Rapport frå tilsyn med Vestnes kommunen sitt langsiktige og systematiske arbeid etter folkehelseloven for å fremje god psykisk helse hos barn og unge 2024
Tilsynet blei gjennomført i tidsrommet frå 26.04.2024 til 29.08.2024, og er ledd i eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren undersøkte i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i samsvar med folkehelselova §§ 5-7 og § 30.
Vi viser til føremålet i folkehelseloven § 1, som seier føljande:
«Formålet med denne loven er å bidra til en samfunnsutvikling som fremmer folkehelse, herunder utjevner sosiale helseforskjeller. Folkehelsearbeidet skal fremme befolkningens helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å forebygge psykisk og somatisk sykdom, skade eller lidelse.
Loven skal sikre at kommuner, fylkeskommuner og statlige helsemyndigheter setter i verk tiltak og samordner sin virksomhet i folkehelsearbeidet på en forsvarlig måte. Loven skal legge til rette for et langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.»
Tilsynet starta med ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet. Kommunen dykkar blei valt ut for intervju for utfyllande informasjon.
Vestnes kommune har ikkje kome med kommentarar til faktagrunnlaget i utkast til rapport som er sendt kommunen for gjennomgang. Vi legg difor til grunn at kommunen ikkje har kommentarar.
1. Tema for og formål med tilsynet
Tema for tilsynet er kommunen sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid for å fremje god psykisk helse hos barn og unge. Tilsynet er avgrensa til §§ 5, 6, 7 og 30 i folkehelselova. Målgruppa for tilsynstemaet er avgrensa til barn og unge 0–18 år.
Gjennom tilsynet vil vi få eit landsomfattande tilstandsbilde av om kommunane har:
- oversikt over helsetilstanden hos barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar deira psykiske helse
- om dette blir spegla i planarbeidet i kommunen
- om det blir følgt opp med relevante
Det er mange undersøkingar som viser ein auka førekomst av psykisk uhelse hos barn og unge. Tidleg innsats er viktig i eit folkehelseperspektiv, og for å bidra til eit berekraftig samfunn på sikt. Temaet støtter også opp om satsinga frå regjeringa på å fremje psykisk helse og livskvalitet jf.
Folkehelsemeldinga (Meld. St. 15 (2022–2023)).
2. Gjennomføring
Første del av tilsynet var i form av eit spørjeskjema til alle kommunane i landet. På bakgrunn av dette, og lokalkunnskap, har Statsforvaltaren valt ut nokre kommunar for djupneintervju. Føremålet er å få ei betre innsikt i og forståing av om, og korleis, kommunen følgjer opp det langsiktige og systematiske arbeidet for å fremje psykisk helse hos barn og unge, og om det er forankra i leiinga.
Rapporten byggjer på informasjonen som er komen fram gjennom spørjeundersøking, aktuelle dokument og samtalar med leiarar og medarbeidarar i ulike sektorar. Vi har også hatt møte med eit utval barn og unge og nokre andre samarbeidspartnarar. Av omsyn til barnas anonymitet gir vi ikkje att ytringane deira eksplisitt. Referat frå samtalane blir sende anonymt til Helsetilsynet saman med kopi av rapporten for oppsummering på landsbasis.
3. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet
Heimelen statsforvaltaren har til å føre tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen følgjer av folkehelselova § 31. Det følgjer av lova at Statsforvaltaren skal føre tilsyn med lovlegheita av kommunen og fylkeskommunen si oppfylling av plikter pålagde i eller i samsvar med folkehelselova §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 og kommunelova § 25-1. Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.
Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet i kommunen for å fremje god psykisk helse for barn og unge. Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i dette tilsynet. Vi vil likevel gi ei vurdering av i kva grad kommunen arbeider i tråd med forventningane til det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i folkehelselova §§ 5-7 og § 30.
Folkehelselova § 5 første og andre ledd seier følgjande:
«Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på:
- opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter § 20 og 25,
- kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og
- kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse.
Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller.»
Folkehelselova § 6 seier følgjande:
«Oversikten etter § 5 annet ledd skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. En drøfting av kommunens folkehelseutfordringer bør inngå i strategien, jf. plan- og bygningsloven § 10-1.
Kommunen skal i sitt arbeid med kommuneplaner etter plan- og bygningsloven kapittel 11 fastsette overordnede mål og strategier for folkehelsearbeidet som er egnet til å møte de utfordringer kommunen står overfor med utgangspunkt i oversikten etter § 5 annet ledd.»
