Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med Hustadvika kommune og besøkte i den forbindelse NAV Hustadvika frå 24.09.2024 til 25.09.2024. Vi undersøkte om kommunen sørgjer for at kommunens plikt til å gje opplysning, råd, og rettleiing etter sosialtenestelova vert utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at befolkninga får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Hustadvika kommune fekk høve til å setje fram motsegner eller kommentarar til Statsforvaltaren sin førebelse rapport med varsel om å påleggje retting 24.10.2024. Kommunen har kome med ein merknad til faktagrunnlaget i kapittel 3.6, som Statsforvaltaren tar til følgje og har endra rapporten på det punktet.

Konklusjon frå Statsforvaltaren:

  • Hustadvika kommune v/NAV Hustadvika sikrar ikkje at det alltid vert gjort vedtak, når dei gir økonomisk råd og

Dette er brot på:

    • Sosialtenestelova § 17
    • Forvaltningslova § 23
    • Kommunelova § 25-1
  • Hustadvika kommune v/NAV Hustadvika dokumenterer ikkje alle opplysningar som kjem fram i oppfølginga, slik at opplysningane kan kontrollerast og etterprøvast, og for å sikre kontinuitet i tenesta

Dette er brot på:

    • Forvaltningslova § 11d
    • Kommunelova § 25-1

Manglande vedtak fører til at brukarane ikkje har skriftleg informasjon om frist for oppstart av rådgivinga, og informasjon om at dei kan klage på avgjerda. Eit enkeltvedtak skal sikre brukarane sin rettstryggleik og at avgjerda kan overprøvast. Personar som har behov for sosiale tenester kan være i ein vanskeleg og sårbar situasjon. Det er derfor særleg viktig at det offentlege styrker rettstryggleiken for denne gruppa.

Praksisen med mangelfull registrering av dokumentasjon, kan føre til at viktig informasjon blir borte. Det kan igjen føre til at brukarane ikkje får den oppfølginga dei skal ha i tide, om rettleiar vert borte eller har stort arbeidspress.

Statsforvaltaren har på denne bakgrunnen vedteke å påleggje retting av lovbrot, i medhald av kommunelova § 30-4. Vedtaket kjem fram av kapittel 6.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Statsforvaltaren har undersøkt og vurdert om tenesta økonomisk rådgjeving til personar i ein vanskeleg økonomisk situasjon, er forsvarleg.

Statsforvaltaren har undersøkt om:

  • Nav-kontoret gjer tenesta økonomisk rådgjeving tilgjengeleg
  • Nav-kontoret fattar skriftleg vedtak om tenesta og startar opp tenesta til riktig tid
  • Nav-kontoret sørgjer for ei forsvarleg oppfølging av tenesta økonomisk rådgjeving

Tilsynet frå Statsforvaltaren er gjennomført som ein systemrevisjon. Det inneber at Statsforvaltaren har ført tilsyn med korleis kommunen gjennom styring og leiing oppfyller krava til forsvarleg økonomisk rådgjeving.

Brukaren sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet i kommunen er viktig informasjon for tilsynsmyndigheitene. Statsforvaltaren har derfor hatt samtale med eit utval brukarar i dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren har myndigheit til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (sosialtenestelova), jf. sosialtenestelova § 9. Etter føresegna kan det også førast tilsyn med kommunen sin internkontroll med plikter etter kapittel 4, jf. lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) § 25-1.

Eit tilsyn er ein kontroll av om verksemda er i samsvar med føresegnene i lover og forskrifter. Nedanfor gir vi ei skildring av lovkrava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Økonomisk rådgjeving er ein del av tenesta opplysning, råd og rettleiing som er heimla i sosialtenestelova § 17. Ifølgje § 4 skal tenesta vere forsvarleg. For å kontrollere om tenesta er forsvarleg, har statsforvaltaren undersøkt:

Krav til forsvarleg tilgang til tenesta

Nav-kontoret gjer tenesta økonomisk rådgjeving tilgjengeleg, sjå sosialtenestelova §§ 17, 4, forvaltningslova § 11 og kommunelova § 25-1.

