Hopp til hovedinnhold

Tilsynet blei gjennomført i tidsrommet frå 14.05.2024 til 29.08.2024, og er ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelselova §§ 5-7 og § 30.

Vi viser til føremålet i folkehelseloven § 1, som seier føljande:

«Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse.
Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»

Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar blei valt ut for intervju for utfyllande informasjon.

Sunndal kommune har gitt tilbakemelding om at dei ikkje har kommentarar til faktagrunnlaget i utkast til rapport som er sendt kommunen for gjennomgang.

1. Tema for og føremål med tilsynet

Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§ 5, 6, 7 og 30 i folkehelselova. Målgruppa for tilsynstemaet er avgrensa til barn og unge 0–18 år.

Gjennom tilsynet vil vi få eit landsomfattande tilstandsbilde av om kommunane har:

  • oversikt over helsetilstanden hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar deira psykiske helse
  • om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen
  • om det blir følgt opp med relevante

Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet støtter også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf.

Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023)).

2. Gjennomføring

Første del av tilsynet var i form av eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har Statsforvaltaren valt ut nokre kommunar for djupneintervju. Føremålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga.

Rapporten byggjer på informasjonen som er komen fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og samtalar med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Vi har også hatt møte med eit utval barn og unge og nokre andre samarbeidspartnarar. Av omsyn til barnas anonymitet gir vi ikkje att ytringane deira eksplisitt. Referat frå samtalane blir sende anonymt til Helsetilsynet saman med kopi av rapporten for oppsummering på landsbasis.

3. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Heimelen statsforvaltaren har til å føre tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelselova § 31. Det følgjer av lova at Statsforvaltaren skal føre tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagde i eller i samsvar med folkehelselova §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.

Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremje god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Vi vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelselova §§ 5-7 og § 30.

Folkehelselova § 5 første og andre ledd seier følgjande:

«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
  1. opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter §§ 20 og 25,
  2. kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
  3. kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»

Folkehelselova § 6 seier følgjande:

«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»

Folkehelselova § 7 første ledd seier følgjande:

«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk.
Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»

Folkehelselova § 30 seier følgjande:

«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»

4. Omtale av arbeidet kommunen gjer med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremje god psykisk helse hos barn og unge

Kort om Sunndal kommune

Sunndal kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal, og med eit areal på 1.700 km² er Sunndal den største kommunen i fylket. Kommunen er klassifisert i sentralitetsklasse 5.

Kommunesenteret er Sunndalsøra, og pr. første kvartal 2024 hadde kommunen 7.269 innbyggarar, der omlag 4.500 bur i kommunesenteret. Omlag 800 av innbyggarane er under 18 år.

Kommunen er kjent som eit kraftsenter, og har det største aluminiumsverket i Europa, Hydro Sunndal, og med om lag 700 tilsette er det ein stor arbeidsplass i kommunen. Kommunen har og eit relativt stort forskingsmiljø knytt til Hydro og Nofima.

Kommunen har eit rikt kulturliv og ei mangfaldig frivilligheit. Mange av barn og unge deltek på fotball, og det er fotball-lag i dei ulike bygdene. Andre tilbod er handball, badminton, kampsport, pistolklubb og volleyball. Mange deltek på fritidsaktivitetar til tenåra, men sluttar etter dette, da det frå tenåra går meir på prestasjon enn ønske om å delta. Dårleg kollektivtilbod kan gjere det vanskeleg å delta på fritidsaktivitetar for dei som bur langt frå Sunndal sentrum.

Kjellaren ungdomsklubb er open fire dagar i veka etter skuletid, og blir omtalt som ein veldig bra ungdomsklubb. Ein vaksen er tilgjengeleg som ungdommane kan snakke med. Ungdomsrådet har fått gjennomslag for at ein ungdom får sommarjobb i ungdomsklubben. Biblioteket i kommunen har tilbod til barn og unge, og blir løfta fram som ein god treffstad med vaksne til stade.

Ungdomsrådet har eigne midlar som kan ytast til ulike føremål etter søknad. Kommunen har seks skular:

  • Gjøra oppvekstsenter, barnehage og skule
  • Løykja skule, barneskule
  • Sande skule, den største barneskulen i kommunen, ligg i sentrum
  • Tredal skule, barneskule
  • Ålvundfjord skule, barneskule
  • Sunndal ungdomsskule

I tillegg er det vidaregåande skule i kommunen.