Folkehelselova § 7 første ledd seier følgjande:
«Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte kommunens folkehelseutfordringer, jf. § 5. Dette kan blant annet omfatte tiltak knyttet til oppvekst- og levekårsforhold som bolig, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljøer, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annen rusmiddelbruk.
Kommunen skal gi informasjon, råd og veiledning om hva den enkelte selv og befolkningen kan gjøre for å fremme helse og forebygge sykdom.»
Folkehelselova § 30 seier følgjande:
«Kommunen og fylkeskommunen skal ha internkontroll etter reglene i kommuneloven § 25-1 med krav fastsatt i eller i medhold av denne loven.»
4. Omtale av arbeidet kommunen gjer med det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet med å fremje god psykisk helse hos barn og unge
Kort om Vestnes kommune
Vestnes kommune ligg på sørsida av Romsdalsfjorden og har ei sentral plassering mellom byane Ålesund og Molde. Dette gir kommunen ein moderat sentralitet, der kommunen både nyt nærleiken til større byar og fordelen av å vera eit knutepunkt for lokal transport og handel. Kommunesenteret heiter Helland. Busetjinga er fordelt langs fjordane og i andre bygder i kommunen.
Per 1. kvartal 2024 har Vestnes kommune 7.128 innbyggarar. Dette gjer Vestnes til ein relativt liten kommune, men med ei befolkning som har vore i jamn vekst eller stabilitet dei siste åra, mykje grunna at kommunen har teke imot mange flyktningar frå Ukraina.
Populasjonen i aldersgruppa 0–18 år, på 1.564 personar, utgjer ein stor del av befolkninga.
Vestnes kommune har ein sterk tradisjon innan landbruk og fiske. Industri og produksjon er også sektorar som har stor betydning for kommunen, og har fleire store mekaniske bedrifter. I tillegg sysselsett varehandel, hotell, restaurant, undervisning og helse- og sosiale tenester mange.
Vestnes kommune er organisert i fleire sektorar og einingar som varetek ulike funksjonar og tenester for innbyggjarane. Den administrative leiinga til kommunen inkluderer kommunedirektør og kommunalsjefar i helse og omsorg, økonomi og verksemdstyring, samfunn og samskaping, personal og organisasjonsutvikling og kultur og oppvekst. Helse og omsorg inkluderer helsestasjon, heimetenester, sjukeheim og tilbod for psykisk helse.
Kommunen har ein stor barnehage i sentrum og fleire små i bygdene rundt, to ungdomsskular og fem barneskular. Vestnes har eit allsidig kulturliv med fleire idrettslag, kulturhus og bibliotek.
Kommunen støttar ulike kultur- og fritidsaktivitetar for alle aldersgrupper, med særleg fokus på barn og unge. Dei har frivilligsentral og ein utstyrssentral der ein kan låna utstyr gratis.
Samfunn og samskaping er ansvarleg for infrastruktur som veg, vass- og avløp, og dessutan bygnings- og reguleringsplanar.
Statsforvaltaren har gått gjennom dei dokument som kommunen har sendt over. Det har også vore gjennomført samtalar med representantar frå målgruppa for tilsynet. Dette blei gjennomført ved at representantar frå Ungdomsrådet møtte tilsynsteamet i formannskapssalen i Vestnes kommunehus. I Ungdomsrådet sitt det elevar frå ungdomsskule og vidaregåande skule. Dei representerte dei største bygdene i kommunen og var spreidd i alder og kjønn.
Det blei gjennomført intervju med seks tilsette i kommunen. Intervjuet blei gjennomført i ei gruppe i formannskapssalen på kommunehuset. Frå kommunen møtte kommunedirektøren saman med to kommunalsjefar, ein for oppvekst og kultur og ein for samfunn og samskaping og to einingsleiarar, for kulturseksjonen og for familie og helse. I tillegg deltok kommuneoverlegen.
Om kommunen sitt folkehelsearbeid og arbeid med folkehelseoversikta
Kommunen viser til at sjølv om dei ikkje oppfyller folkehelselova § 5 sine formelle krav til oversiktsdokument, så er det gjort mykje arbeid med å dokumentere status, utfordringar, utviklingstrekk med meir på folkehelseområdet. Her blir det vist mellom anna til diskusjonsgrunnlaget som er utarbeidd i samband med pågåande revisjon av kommuneplanens samfunnsdel.
Kommunen er tydeleg på at alt kommunalt arbeid har ei side inn mot folkehelseområdet, og at det er viktig at folkehelsearbeidet blir sett i samanheng med anna kommunal tenesteproduksjon.