Kravet inneber at kommunen ved Nav-kontoret

  • identifiserer det moglege behovet personar har for økonomisk rådgjeving
  • ikkje avviser personar med mogleg behov for økonomisk rådgjeving ved å vise til Økonomi- og gjeldsrådgjevingstelefonen i Nav eller andre aktørar
  • gir personar med mogleg behov for økonomisk rådgjeving tilpassa informasjon ut frå føresetnadene og behova til personen, slik at dei blir i stand til å søkje om tenesta
  • skriv ned og dokumenterer munnlege søknader om økonomisk rådgjeving

Krav til forsvarleg avgjerd og oppstart av tenesta

Nav-kontoret fattar skriftleg vedtak om tenesta og startar opp tenesta i riktig tid, sjå sosialtenestelova §§ 17, 4, 41, 42, 43, forvaltningslova §§ 17 og 23 og kommunelova § 25-1. Kravet inneber at kommunen ved Nav-kontoret

  • gir brukaren høve til samtale om behovet sitt før det blir gjort vedtak
  • fattar skriftlege vedtak om økonomisk rådgjeving
  • set frist for oppstart av tenesta i vedtaket, ut frå behovet til brukaren og om saka hastar
  • startar tenesta ut frå behovet til brukaren og om saka hastar

Krav til forsvarleg oppfølging

Nav-kontoret sørgjer for ei forsvarleg oppfølging av tenesta økonomisk rådgjeving, sosialtenestelova §§, 17, 4 og 42, kommunelova § 25-1, forvaltningslova §§ 17.

Kravet inneber at kommunen ved Nav-kontoret

  • gir brukaren tilbod om samtalar under oppfølginga
  • kartlegg det økonomiske forholdet til brukaren, det vil seie inntekter, utgifter, eigedelar og gjeld, og om brukaren har prioritert bort nødvendige utgifter
  • kartlegg særskilde utgifter til barn, når brukaren har forsørgjaransvar
  • kartlegg om andre forhold i livssituasjonen til brukaren kan påverke val av tiltak i den økonomiske rådgjevinga
  • kartlegg i samarbeid med brukaren
  • utformar tiltaka i samarbeid med brukaren
  • tilbyr økonomisk rådgjeving for ulike typar av økonomiske problem med ulik alvorsgrad
  • dokumenterer opplysningar som kjem fram i oppfølginga, slik at opplysningane kan kontrollerast og etterprøvast, og for å sikre kontinuitet i tenesta

Krav til styring og leiing

Kravet til leiing, organisering og styring er viktige element i ansvaret kommunen har for å tilby og yte forsvarlege tenester. God styring og leiing bidreg til at brukarane får oppfylt rettane sine. Det kan derfor vere stor risiko for svikt i tenesteytinga dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg styring med kvaliteten på tenestene. Svikten kan få store konsekvensar for den enkelte brukaren.

I sosialtenestelova § 5 viser ein til at kommunen skal ha internkontroll etter reglane i kommunelova § 25-1. Styringssystemet skal tilpassast storleiken, eigenarten, aktivitetane og risikoforholdet for verksemda, og ha det omfanget som er nødvendig.

For meir utfyllande informasjon, sjå Veileder for landsomfattende tilsyn 2024-25 Nav-kontorenes ansvar for tjenesten økonomisk rådgiving til personer i en vanskeleg økonomisk situasjon.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemda sine aktuelle tenester fungerer, inkludert tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

3.1   Fakta om kommunen og NAV-kontoret

Hustadvika kommune er ein kommune i Romsdal med 13 407 innbyggjarar pr. 2. kvartal 2024. Kommunen er organisert i fire tenesteområde. NAV Hustadvika er ein del av tenesteområdet for helse og velferd.