Statsforvaltaren har gjennomgått spørjeskjema og dokument som kommunen har sendt over i samband med tilsynet.

Gjennomføring av djupneintervju

Statsforvaltaren har hatt til gjennomsyn aktuelle dokument som kommunen har sendt .

Den 06.06.2024 blei det gjennomført samtale med Ungdomsrådet på kommunehuset. I Ungdomsrådet sitt elevar frå ungdomsskulane og vidaregåande skule i kommunen.

Det blei gjennomført intervju med ti tilsette i kommunen. Intervju/samtalar blei gjennomført i to grupper, med fem i kvar gruppe. I ei gruppe deltok ein person via Teams elles møtte alle på Formannskapssalen. I ei gruppe deltok kommunedirektør, leiar for samfunnsutvikling, skulesjef, barnehagesjef og kommuneoverlege. I andre gruppe deltok helsesjef, leiar kulturtenesta, helsesjukepleiar, familierettleiar og folkehelsekoordinator/fagutviklar i helse.

Om kommunen sitt folkehelsearbeid og arbeid med folkehelseoversikten

Sunndal kommune sin samfunnsdel har fem mål. Folkehelse inngår i mange av desse måla, sjølv om det ikkje er uttrykkeleg nemnt. Kommunen er godt fornøgd med at folkehelse er integrert i heile samfunnsdelen. Folkehelse skal vere ein grunnmur i alt kommunen gjer og gjennomgåande i heile det kommunale planverket.

Folkehelseoversikta var ferdig tidleg i 2024, og den er gjennomgått i alle politiske utval. Folkehelseoversikta er utarbeidd i eit tett samarbeid mellom samfunnsplanleggar og folkehelsekoordinator.

Kommunen vurderer det som viktig at innbyggarane og dei folkevalde er kjent med og forstår innhaldet i folkehelseoversikta, og har difor arbeidd med klart språk i folkehelseoversikta.

Kommunen skal opprette eit folkehelseforum. Det vil gi ein struktur og arena for å diskutere folkehelse tverrfagleg og tverrsektorielt internt i kommunen. Det er ønskjeleg om at forumet skal bli eit meir operativt organ for folkehelsearbeidet. Kommunen vil slik arbeide meir med å få knytt sektorane saman. Det er henta inn erfaringar frå andre kommunar som har oppretta liknande forum. Forumet vil også bidra som arena for å evaluere og revidere planar og tiltak som er sett i verk.

Folkehelsekoordinator og kommuneoverlege er viktig inn i kommunen sitt arbeid med folkehelse framover. Til dømes i arbeidet med neste folkehelseoversikt, men også for å halde den løypande oversikta.

Kommunen har kommuneoverlege i 100 % stilling, dette var nytt frå 2020. Tidlegare var det 20 % stilling. Kommuneoverlegen er også barn- og unge representant etter plan- og bygningsloven.

Ein viktig del av kommunen sitt folkehelsearbeid handlar om å auke helsekompetansen hos innbyggarane, inkl. flyktningar/innvandrarar som kan vere vanskeleg å fange opp. Det gjeld til dømes tema som kosthald og fysisk aktivitet.

Om kommunen sitt planarbeid

Kommunen sitt overordna planverk

Kommunen viser til det etablerte plansamarbeidet på Nordmøre. Det har bidratt til at kommunen har fått eit godt fungerande planverk med oppdaterte planar. Kommunen nyttar «Framsikt» i sitt planarbeid, rapportering mm.

Alle forslag om tiltak både frå administrasjon og folkevalde blir knytt opp til måla i samfunnsdelen. Kommunen arbeider bevisst og målretta med utgangspunkt i samfunnsdelen, og det er ei direkte kopling til kommunens økonomiplan, då alle nye tiltak må vere forankra i samfunnsdelen. Det blir rapportert på måla i samfunnsdelen kvar tertial.