Om kommunen sitt planarbeid
Kommunen er i gong med ein større revisjon av kommuneplanens samfunnsdel. Formannskapet har vore styringsgruppe for planarbeidet, og det sikrar politisk forankring av planen. Det er utarbeidd eit diskusjonsgrunnlag (kunnskapsgrunnlag) for planarbeidet. Alle einingane har bidratt inn i dette med kunnskap frå sine område.
Det er lagt til rette for brei og omfattande medverknad i planprosessen. Barn og unge har medverka gjennom Ungdomsrådet og alle elevråda. Det er og gjennomført innbyggarundersøkingar, møter med ulike lag, foreiningar, grupper mm. og det er gjennomført fleire politiske verkstader med kommunestyret.
Den nye samfunnsdel skal ha målsettingar knytt til kommunen sitt folkehelsearbeid, og dette vil gje folkehelsearbeidet ein tydlegare plass i planverket enn det har i gjeldande samfunnsdel.
Kommunen skal i samband med samfunnsdelen også utarbeide arealstrategiar som skal tene som ei bru mellom samfunnsdelen og arealdelen. Her er ein merksam på den viktige koplinga mellom folkehelsearbeidet og arealplanlegging, til dømes for å legge til rette for gode møteplassar og fysisk aktivitet.
Kommunen skal også arbeide med kommunal planstrategi. I dette arbeidet skal ein sjå på kva planer ein treng for å følgje opp strategiane i samfunnsdelen.
I tillegg til revisjon av samfunnsdelen har kommunen også arbeidd med plan for førebyggande arbeid mot omsorgssvikt og åtferdsproblem hos barn og unge. Planarbeid knytt til dette har bidratt til å skape ein felles møtearena mellom helse, skule og PPT, noko som er viktig for å «bygge laget» rundt barnet.
Det er og oppretta eit ad-hoc-utval som skal arbeide med Innsatstrappa på tvers av sektorane. Dette skjer parallelt med arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel. Kommunen ønskjer å flytte ressursinnsatsen retta mot barn og unge til meir førebyggande arbeid, slik at ein kan nå fleire med same kronebeløp.
Oppfølging gjennom tiltak
Kommunen viste fleire døme på konkrete tiltak i folkehelsearbeidet:
Utfordring med skulevegring
Kommunen har ein del saker om skulevegring, og viser til viktigheita av å få til eit betre samarbeid mellom helse, skule og PPT. Det må i slike saker arbeidast førebyggande, og det er viktig å fange det opp før det blir ei sak om skulevegring. Det skjer fort ei skyving av saka, då det er vanskeleg å gjere noko før PPT har vore inne. Dette gjer at det ofte går lang tid før ein får starte arbeidet med saka, og barnet fell ut av skolen. Kommunen arbeider aktivt med å få til betre samhandling og samarbeid rundt barnet.
Faglege resultat på barneskulen
Dårlegare resultat på 5. trinn i barneskulen, er ein av grunnane til at kommunen deltek i oppfølgingsordning og Kompetanseløftet i regi av Statsforvaltaren. Det blir arbeidd mykje med dette på kvar einskilde skule. Det er i tillegg eit samarbeid med Høgskulen i Volda og NTNU. Det er planar om å lage ein språkplan, det skal gjennomførst leiarkurs for dei tilsette i skulen, og kommunen arbeider med å legge til rette for felles møtearenaer.
Fråfall i vidaregåande skule
Dei aller fleste ungdommane i kommunen startar på vidaregåande skule, men talet på elevar som ikkje fullførar ligg over landsgjennomsnittet. Kommunen vurderer fråfallet i vidaregåande skule som urovekkande. Utfordringa må sjåast i samanheng med førebyggande tiltak som gjerast innanfor folkehelseområdet knytt til barn og unge.
Skjermbruk, overvekt og fedme
Kommunen peikar på at dette er ei utfordring som kommunen ikkje kan løyse på kommunalt nivå åleine. Det krev også ei nasjonal tilnærming. Overvekt og fedme må sjåast i samanheng med kosthald. Er dei faglege råda tydleg nok kommunisert frå staten? På kommunalt nivå arbeidast det t.d. med rettleiing om kosthald på helsestasjonen.