NAV-kontoret har 23 tilsette fordelt på 10,8 kommunale og 11,45 statlege stillingar. Kontoret er organisert i oppfølgingsteam vaksen, ungdomsteam og flyktningteam. Det er i tillegg tre gjeldsrådgjevarar og ein familierettleiar som jobbar på tvers.

På tida for tilsynet var det ein fungerande NAV-leiar etter at leiar slutta i sommar, og dermed ei vakanse i kontoret. Det har vore stort sjukefråvær (12,5% statleg og 6,2% kommunalt). Det har vore ein stor auke i utbetaling av sosialhjelp, opp 50% frå 2022 til 2023. Det skuldast stor auke i stønad til tannbehandling, straum, husleige og busetting av flyktningar. Kommunen tok imot 140 ukrainske flyktningar i 2023 og har vedtak på 70 i år.

3.2   Møter og rapportering

NAV-kontoret rapporterar til kommuneleiinga månadleg, kvart tertial og til årsmelding. Kommunen har einingsleiarmøte, helse- og velferdsforum og partnerskapsforum på overordna nivå. I tillegg har NAV-leiar løpande kontakt med kommunalsjef. NAV-kontoret har samarbeid på systemnivå med til dømes eining for integrering og Familiens hus.

Internt i NAV har dei møte i medbestemmelsesapparatet (MBA) månadleg og fagdrypp. Dei har besluttarrolle for godkjenning av vedtak og månadlege besluttarmøter. Dei har fagverkstad for sosiale tenester med fokustema økonomisk rådgiving, og heile kontoret deltek i sosialtenestedialogen fleire gonger i året med Statsforvaltaren. Dei har system for sjekkliste og evaluering, som skal evaluerast og reviderast hausten 2024.

Ifølge eigenrapporteringsskjema og i ROS-analyse kjem det fram at dei har kontormøter og tenesteområdeleiarmøter med kollegarettleiing kvar månad. Det er leiarutviklingsmøte kvartalsvis og kommunikasjonskurs ein gong i året. Dei har saksdrøft minst ein gong i veka. Alle rapporterte avvik blir gjennomgått i medbestemmelsesapparatet (MBA), som vurderer iverksetting av eventuelle tiltak.

I evalueringsskjemaet skriv NAV-kontoret at dei ikkje har hatt interne revisjonar, serviceklager eller brukarundersøkingar som gjeld sosiale tenester. Dei har ikkje klart å etablere lokalt brukarutval, men har brukt Rådet for ung medvirkning i NAV Møre og Romsdal.

Internkontrollen i desember 2023 viser at dei fann avvik på utgreiing, dokumentasjon og innhald i vedtak. Dei hadde ein fagverkstad med gjennomgang av korleis dei skal skrive vedtak i januar 2024. Planlagt internkontroll i juni vart avlyst grunna leiarvakanse. Dei har ein kompetanseplan/kartlegging og kompetansehevande tiltak i kontoret, som ikkje er fullført. ROS-analysa om HMS viser at det er behov for kompetanseheving i kontoret.

Dei nyttar fagsystemet Socio med tilhøyrande øko råd, remittering og digital skanning/post ut. Kommunalsjefen har ein mal for internkontroll, der han gjennomgår dei sosiale tenestene. Den er utarbeidd i august 2022 og sist revidert i desember 2023. Siste gjennomgang viser behov for opplæring i bruken av Compilo, som er kommunen sitt avvikssystem.

3.3 Tilgjengelegheit til tenesta

Identifiserer moglege behov for tenesta

Dei har skriftlege rutinar som beskriv korleis søknader om sosiale tenester skal handterast og rutinane har kontrollspørsmål som fangar opp behovet for opplysning, råd og rettleiing.

