Hopp til hovedinnhold

Tilsynet blei gjennomført i tidsrommet frå 25.04.2024 til 29.08.2024, og er ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelselova §§ 5-7 og § 30.

Vi viser til føremålet i folkehelseloven § 1, som seier føljande:

«Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse.
Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»

Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar blei valt ut for intervju for utfyllande informasjon.

Vanylven kommune har gitt tilbakemelding til faktagrunnlaget i utkast til rapport, og vi har gjort endringar i rapporten i tråd med desse.

1.  Tema for og føremål med tilsynet

Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§ 5, 6, 7 og 30 i folkehelselova. Målgruppa for tilsynstemaet er avgrensa til barn og unge 0–18 år.

Gjennom tilsynet vil vi få eit landsomfattande tilstandsbilde av om kommunane har:

  • oversikt over helsetilstanden hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar deira psykiske helse
  • om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen
  • om det blir følgt opp med relevante tiltak.

Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet støtter også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf.

Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023)).

2.  Gjennomføring

Første del av tilsynet var i form av eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har Statsforvaltaren valt ut nokre kommunar for djupneintervju. Føremålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga.

Rapporten byggjer på informasjonen som er komen fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og samtalar med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Vi har også hatt møte med eit utval barn og unge og nokre andre samarbeidspartnarar. Av omsyn til barnas anonymitet gir vi ikkje att ytringane deira eksplisitt. Referat frå samtalane blir sende anonymt til Helsetilsynet saman med kopi av rapporten for oppsummering på landsbasis.

3.  Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Heimelen statsforvaltaren har til å føre tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelselova § 31. Det følgjer av lova at Statsforvaltaren skal føre tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagde i eller i samsvar med folkehelselova §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.

Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremje god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Vi vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelselova §§ 5-7 og § 30.

Folkehelselova § 5 første og andre ledd seier følgjande:

«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
  1. opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter §§ 20 og 25,
  2. kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
  3. kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»

Folkehelselova § 6 seier følgjande:

«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»

Folkehelselova § 7 første ledd seier følgjande:

«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk.
 Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»

Folkehelselova § 30 seier følgjande:

«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»

4.  Omtale av arbeidet kommunen gjer med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremje god psykisk helse hos barn og unge

Kort om Vanylven kommune

Vanylven kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til kommunane Sande og Herøy, i øst til Volda kommune og i sør og vest mot Stad kommune. Kommunen er klassifisert i sentralitetsklasse 6, og har ein storleik på 385,11 km2.

Kommunen har seks bygder; Eidså, Fiskå, Åram, Rovde, Åheim og Syvde. Kommunesentrum ligg i Fiskå, og der er mellom anna kommunehuset, NAV, helse- og omsorgssenter, politi, legesenter og tannklinikk lokalisert.

Per første kvartal 2024 budde det 3.031 innbyggarar i Vanylven kommune. Av desse utgjer aldersgruppa 0-17 år om lag 15 % (466 innbyggarar) av det totale innbyggartalet.

Kommunen har dei siste 20 åra hatt ei sentralisering av befolkninga, inn mot kommunesentrumet i Fiskå. Framskrivingar1 fram mot 2050 viser at alle grunnkrinsar i kommunen vil oppleve nedgang i folketalet med unntak av Fiskå. Frå 2027 vil kommunen oppleve ein sterk auke i innbyggarar over 80 år. Totalt i perioden 2025-2050 vil talet på 80+ auke med 82,5 prosent. For grunnskulen vil det vere ein nedgang i elevtalet på 59 % i perioden 2025-2050. For barnehagen vil det vere ein nedgang i talet barnehagebarn på 63 % i perioden 2025-2050.

Tenesteproduksjonen i kommunen er i hovudsak knytt til bygdene Fiskå, Syvde og Åheim. Desse tre krinsane har barnehage og barneskule. Det er ungdomsskule på Fiskå og Åheim.

Organisasjonen i kommunen er bygd opp med ein stab og tre sektorar: helse- og omsorg, teknisk og kultur og oppvekst. Kommunen har ein kommunepsykolog og kommuneoverlege i 47% stilling.

Gjennomføring av djupneintervju

Statsforvaltaren har hatt til gjennomsyn aktuelle dokument som kommunen har sendt over.

Det blei gjennomført samtale med Ungdomsrådet, og der sitt elevar frå dei to ungdomsskulane i kommunen. Kommunen har ikkje vidaregåande skule, og har difor ikkje ungdom i aldersgruppa 16- 19 år i Ungdomsrådet.