Kommunen arbeider og med å legge til rette for arenaer for barn og unge til å vere aktiv. Det er høg deltaking i kulturskulen, t.d. i dansefaga. Kommunen har eit aktivt korpsmiljø. Ungdomsklubben SMUD er godt besøkt. Det arrangerast sommarskule med aktivitetar i sommarferien for ulike aldersgrupper. Biblioteket er ein aktiv aktør inn mot barn og unge. Det finnes tilbod også ute i dei ulike bygdene. Kommunen ser likevel at det er dei same barn og unge som deltek på aktivitetar, og at det tilsvarande er dei same som fell utanfor.
Integreringsarbeid
Kommunen har teke imot mange flyktningar frå Ukraina, og har i tillegg ein stor del med arbeidsinnvandring. Kommunen hadde tidlegare innføringsklassar samla på ein skule, men har gått bort frå dette. Elevane blir plassert på den skulen dei soknar til. Det er tilsett flyktningar på skulane som bidreg til språkopplæring, og som assistentar. Det gjerast fleire tiltak på kultursida for å integrere flyktningar. Til dømes involvering av både foreldre og barn på fritidsaktivitetar, dekt deltaking på fritidsaktivitetar mm. Det er sett saman eit tverrfagleg helseteam for oppfølging av barn, unge og vaksne flyktningar. Kommuneorganisasjon er bygd ut, og det gir meir robuste tenester som kjem alle innbyggarane til gode.
Styring og leiing
Kommunen gjorde greie for korleis folkehelsearbeid blir evaluert og følgt opp:
- Gjennomgang av kommunen sitt Løypande internkontroll gjennom heile året, med fire ulike fasar: fase 1 – risiko, fase 2 – oppfølging, fase 3 – kontroll og fase 4 – rapport. Frå og med 2024 blir folkehelse eit eige tema som følgjast opp i den årlege internkontrollen
- Leiinga følgjer opp folkehelsearbeidet både gjennom årleg revisjon av kommuneplanens handlingsdel (økonomiplanen) og internkontroll
- I kommunen sin mal for saksframlegg er konsekvensar for folkehelseområdet eit fast sjekkpunkt
- Kommunen vurderer at dei har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til Det er ikkje berre ein person som arbeider med plan, planarbeidet er spreidd på fleire personar.
5. Tilbakemelding og kommentar frå statsforvaltaren
Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, medrekna å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelselova skal danne eit grunnlag for betre samordning av folkehelsearbeid på tvers av sektorar og mellom kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.
Det skal ikkje konkluderast med lovbrot eller ikkje i tilsynet. Med utgangspunkt i krava i folkehelselova, har Statsforvaltaren undersøkt det langsiktige og strategiske arbeidet kommunen gjer for å fremje god psykisk helse for barn og unge, og vil gi ei tilbakemelding på dette.
Tilbakemeldinga byggjer på informasjon frå spørjeundersøkinga, kommunale dokument og intervju.
I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt om kommunen:
- Har oversikt over positive og negative faktorar som kan påverke den psykiske helsa hos barn og unge
- Følgjer opp oversikta i planarbeidet med mål, strategiar og utbetrande tiltak
- Set i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane for den psykiske helsa hos barn og unge
Kommunen har arbeidd godt med å legge til rette for møteplassar for barn og unge. Ungdomsklubben SMUD og biblioteket er mykje nytta. Uformelle møteplassar utanom fritidsaktivitetar er eit viktig bidrag til det førebyggande folkehelsearbeidet for barn og unge. Vi ser også at kommunen vektlegg god integrering av flyktningar som ein del av folkehelsearbeidet.
Tilsynet viser at kommunen er merksam på at folkehelsearbeid krev systematisk og planmessig tilnærming. Kommunen har sett i gong ein større revisjon av samfunnsdelen og det er arbeidd godt både med kunnskapsgrunnlag og tverrsektoriell forankring, og medverknad i planprosessen.
Kommunen involverer barn og unge før slutningar blir teke, til dømes med jamn dialog med Ungdomsrådet.
Vi vurderer at revisjon av samfunnsdelen vil vere eit positivt bidrag inn i kommunen sitt folkehelsearbeid. Pågåande planarbeid knytt til ny samfunnsdel gir oversikt og kunnskap om kommunen sitt folkehelsearbeid. Gjennom ny samfunnsdel vil kommunen gjere vurderingar og prioriteringar, og på bakgrunn av dette utarbeide mål og strategiar for folkehelsearbeidet som skal følgjast opp på tiltaksnivå.
Med helsing
Grete Teigland (e.f.)
underdirektør
Aase Årsbog Dyrset
Seniorrådgivar
Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet
2024 Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremme god psykisk helse hos barn og unge
Søk etter tilsynsrapporter