Av intervju og i dokumentasjon går det fram at alle tilsette skal kjenne til tenesta opplysning, råd og rettleiing, og informere om tenesta når det vurderast som hensiktsmessig. Alle tilsette skal gi økonomisk rådgjeving på lavaste nivå og avdekke og identifisere behov for tenesta. Dette går fram av organisasjonsplanen, av intervju med dei tilsette og delvis av skriftlege rutinar. Gjeldsrådgivarane er med i samtale med rettleiar og brukar på høgare nivå, og tar over dei kompliserte sakene.

NAV-kontoret tar imot spørsmål om økonomi både skriftleg (fysisk oppmøte og digitalt) og munnleg (fysisk oppmøte og på telefon). Publikumsmottaket er ope for drop-in måndag og onsdag frå kl. 10 – 12, med eigne publikumsvertar til stades. Vakttelefon er open måndag til fredag frå kl. 9 – 15, via Kontaktsenteret.

Tilsette fortalte at dei brukar ulike kjelder for å identifisere moglege behov for økonomisk rådgjeving, som i saker der dei søker om gjentatt nødhjelp, overgang frå sjukepengar til arbeidsavklarings- pengar (AAP) eller uføretrygd, frå løn til dagpengar, ved samlivsbrot og utskriving frå institusjon.

Gjennomgang av dokumenta i sakene, viser at moglege behov vart kartlagt og at dei vart informert om tenesta økonomisk rådgjeving.

Tilpassa informasjon

Av intervju og i notat i sakene kom det fram at dei tilsette gav mykje informasjon munnleg. Til dei unge vart det gitt mykje informasjon på telefon og SMS. I intervju kom det fram at dei har rutinar for bestilling av tolk og vurderte behov for tolk frå sak til sak. I dei 20 sakene vi gjekk gjennom, var det ikkje nytta tolk. 4 av dei hadde utanlandsk opphav.

Avviser ikkje personar ved å vise til andre

Kommunen har pr. 01.10.2024 informasjon på nettsidene sine med lenke til NAV sine nettsider, der dei og kan finne informasjon om økonomi- og gjeldsrådgjevingstelefonen. Vi har ikkje sett at telefontenesta er omtalt i dei 20 sakene vi har lest.

Informerer om tenesta til personar med moglege behov for tenesta

På nettsida til Hustadvika kommune står det per 01.10.2024 informasjon om at NAV kan gi økonomisk rådgjeving om du har betalings- eller gjeldsproblem. Det er lenka videre til nav.no sine generelle sider om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.

Av journalnotat såg vi at det vart gitt informasjon om tenesta til personar som hadde oppsøkt NAV- kontoret om hjelp etter anna regelverk. Det vart bekrefta i intervju av dei tilsette.

Skriv ned og dokumenterer munnlege søknader

Vi såg i fleire saker at det ikkje var søkt skriftleg, men søknadane var notert i Socio som samtalenotat. Dei vart ikkje alltid behandla formelt som søknad, med enkeltvedtak på teneste om økonomisk rådgiving. Av intervju og dokumentasjon gjekk det fram at dei gav økonomisk rådgjeving munnleg og/eller skriftleg. Av intervju kom det fram at det ikkje alltid vart notert at det var gitt rådgiving eller kva dei gav råd om.

3.4   Avgjerd og oppstart

Gir høve til samtale før vedtak

I intervju har vi fått informasjon om at det vert gitt tilbod om samtale med rettleiar om økonomisk rådgjeving. Vi har også sett ein del journalnotat frå samtalar med brukarane i saker om økonomisk rådgjeving. Notata viser at brukarane har fortalt om utfordringane sine og kva dei ønskjer hjelp til. Samtalane blei gjennomført med rettleiaren som har ansvaret, eller av gjeldsrådgivaren i tyngre saker, ifølge intervju.

Skriv vedtak om økonomisk rådgjeving

Vi har sett i dokumentasjonen og høyrt i intervju at Nav-kontoret i liten grad skriv reine vedtak om økonomisk rådgjeving etter § 17. Dei skriv også få § 17-vedtak i kombinasjon med økonomisk stønad etter § 18. Alle dei sju vedtaka om økonomisk rådgjeving som vi såg, vart godkjent av besluttar i tråd med delegasjon, noko som også kom fram i intervju.