Kommunen viser til at det overordna planverket er til god hjelp for sektorane, til dømes sektor for oppvekst. Mål og strategiar i samfunnsdelen er førande for sektor for oppvekst sitt planarbeid med tema-, handlings- og tiltaksplanar. Dei ulike sektorplanane skal henge saman med den overordna samfunnsdelen. Sektor for oppvekst arbeider samstundes for å etablere strukturar for tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid og nettverk, som gjer det lettare å arbeide heilskapleg med måla og strategiane i samfunnsdelen. Det er mellom anna etablert eit månadleg tverrfagleg møte på dei to største skulane. Det skal innførast på dei andre skulane etter kvart.

Kommunen ser at ulike fag ofte har ulike måtar å arbeide på, men at alle er saman for eit felles mål – å styrke laget rundt barnet. Kommunen kan kanskje bli betre til å hauste gevinstar ved å sjå at det er mange som har og skal ha ei rolle inn i dette arbeidet. Strukturering og planarbeid kan bidra positivt inn i dette.

Revisjon av kommuneplanens samfunnsdel

Gjeldande samfunnsdel er under revisjon, og det er lagt opp til vedtak mot slutten av dette året. Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, t.d. folkehelseoversikta og nyaste Ungdata blir lagt til grunn i arbeidet med revisjon av samfunnsdelen. Kommunen ønskjer å kome i godt i gong med Ungdata og ha eit godt kunnskapsgrunnlag. Det blei difor gjennomført Ungdata både i 2023 og 2024.

Kommunen ser eit behov for å forsterke enkelte mål, delmål og strategiar i gjeldande samfunnsdel. I revisjon av samfunnsdelen vil kommunen også arbeide med klart språk, arealstrategiar og korleis ein kan involvere innbyggarane.

Folkehelsekoordinator sitt i arbeidsgruppe for revisjon av samfunnsdelen. Kjennskap til samfunnsdelen og måla i planen gir ein tryggleik for vidare arbeid på eiget fagfelt.

Evaluering av planarbeidet

Kommunen sitt planarbeid blir evaluert med jamne mellomrom, og evalueringane blir nytta inn i oppstart av nytt planarbeid eller revisjon av gjeldande planar.

Døme på interkommunalt plansamarbeid

Det er eit barnevernssamarbeid med indre Nordmøre. Samarbeidet har arbeidd med ein felles førebyggande plan mot omsorgssvikt og åtferdsvanskar. I samarbeidet blei det utarbeidd ein plan med ein felles del og ein individuell del.

Oppfølging gjennom tiltak

Kommunen har identifisert positive og negative faktorar som særleg kan påverke innbyggarane si folkehelse:

  • Låg-inntektsfamiliar
  • Mange åleinebuande
  • Befolkningssamansetning
  • Deltaking i fritidsaktivitetar
  • Barn og unges psykiske helse

Kommunen ga fleire døme på konkrete tiltak der ein arbeider med folkehelse og barn og unge:

Prosjektet «ungdommens stemme»

Eit samarbeid med politiet med føremål om å styrke overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule gjennom m.a. å skape trygge rom og trygge møteplassar for barn og ungdom.

Kontaktkassa

Eit tiltak for å fange opp dei som ikkje har råd til å delta på fritidsaktivitetar. Politisk initiert tiltak. Kontantkassa får mange søknadar. Kommunen er merksam på at ein ikkje nødvendigvis fangar opp dei som ikkje er organisert då det er organisasjonen som kan søke om midlar.

Kveldskråka

Eit tiltak som liknar Natteravn. Ungdomssenteret er nytta som base, og Kveldskråka er organisert i samarbeid mellom Frivillighetssentralen og foreldregruppa.

Samarbeid med næringslivet

Kommunen har eit godt samarbeid med næringslivet (t.d. Hydro) i samband med lærlingar. Gjennom samarbeidet har ein fokus på å arbeide førebyggande mot utanforskap og rus, og fange opp ungdommar som elles kan felle utanfor. Det blir arrangert obligatoriske samlingar for lærlingar, der lag/organisasjonar møter. Det er også gjennomført kurs for å styrke ungdom/lærlingar si psykiske helse og auke livsmeistring.

Miljøteam

Kommunen har miljøteam på tre skular. Tverrfagleg team kjem i tillegg. Lærar er i større grad involvert i miljøteamet. Lærar kan melde inn saker direkte til teamet sjølv, og treng ikkje å gå via rektor.

