsvarleg praksis, vil kommunen bli bedt om å utføre en eigenkontroll. I eigenkontrollen skal kommunen gå gjennom saker ved å fylle ut eit skjema med spørsmål. Tidspunkt for gjennomføring av eigenkontrollen gjer vi avtale om i dialogmøte.
Statsforvaltaren kan i tillegg utføre ein stikkprøvekontroll dersom det er nødvendig.
Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet
Varsel om tilsynet vart sendt 27.06.2022. Tilsynet vart gjennomført i lokala til barneverntenesta for Molde, Aukra og Vestnes, og innleia med eit kort informasjonsmøte 19.09.2022. Oppsummerande møte med gjennomgang av førebelse funn vart halde 21.09.2022.
Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:
- Diverse skriftlege rutinar og styringsdokument
- Eigenevalueringsskjema
- Saksdokument for dei to siste åra i sju tilfeldig valde saker
Fem fosterforeldre og fire fosterbarn vart intervjua i samband med tilsynet.
Førebels rapport vart sendt kommunen den 13.12.2022. Vi fekk tilbakemelding på feil i fakta den 03.01.2023. Dette er tatt inn i den endelege rapporten.
Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:
seniorrådgivar, Eli Landrø, revisjonsleiar
seniorrådgivar, Gunn Risan Nakken, revisor
rådgivar, Sigrid Nerbø Reiten, revisor
Med helsing
Maren I. Ørjasæter (e.f.)
direktør
Eli Landrø
seniorrådgivar
Dokumentet er elektronisk godkjent
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2022–23 Barneverntjenestens ansvar for oppfølging av barn plassert i fosterhjem
Søk etter tilsynsrapporter