Set frist for oppstart i vedtaket, ut frå søkar sitt behov

I dei sju vedtaka etter § 17 som vi såg, vart det gitt frist for oppstart. I ein del saker var hjelpa starta opp fleire månader før vedtak vart gjort.

Startar tenesta ut frå brukar sitt behov

NAV-kontoret starta opp med økonomisk rådgjeving ut frå behov og hastegrad, ifølge intervju og av dokumentasjonen i sakene. Det er gjeldsrådgjevarane som vurderer hastegraden i dei sakene som rettleiarane har bedt om hjelp til, ifølgje intervju.

3.5   Oppfølging

Gir brukarar tilbod om samtale

Dei tilsette sa at dei gav tilbod om samtale ved behov. Det gjekk også fram av dokumentasjon i sakene at det vart gitt slikt tilbod. Vi har ikkje sett at nokon som har bedt om samtale har blitt avvist. Brukarane vi snakka med bekrefta at dei fekk tilbod om samtale når dei trong det. To brukarar sa i intervju at oppfølginga stoppa opp sjølv om dei ikkje var ferdige med rådgjevinga, utan at brukaren sjølv hadde avlyst noko. Brukarane måtte ta kontakt med NAV på nytt, for nye samtalar.

Kartlegg brukar sine økonomiske forhold

NAV-kontoret sitt søknadsskjema for økonomisk rådgjeving inneheld felt for registrering av personalia, sivilstatus, familiesituasjon, barn, samvær, bustad, arbeid, sosiale forhold, kontakt med andre instansar, inntekter, utgifter, uteståande krav, utleggstrekk, formue og gjeld. I dei 20 sakene vi har lest, såg vi at NAV-kontoret kartlegg inntekter, utgifter, formue og gjeld. Av intervju med tilsette og brukarar gjekk det også fram at brukarane sine økonomiske forhold vert kartlagt. På nettsida til kommunen ligg det eit budsjettskjema som dei oppmodar brukarane om å fylle ut før dei kjem til samtale på NAV-kontoret.

Kartlegg særskilde utgifter til barn

I sjekkliste ved behandling av søknad går det fram at dei mellom anna skal sjå på barna sine behov, fritidsaktivitetar, om dei treng utstyr og om dei går i barnehage/SFO. Dei undersøker også om dei kan søke om redusert foreldrebetaling på barnehage/SFO eller søke bustøtte.

Både dei tilsette og brukarane bekrefta i intervju at det vart tatt omsyn til barn sine behov, og at dei fekk stønad til å vere med på fritidsaktivitetar. I dei tolv sakene vi har lest om økonomisk rådgjeving og stønad der brukaren hadde forsørgeransvar for barn, såg vi at Nav-kontoret hadde kartlagt både forsørgeransvar, samvær, eventuelle utgifter til samvær og utgifter til barnepass.

Kartlegg andre forhold i brukaren sin livssituasjon

I dei 20 sakene vi har lest om økonomisk rådgjeving og økonomisk stønad, såg vi at Nav-kontoret har kartlagt busituasjon, familiesituasjon, helseforhold, rusmiddelbruk med meir. Det kom også fram i intervju med dei tilsette. Brukarane ga uttrykk for at Nav-tilsette såg på heile livssituasjonen deira.

Kartlegg i samarbeid med brukaren

Vi har sett at det i ein del saker er journalnotat frå kartlegging som vert gjort i samtalar mellom brukar og rettleiar. I intervju med tilsette kjem det fram at dei ikkje alltid skriv notat frå slike samtalar og at mykje blir gjort på telefon og SMS. Det vert bekrefta i intervju med tilsette og brukarar at kartlegginga i stor grad bygger på opplysningar frå brukarane sjølve, til dømes med skjermdump frå mobil på SMS direkte til rettleiar.