Den 20. juni 2024 blei det gjennomført intervju med kommunedirektør, kommunalsjef helse og omsorg, konstituert kommunalsjef kultur og oppvekst, påtroppande kommunalsjef kultur og oppvekst, kommunalsjef stabsleiar, kommuneoverlege, kommunepsykolog og folkehelse- og barnekoordinator.

Kommunen viste til at tilsynet gir høve til å sette eit tema på dagsorden. Kommunen viste vidare til at:

  • Gjennomføring av tilsynet som ein gruppesamtale sikrar det tverrfaglege perspektivet og gir rom for Det gir også rom for at dei tilsette kan supplere kvarandre
  • Det er nyttig at fleire frå kommuneleiinga deltek på same Det bidreg til bygging av ein felles forståing

Om kommunen sitt folkehelsearbeid og arbeid med folkehelseoversikta

I om lag 1 ½ år var det ingen i rolla som folkehelsekoordinator, og tilsetting i den stillinga frå januar 2024 var ein slags restart for kommunen sitt folkehelsearbeid.

Gjeldande folkehelseoversikt er tverrfagleg utarbeidd og forankra i heile kommuneorganisasjonen. Den gir eit godt utgangspunkt for kommunen sitt systematiske folkehelsearbeid. Folkehelseoversikta har vore nytta mykje inn i arbeidet med gjeldande samfunnsdel.

Arbeid med ny folkehelseoversikt er i gong, og denne skal nyttast i planarbeidet for inneverande kommunestyreperiode. Kommunen kom noko seint i gong med arbeidet med ny folkehelseoversikt. I oppstart av arbeidet med ny planstrategi for perioden 2023-2027 har kommunen difor nytta gjeldande folkehelseoversikt og nyaste Ungdata som kunnskapsgrunnlag. Ny folkehelseoversikt skal vere klar i løpet av hausten, og ein vil då kunne gjere eventuelle justeringar før vedtak av planstrategien.

Kommunen har folkehelsekoordinator, kommuneoverlege og kommunepsykolog som alle er sentrale inn i folkehelsearbeidet. Samstundes er kommunedirektøren klar på at folkehelseperspektivet skal løftast på eit tverrfagleg nivå. Heile kommuneorganisasjonen skal ha ansvar for folkehelsearbeidet. Folkehelseperspektivet blir også teke inn i alle politiske saker.

Kommuneoverlegen sitt i kommunedirektøren si leiargruppe og det sikrar ei god forankring og implementering av folkehelseperspektivet gjennomgåande i heile kommuneorganisasjonen.

Om kommunen sitt planarbeid

Vanylven kommune har eit relativt oppdatert planverk når det gjeld barn og unge. Kommuneplanens samfunnsdel frå 2022 er under revisjon, med planlagt vedtak hausten 2024. Planstrategi for perioden 2023-2027 skal vedtakast hausten 2024. I planstrategien er det lagt opp til revisjon og oppstart av fleire planar som er relevant for folkehelsearbeidet knytt til barn og unge for inneverande kommunestyreperiode. Det gjeld til dømes kommunedelplanane «Anlegg for idrett og friluftsliv» og «Helse og omsorg», temaplanane for «Barn og unge», «Folkehelseoversikta», «Vald i nære relasjonar», «Frivilligpolitikk», «Alkoholpolitisk plan», «Bustadsosial plan» og «Plan for demokrati».

Kommuneplanens samfunnsdel trekk fram demokrati og medborgarskap som eit satsingsområde, der medverknad frå barn og unge er løfta fram som viktig. Kommunen er merksam på sitt ansvar for å sikre god og reell medverknad for barn og unge. I 2018/2019 blei det arbeidd godt med medverknad for barn og unge. Kommunen ser at dei kanskje ikkje har hatt tilstrekkeleg fokus på medverknad frå barn og unge den seinaste tida. Kommunen vil følgje opp dette i sitt planarbeid framover.

Kommunen gir uttrykk for at ein kan bli betre til å evaluere og ta læring av tidlegare planarbeid, det blir mellom anna peika på følgjande:

  • Kommunen kan med fordel få betre oversikt over det kommunale planverket og kva tiltak ein har planlagt
  • Kommunen har ikkje etablert rutinar som godt nok sikrar at ein evaluerer gjeldande planar i samband med oppstart eller revisjon av planar
  • Kommunen må også ha rutinar som sikrar at ein tek læring frå erfaringar gjort under planarbeid og gjennomførte tiltak i planar

Oppfølging gjennom tiltak

Kommunen vurderer sjølv at dei har gode rutinar på individnivå, men at dei treng å arbeide meir på systemnivå. Det trengs meir oversikt, rutinar og årshjul for å kunne arbeide heilskapleg og langsiktig og sikre god implementering. Dette bør vere knytt til arbeid med folkehelseoversikta, planstrategi og anna planarbeid.