Kommunen tok opp fleire tema og tiltak som har betyding for folkehelsearbeidet:

Deltaking i fritidsaktivitetar

Kommunen har eit ønske om å auke barn og unge si deltaking i idrett- og lag/organisasjonar. Kommunen ser det som viktig å få dette målet inn i samfunnsdelen, slik at det kan gi føringar for vidare planarbeid med temaplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Det er behov for å involvere og samarbeide meir med foreldregruppa og frivilligheita i arbeidet med å auke barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar. Til dømes for å dekke opp for manglande kollektivtilbod for barn og unge som bur utanfor sentrum. Det er og viktig med eit aktivitetstilbod til dei mindre barna, og at det er tilbod som fangar opp dei som ikkje deltek på fotball. Kommunen har fleire store arrangement som krev omfattande engasjement frå frivillige. Det kan vere ei fare at dei da «blir brukt opp» og ikkje er tilgjengelege resten av året.

Samarbeid med foreldregruppa

Sunndal kommune har arbeidd mykje med helsetenester for barn og unge. Kommunen vurderer samarbeid mellom foreldregruppa og barnehage/skule som eit viktig bidrag inn i folkehelsearbeidet for barn og unge. I den samanheng er det eit viktig tiltak å styrke foreldreskapet. Til dømes når det gjeld tema som alkoholkonsum, kosthald og aktivitet.

Grunnlagsdata i høve overvekt, tannhelse, alkoholforbruk mv. er nytta direkte inn i kommunens tiltaksplanar. Kommunen har starta opp arbeid med ein kosthaldsplan. Det er gjennomført foreldremøte med dialog om korleis ein kan arbeide med slike tema. Det skal lagast ein foreldremøteplan som gir oversikt over når ein tek opp ulike tema i forhold til kva som er aktuelt for barna si aldersgruppe.

5. Tilbakemelding og kommentar frå statsforvaltaren

Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelselova skal danne eit grunnlag for betre samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.

Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette.

Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument og intervju.

I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt om kommunen:

  • Har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
  • Følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
  • Set i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge

Kommunen har eit oppdatert oversiktsdokument (folkehelseoversikta) som inkluderer faktorar som påverkar den psykiske helsa hos barn og unge. Folkehelseoversikta er nytta inn i kommunen sitt planarbeid, seinast i arbeid med planstrategi for perioden 2023-2027 og ved revisjon av kommuneplanens samfunnsdel.

Tilsynet viser at kommunen har eit oppdatert og dekkande planverk, og at kommunen følgjer plansystemets fireårshjul med vedtak av planstrategi og revisjon av samfunnsdelen tidleg i kommunestyreperioden.

Kommunen viser at dei arbeider godt og systematisk innanfor planverket sitt. Her vil vi særskild peike på at:

  • dei einskilde sektorane sine planar er knytt til mål og strategiar i den overordna samfunnsdelen
  • oppfølging av dei kommunale planane blir rapportert på og evaluert med jamne mellomrom
  • alle nye tiltak blir knytt opp mot mål og strategiar i samfunnsdelen og det er ei direkte kopling mellom samfunnsdelen sin handlingsdel og økonomiplanen.

Vi ser at kommunen har folkehelse som eit gjennomgåande tema i fleire av samfunnsdelen sine mål og strategiar. Kommunen har sjølv peika på at dei i større grad kan synleggjere folkehelsedimensjonen som eit gjennomgåande tema. Vi er samd i dette, då dette kan bidra til å bevisstgjere og løfte fram betydinga av kommunen sitt folkehelsearbeid.

Vi har og merka oss at kommunen arbeider aktivt for å kome seg bort frå sektortenking i kommuneorganisasjonen med rammestyring i kvar sektor. Vi vurderer det som eit godt grep som legg til rette for meir heilskapleg tenking rundt folkehelsearbeidet.

Det blir sendt kopi av rapporten til Statens helsetilsyn.

Med helsing

Grete Teigland (e.f.)
underdirektør

Aase Årsbog Dyrset
seniorrådgivar

 

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge

Søk etter tilsynsrapporter

Søk