Utformar tiltaka i samarbeid med brukar

I dei sakene vi har lest som omhandla økonomisk rådgjeving, fann vi at tiltaka var tilpassa ønska og behova til dei som søkte om bistand. Det vart bekrefta i intervju med brukarane. Det vart òg sagt i intervju med dei tilsette at dei verken stilte vilkår om å ta imot rådgjeving, eller gav råd til dei som ikkje ønska det.

Tilbyr økonomisk rådgjeving for økonomiske problem med ulik alvorlegheitsgrad

Av intervju og i dei sakene vi har lest om økonomisk rådgjeving, har NAV-kontoret gitt tilbod om desse ulike tiltaka: Budsjettrettleiing, oppfølging av forbruk i ein periode, hjelp til å sende brev til kreditorar om manglande betalingsevne, bistand til å handtere utleggstrekk og kartlegging av gjeld. Kontoret tilbyr i utstrekt grad frivillig forvaltning, både for korte og lange periodar, til dei som har disponeringsproblem. Saker der brukarar måtte forhandle med kreditorar eller var aktuelle for utanrettsleg eller rettsleg gjeldsordning, vert handsama av gjeldsrådgivarane.

Dokumenterer opplysningar som kjem fram i oppfølginga

Vi har sett at det manglar dokumentasjon av opplysningar i fleire av dei sakene vi har lest om økonomisk rådgjeving. Nokre notat var særs knappe. Mykje av oppfølginga skjer på SMS som ikkje alltid vert lagra i Socio, men vert liggande på rettleiar sin mobil. Det var ikkje kjent for alle tilsette korleis dei kunne lagre dialog på SMS i Socio.

I intervju av tilsette og brukarar kom det fram at NAV-kontoret gir økonomisk rådgjeving tilpassa ulike økonomiske utfordringar, frå rettleiing om kvardagsøkonomi og budsjett til kontakt med kreditorar og namsfogd, tilbod om frivillig forvaltning og søke om gjeldsordning.

3.6   Styring og leiing

NAV-leiar har delegert til fire tilsette å kontrollere vedtak etter ei felles sjekkliste, og godkjenne alle vedtak etter lov om sosiale tenester i nav. Desse har møte kvar veke og har dermed god oversikt over praksis. I intervju med tilsette kom det fram at der vedtak ikkje vart godkjent, gjekk det melding til rettleiar om kva som mangla ifølgje sjekklista. Det var ikkje rutinar for å fange opp at det vert fatta vedtak om rådgjeving etter § 17, når det vert gitt slik rådgjeving, som omtalt i Veilederen.

Det var ikkje rutinar som sikra at det vert gjort notat frå alle samtalar med brukarar. Det var heller ikkje rutinar som sikra at kommunikasjon på SMS vart arkivert på rett stad, til rett tid.

Leiinga i kommunen si oppfølging av avviksmeldingar frå NAV, skjer gjennom dialog med NAV-leiar.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Tilgjengelegheit til tenesta

NAV Hustadvika oppfyller kravet til tilgjengelegheit til tenesta, gjennom informasjon på nettsider, tilgjengelegheit på telefon og SMS med rettleiar og ope kontor og vakttelefon elles. Det bygger på dokumentasjon i sakene, gjennomgang av nettsider, og intervju med tilsette og brukarar.

Avgjerd og oppstart

Basert på dei sakene vi såg på, og det dei tilsette og brukarane sa, fann vi at dei oppfylte kravet til å gi brukarane høve til samtale om sitt behov før det blei fatta vedtak. Dei oppfylte òg kravet til frist og oppstart av tenesta etter brukarane sine behov og hastegrad.

NAV-kontoret har ikkje rutinar som sikrar at dei fattar vedtak etter § 17. Det var få vedtak i høve til kor mykje økonomisk rådgjeving som vart gitt, ifølgje dokumentasjon og intervju. Dei oppfyller ikkje dei formelle krava til å fatte vedtak, men oppfyller plikta til å gi rådgiving. Brukarane får dermed ikkje skriftleg informasjon om frist for oppstart av rådgivinga, og informasjon om at dei kan klage på avgjerda. I intervju uttrykte nær alle brukarane at dei var særs nøgde med hjelpa dei hadde fått.