Kommunen peikar på følgjande utfordringsområde når det gjeld barn og unge:

Utanforskap

Vanylven kommune har det høgaste tal på utanforskap i fylket. Utanforskapet er stort og det skaper utfordringar for psykisk helse. I prosjektet Vanylven 2027 er utanforskap eit av satsingsområda.

Tenestene i kommunen har fokus på utanforskap, men det er vanskeleg å fange opp dei det gjeld.

Mobbing

Ungdata-undersøkinga frå 2022 viser at 11% av elevar på ungdomstrinnet opplever mobbing minst kvar 14. dag, til samanlikning med 8% på landsbasis.

Alkohol

Ungdata-undersøkinga frå 2022 viser at 10% av elevar på ungdomstrinnet drikk alkohol minst ein gong i månaden, til samanlikning med 6% på landsbasis.

Kommunen ga fleire døme på konkrete tiltak som er gjort for å følgje opp dei identifiserte utfordringane:

Helsestasjon og helsesjukepleiar

Helsestasjon har hatt ei vakant stilling det siste året. Dette har gjort at kommunen har hatt mindre ressursar til å vere ute på skulane. Som følgje av strenge prioriteringar av ressursane har helsesjukepleiar og helsestasjon vore mindre tilgjengeleg. Kommunen arbeider med å få tilsett nokon i stillinga.

Familie- og læringssenter

Kommunen arbeider med ei reetablering av familie- og læringssenteret, og har eit prosjekt «Re- etablering av familie- og læringssenter» der mellom anna folkehelsekoordinator og kommuneoverlege deltek. Ved re-etablering blir det arbeidd med det tverrfaglege arbeidet med barn og unge på eit systemnivå, og det vil vidare vere ein viktig del av kommunen sitt folkehelsearbeid. Barn og unge si psykiske helse og etablering av ei psykisk helseteneste for barn og unge vil vere eit fokusområde. Det gjeld til dømes:

  • Å sikre oversikt over dei tiltak som skal gjennomførast etter planverket knytt til barn og unge
  • Arbeid med å skape ein felles forståing av utfordringsbilete og korleis ein skal arbeide med dei identifiserte utfordringane i heile kommuneorganisasjonen
  • Arbeid med eit system som sikrar felles implementering av tiltak

Tidleg innsats

Kommunen arbeider med å registrere kvardagsobservasjonar og sette det i eit system for å fange opp mobbing tidleg. Det er inngått eit samarbeid med Høgskulen i Volda for å finne ein god systematikk for dette.

Møteplass for barn og unge

Kommunen har planar om å flytte ungdomsklubben til nye lokale i Fiskå sentrum. Ein meir uformell møteplass utanom fritidsaktivitetar er eit viktig førebyggande tiltak for barn og unge. Ungdomsrådet understreka at dei ønskjer ein felles og fast møteplass for barn og unge, og at Fiskå er ein naturleg plassering for ein ungdomsklubb. Dei held og fram at det er viktig å ha ein arena å møtast på.

Frivilligsentralen

Frivilligsentralen i kommunen har nyleg starta opp. Det er allereie etablert eit godt samarbeid mellom Frivilligsentralen og ungdomslosen barne- og ungdomsarbeidaren. Kommunen ser det som naudsynt og svært viktig med eit godt og tett samarbeid mellom kommunen og frivilligheita. Til dømes for å sikre eit variert aktivitetstilbod og andre meir uformelle møteplassar for barn og unge.

Helseplattforma

Kommunen har relativt nyleg innført Helseplattforma. Bruk av Helseplattforma gir god kommunikasjon mellom tenestene. Dette senkar terskel for samhandling og samarbeid og er såleis eit viktig bidrag inn i folkehelsearbeidet.

Kompetanseheving av foreldregruppa

Eit tiltak i folkehelsearbeidet er å arbeide meir med kompetanseheving av foreldregruppa. Tiltaket er ei direkte oppfølging av resultat frå Ungdata-undersøkinga. Kommunen ser eit behov for å bevisstgjere sunne haldningar knytt til t.d. alkohol og barn og unge.

Samarbeidsavtalar

Kommunen har inngått ein «samarbeidsavtale for God helse» i perioden 2024-2027 med Møre og Romsdal fylkeskommune, og deltok også i fylkeskommunen si satsing «Folkehelseprogrammet – Ei satsing for å fremme barn og unge si psykiske helse og livskvalitet» for perioden 2020-2022».