Oppfølging

Brukarane får samtaler tilpassa behovet. Kartlegginga er grundig og god, og dekker både økonomi, særskilte utgifter til eventuelle barn og andre forhold som kan ha betydning for rådgjevinga. Både kartlegginga og utforminga av tiltaka skjer i samarbeid med brukar. Dei fleste brukarane vi snakka med var nøgde med oppfølginga dei fekk. I intervju og i saksdokumenta fann vi at dei ikkje alltid fyller kravet til dokumentasjon.

NAV-kontoret sikrar ikkje alltid at oppfølginga vert gjennomført i tide, ifølgje intervju med brukarar. Vi har ikkje funne dette i eit stort nok omfang til å kunne slå fast at praksis er i strid med lova.

Styring og leiing

Det går klart fram korleis ansvar, oppgåver og mynde er fordelt i Nav-kontoret. Kommunen er kjent med at dei tilsette treng kompetanseheving for melding av avvik i Compilo, utan at dei har fått det enno. Det kan føre til underrapportering av avvik. Kommunen legg til rette for gjennomgangar av praksis for å identifisere svikt, men har ikkje hatt tid til å utføre dei det siste året. Det kan ha ført til at leiinga ikkje har avdekka og følgt opp avvik som gjeld manglande vedtak etter § 17 og mangelfull dokumentasjon i sakene.

5. Statsforvaltarens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

5.1 Statsforvaltarens konklusjon

Hustadvika kommune v/NAV Hustadvika sikrar ikkje at det alltid vert gjort vedtak, når dei gir økonomisk råd og rettleiing.

Dette er brot på

  • sosialtenestelova § 17
  • forvaltningslova § 23
  • kommunelova § 25-1 (internkontroll i kommunen)

Hustadvika kommune v/NAV Hustadvika dokumenterer ikkje alle opplysningar som kjem fram i oppfølginga, slik at opplysningane kan kontrollerast og etterprøvast, og for å sikre kontinuitet i tenesta

Dette er brot på

  • Forvaltningslova § 11d
  • Kommunelova § 25-1

5.2 Konsekvens av lovbrot

Manglande vedtak fører til at brukarane ikkje har skriftleg informasjon om frist for oppstart av rådgivinga, og informasjon om at dei kan klage på avgjerda. Eit enkeltvedtak skal sikre brukarane sin rettstryggleik og at avgjerda kan overprøvast. Personar som har behov for sosiale tenester kan være i ein vanskeleg og sårbar situasjon. Det er derfor særleg viktig at det offentlege styrker rettstryggleiken for denne gruppa.

Praksisen med mangelfull registrering av dokumentasjon, kan føre til at viktig informasjon blir borte. Det kan igjen føre til at brukarane ikkje får den oppfølginga dei skal ha i tide, om rettleiar vert borte eller har stort arbeidspress.

5.3 Samanhengen mellom lovbrotet og styringa og leiinga av tenestene

Etter vårt syn kan lovbrota ha samanheng med desse forholda i styringa og leiinga av tenesta:

  • Manglar rutine for at det vert gjort vedtak om tenesta før rådgiving vert
  • Vakanse i leiinga har ført til at planlagt internkontroll har vorte
  • Leiinga har vore klar over kompetansemangel på melding av avvik, utan å ha sett i verk Det kan ha ført til manglande melding om avvik, og forsinka prosessen med å forbetre saksbehandlinga.

6. Vedtak om å påleggje retting av lovbrot

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal pålegg kommunen å rette lovbrot i medhald av kommunelova § 30-4.

Pålegg om retting inneber at:

  1. Kommunen skal setje i verk tiltak for å sørge for at tenestene er i tråd med lovkrav på følgjande område:
    1. Avgjerd om økonomisk rådgiving
    2. Oppfølging av rådgivinga
  2. Kommunen skal leggje ein plan for forbetringsarbeidet med eigne fristar, og sende denne over til Planen skal innehalde ei skildring av korleis kommunen vil følgje med på om dei iverksette tiltaka fører til endring, ved å samanlikne dei forventa og faktiske resultata.
  3. Lovbrota skal vere retta innan 28.02.2025.
  4. Innan denne fristen skal kommunen sende følgjande over til Statsforvaltaren:
    1. skildring av gjennomførte tiltak
    2. skildring av korleis kommunen evaluerer effekten av tiltaka
    3. skildring av korleis kommunen skal følgje med på at tenesta framover er i tråd med lovkrav
    4. resultatet av ein eventuell eigenkontroll.
  5. Kommunen skal sende over plan for forbetringsarbeidet til statsforvaltaren innan 10.12.2024 og gje Statsforvaltaren informasjon om status på gjennomføringa innan 30.01.2025.

Statsforvaltaren skal etter det vurdere og evaluere kommunen si oppfølging av vedtaket på bakgrunn av dokumentasjonen kommunen sender, og ta stilling til om tilsynet kan avsluttast.

Om kommunen ønskjer det, kan vi ha dialogmøte om oppfølginga av forbetringsarbeidet.

Klagerett

Det er klagerett på dette vedtaket, jf. forvaltningslova § 28. Klagefristen er tre – 3 – veker frå mottak av vedtaket. Ei eventuell klage blir send til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Statens helsetilsyn er klageinstans, jf. forvaltningslova § 28 første ledd.

Med helsing

Grete Teigland (e.f.)
underdirektør

Eilin Reinaas
seniorrådgiver

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet vart sendt 24.06.2024.

Intervju av brukarar vart gjennomført nokre dagar før og etter sjølve tilsynet.

Tilsynet vart gjennomført ved NAV Hustadvika, og innleia med eit kort informasjonsmøte 24.09.2024. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 25.09.2024.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Egenrapporteringsskjema
  • HMS-årshjul NAV Hustadvika 2024
  • Vedtakskontroll, godkjenning og remittering
  • Oversikt over tilsette
  • Internkontroll
  • Oversikt over Fagdrypprekken høsten 2024
  • Virksomhetsplan 2024
  • Organisasjonskart
  • Partnerskapsavtale
  • Partnerskapsmøte 03.24
  • Referat fra besluttermøter
  • Saksprotokoll Delegeringsreglement og reglement for politiske råd og utvalg for perioden 2023-2027
  • Sjekkliste ved behandling av søknad
  • Søknad om økonomisk rådgivning
  • 15 vedtak om økonomisk stønad
  • 7 vedtak om økonomisk råd og veiledning
  • ROS-analyse 2024
  • Internkontroll
  • Kompetansekartleggingsverktøy NAV Hustadvika

Det vart valt 20 brukarmapper etter følgjande kriteria:

  • Berre økonomisk rådgiving
  • Berre økonomisk stønad
  • Både økonomisk rådgjeving og økonomisk stønad
  • Nokre handla om straum/husleierestanse og nokre om naudhjelp
  • Brukarane hadde fått hjelp det siste året før varsel om tilsyn vart sendt i juni
  • Nokre hadde forsørgeransvar for barn og nokre var under 30
  • Brukarane hadde økonomiske problem av ulik alvorlegheitsgrad

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

4 brukarar vart intervjua i samband med tilsynet.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • seniorrådgivar, Eilin Reinaas, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, revisjonsleiar
  • rådgivar, Marianne Halle, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, revisor
  • rådgivar, Marianne Stensvold, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, revisor

Alle tilsynsrapportar frå dette landsomfattande tilsynet

2024-2025 Nav – økonomisk rådgivning til personer i en vanskelig livssituasjon

Søk etter tilsynsrapporter

Søk