Styring og leiing

Omstillingsarbeid

Kommunen har gjennom prosjektet «Vanylven 2027» sett i gong eit omstillingsarbeid for heile kommuneorganisasjonen. I prosjektplanen er prosjektet omtalt som følgande:

Prosjektet «Vanylven 2027» tek sikte på å handtere utfordringar knytt til kommunal tenesteproduksjon – dette i høve til den aukande del eldre over 80 år og ein reduksjon av born og tal på innbyggjarar i arbeidsfør alder frå 18 – 67 år. Samtidig så har kommunen store utfordringar med utanforskap blant unge, og svak næringsutvikling. Med reduserte ressursar og få offentlege arbeidsplassar, så vil vi få press på dei kommunale tenestene. Alle disse endringane må vi ta med oss i arbeidet og sikre oppdaterte planar og reguleringar for å møte framtidas utfordringar.»

Ei viktig problemstilling i prosjektet blir kva som skal prioriterast av førebyggande arbeid i tida som kjem. Det er krevjande å rigge eit system som gjer kommunen rusta til å gjere gode prioriteringar, og legge til rette for at kommunen kan nå dei målsettingane ein har sett seg. Det blir avgjerande i tida framover at kommunen har oppdaterte planar, både på overordna nivå og tiltaksnivå.

Prosjektplanen blei vedteke av kommunestyret i juni 2024. Det blei gjennomført ein kick-off for prosjektet i februar 2024. Omstillingsarbeidet skal starte opp no, og kommunen viser til at dei kjem til å ta med seg perspektivet barn og unge i større grad enn det opphavleg var lagt opp til.

Folkehelse som gjennomgåande perspektiv

Kommunen er klar på at folkehelsearbeid skal vere eit tverrfagleg ansvarsområde for heile kommuneorganisasjonen. Kommunedirektøren si leiargruppe er viktig for å sikre tverrfagleg forankring og implementering av folkehelsearbeidet. I leiargruppa sitt kommunedirektør, kommunalsjefar, økonomisjef og kommuneoverlege. Leiargruppa møtast om lag fire gongar kvart halvår. Det er utarbeidd eit årshjul for leiargruppa. Kommunen ser at folkehelseperspektivet kan styrkast ytterlegare, det vil vere naturleg i oppfølginga av prosjektet «Vanylven 2027». Kommunen er vidare klar på at sjølv om det er forventa auka utgifter innan helse- og omsorgssektoren, kan dette ikkje åleine løysast gjennom flytting av midlar frå oppvekstsektoren.

5.  Tilbakemelding og kommentar frå statsforvaltaren

Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelselova skal danne eit grunnlag for betre samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.

Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette.

Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument og intervju.

I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt om kommunen:

  • Har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
  • Følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
  • Set i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge

Kommunen har eit oppdatert oversiktsdokument (folkehelseoversikta) som inkluderer faktorar som påverkar den psykiske helsa hos barn og unge. Folkehelseoversikta er nytta inn i kommunen sitt planarbeid, seinast i arbeid med planstrategi for perioden 2023-2027 og ved revisjon av kommuneplanens samfunnsdel.

Tilsynet viser at kommunen har eit oppdatert og dekkande planverk, og at dei i stor grad følgjer plansystemets fireårshjul med vedtak av planstrategi og revisjon av samfunnsdelen.

Kommunen har på bakgrunn av identifiserte utfordringsområde gjort vurderingar og prioriteringar og utarbeidd mål og strategiar for folkehelsearbeidet. Det kjem til dømes til uttrykk i gjeldande samfunnsdel.

Kommunen har sjølv identifisert eit behov for å arbeide meir på systemnivå når det gjeld det førebyggande og langsiktige folkehelsearbeidet knytt til barn og unge. Dette følgjast mellom anna opp gjennom prosjektet re-etableringa av familie- og læringssenteret.

Kommunen har utarbeidd og sett i verk tiltak som skal bidra til å nå mål og strategiar for folkehelsearbeidet, men ser sjølv eit forbetringspotensiale knytt til evaluering og læring av gjennomførte tiltak og tidlegare planarbeid/planar.

I tillegg har vi merka oss at Vanylven kommune ikkje har vedteke ein plan for kommunens arbeid med å førebygge at barn og unge blir utsett for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsproblemer, jf. barnevernslova § 15-1 annet ledd.

Det vil bli sendt kopi av rapporten til Statens helsetilsyn.

Med helsing

Grete Teigland (e.f.)
underdirektør

Aase Årsbog Dyrset
seniorrådgivar

1 Henta frå kommunen sin plan prosjektplan «Vanylven 2027»

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge

Søk etter tilsynsrapporter

Søk